Kommentar

Tomt for skjermkort i Noreg

Lyst på nytt skjermkort? Det bør du vente med

Det er krisetider i elektronikkbransjen.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Lanseringa av Ampere- og RDNA 2-skjermkorta har vore ein einaste stor fadese. Nvidia fekk mykje pepar for låg tilgjengelegheit då Turing-arkitekturen kom for nokre år sidan, men med den nye arkitekturen har det berre blitt endå verre. Ekstrem etterspurnad gjer at lagerbehaldningane er ikkje-eksisterande i butikkar verda rundt.

Verken Nvidia eller AMD får tak i nok komponentar for skjermminnet sitt, samstundes som ein veldig oppgang i prisane på kryptovaluta har skapt eit nytt gullrush for mining. Marknaden blir difor støvsuga for skjermkort.

Dei få eksemplara som nettbutikkane får inn ved nye lanseringar forduftar på nokre augeblinkar, nett som med PlayStation 5 og Xbox Series X.

Priseksplosjon

Ein uheldig konsekvens av eit slik press på marknaden er at prisane på skjermkort har skote i vêret. Dei få som har vore heldige nok til å plukke med seg eit kort i det siste, har måtte betale langt meir enn dei som kjøpte kort i haust.

Statistikk frå Prisjakt viser at kostnaden for skjermkort gjekk opp med nesten ti prosent berre i januar og februar i år, og at prisane på skjermkort aldri har vore høgare. Påslaget i elektronikkprisar som kom på våren 2020 på grunn av låg kronekurs verkar liten i forhold. Det ser heller ikkje ut som at ein styrka kronekurs har hatt nokon effekt enno, og sjølv om analytikarane ventar at krona vil bli endå sterkare, kan me neppe vente lågare prisar på skjermkort med det første.

Den internasjonale økonomien er styrt av tilbod og etterspurnad, og no er det mange som er villige til å betale langt meir for gamingskjermkort enn før. Det veit både produsentane og butikkane å sko seg på.

I USA er mangelen på elektronikk moglegvis endå verre, der Newegg nyleg bestemte seg for å bruke ei lotteriløysing for kven som fekk kjøpe RTX 3060 då det lanserte i slutten av februar. Om du eventuelt var ein av dei som fann vinnarloddet, fekk du æra av å kjøpe skjermkortet til ein langt høgare pris enn det Nvidia lova. EVGA sitt XC-kort var det einaste som var i nærleiken av den annonserte prisen på den amerikanske marknaden.

Dobling

Førre veke publiserte me ein test av RTX 3060, som i utgangspunktet skulle koste 3600 kroner frå Nvidia. Versjonen me testa kostar nesten dobbelt så mykje. Selskapa som produserer partnarkort for Nvidia sit visstnok igjen med veldig lite pengar, som gjer at prisane på kjølarar frå tredjepartsprodusentar går opp endå meir.

Ifølgje rykte skal nokre av partnarprodusentane ha vore lite villige til å selje RTX 3060 Ti nettopp fordi dei sit igjen med så lite pengar. Det er nok ein ingrediens i den fæle suppa.

PRISSTATISTIKK: MSI RTX 3060 Ti Gaming X Trio har gått opp 1600 kroner i pris sidan lansering. Det er nesten 30 prosent berre sidan slutten av januar.
Skjermdump

Me har testa alle Gaming X Trio-korta til MSI frå Ampere-arkitekturen, og vil snart publisere ein test av RTX 3060 Ti-versjonen deira. I skrivande stund kostar testeksemplaret vårt 7200 kroner, som er nett det same som RTX 3070-versjonen kosta då det kom på marknaden i oktober. Det er sprøtt. Produkta til Nvidia passar rett og slett ikkje inn i budsjettklassane dei er meint å vere i lenger.

RTX 3070 Gaming X Trio kostar no nesten 9000 kroner, medan ASUS sitt RTX 3080-kort, som me testa ved lansering, har gått frå 8250 til 11500 kroner.

Les også
Test: Mountain Everest Max

RTX 3070 skal i utgangspunktet vere eit mellomklassekort, og verka som eit ganske bra kjøp då det kom i haust. Det gjorde òg entusiastkortet RTX 3080. Begge bydde på overraskande høg biletefrekvens per krone for sitt prissegment, i alle fall samanlikna med Turing-arkitekturen. I haust verka det difor som det var litt lys i tunnelen. Skjermkortprisane har gått opp for kvar generasjon sidan Pascal-arkitekturen, men den vesle optimismen eg hadde er no forvitra.

Lyset i enden av tunnelen er sløkt.

Betring i sikte?

Det er mange faktorar som speler inn på tilgjenglegheita av produkt i elektronikkbransjen. Store delar av internasjonal produksjon inngår i dag i såkalla globale verdikjeder, der ein deler opp produksjonen av komplekse produkt i ein drøss med ulike underleverandørar, gjerne spreidd over fleire land. Det kan spare mykje pengar, men fører òg til fleire flaskehalsar i produksjonen.

Den største flaskehalsen er no sannsynlegvis den globale mangelen på silisium, som er ein viktig ingrediens i det meste av elektronikk. Dette fører til store forseinkingar hjå fleire av leverandørane til Nvidia og AMD.

Mangel på silisium gjer det spesielt vanskeleg å lage nok skjermminne, og fordi det ikkje berre er skjermkort som treng silisium, hamnar Nvidia og minneprodusenten Samsung nede på lista. Bilindustrien er blant dei som blir prioritert først, som fører til endå større forseinkingar.

Koronapandemien, auka produksjonsbehov og handelskrig mellom Kina og USA er igjen dei fremste faktorane i mangelen på silisium. Vaksinetempo og r-talet for smittespreiing av korona vil ha mykje å seie for kor fort ein kan stable produksjonen på beina igjen.

Nvidia har slite med sin produksjon allereie før koronapandemien, og ein auka etterspurnad gjer det heile til eit salig rot.

Det ser heller ikkje ut som det er noko stor betring i sikte med det første. Eg tviler på at tilgjengelegheita i marknaden for skjermkort kjem til å vere tilbake til meir normale tilstandar før i slutten av 2021. Nvidia har sagt at dei jobbar med å auke kapasiteten sin, og trur dei vil kunne levere litt meir i april og mai. Det står att å sjå. Dei seier heller ikkje ein tøddel om prisen, så dersom du ikkje absolutt må oppgradere ville eg ha venta med å kjøpe noko.

Krise

Det er krisetider i elektronikkbransjen. Slik er det for så vidt i mange bransjar, men dette er ein djup dal som bransjen vil slite med å kravle seg ut av over fleire år. Det er godt mogleg du klarar å få tak i eit skjermkort i løpet av 2021, men Nvidia vil nok slite med eit gigantisk etterslep i produksjonen.

Produksjonsflaskehalsen hindrar likevel ikkje Nvidia i å tene rått med pengar for tida, så dei vil nok strekkje seg for å produsere meir så fort som mogleg. Dei nye skjermkorta på marknaden viser nettopp det, saman med at dei set inn sperringar for mininghastigheit på gamingkorta. Ikkje at dei gjer det for å vere greie med oss. Det er nok først og fremst for å tene meir pengar på å selje dei nye dedikerte mining-korta dei skal lage.

Med ørsmå profittmarginar mellom Nvidia og partnarkort, og moglegvis det same for nettbutikkane, kan det fort skje at prisane går endå meir opp. President Joe Biden signerte nyleg ein presidentordre for å få fart i produksjonen av produkt som går til USA, men det verkar ikkje som Biden kjem til å gjere noko med handelskrigen med Kina, og vaksineringa tar lenger tid enn mange hadde håpa på.

Det blir uansett veldig spanande å sjå kor lenge denne situasjonen varer.

Etterspurnaden vil berre bli større om produksjonen ikkje går opp snart, og det vil auke etterslepet endå meir. Det kan bli ein vond sirkel som det er vanskeleg å bryte.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Siste fra forsiden