Xbox Series X.
Kommentar
Xbox Series X. (Foto: Microsoft)

Xbox vs. PlayStation

Sony vann, Microsoft tapte. Men no kan Xbox gjere comeback

Ein ny strategi frå Microsoft gjer at vinden fort kan snu i den neste generasjonen av konsollkrigen.

Støvet frå denne generasjonens slag i den evige konsollkrigen har lagt seg. Reddit-postane er færre, YouTube-kommentarane er ikkje like kvasse.

Sony er den klare vinnaren.

Det er snart sju år sidan PlayStation 4 og Xbox One såg dagens lys for første gong, og ein ny generasjon er på horisonten.

Sony har solgt 110 millionar PlayStation 4. Foto: Audun Rodem, Gamer.no

Xbox One tapte slaget frå start. Konsollen hadde svakare maskinvare, kosta meir og kom eitt år seinare enn PlayStation 4 her i Norden. Ved lansering av ein ny generasjon pleier det å vere ein periode der ein får langt meir for pengane med ein konsoll enn med ein PC, og den varte ikkje spesielt lenge opp mot Xbox One. No køyrer dei fleste spel i lågare oppløysing og biletefrekvens på Xbox One enn på PlayStation 4, og Microsoft har hatt sin dose med fiaskoar oppgjennom åra.

Treng ein seie meir enn Kinect?

Først då Xbox One X kom ut, snudde situasjonen seg, men då var det for seint. Sony har grusa Microsoft på salstal. No runda nettopp PlayStation 4 110 millionar selde eksemplar, og ligg an til å ta igjen Gameboy for å bli den tredje mest selde konsollen nokosinne.

LES OGSÅ: Sjå nye Unreal Engine i aksjon på PlayStation 5 »

Vegen tilbake

Dei siste åra har Microsoft gjort ein snuoperasjon av dimensjonar, som er del av grunnen til at eg trur dei kjem til å gjere eit godt, gammaldags comeback til jul. For nokre år sidan fekk Phil Spencer og gjengen opp augo for PC-speling, og lét alle som kjøper Xbox-spel køyre dei på PC òg.

Det var første steg i å snu ryktet til Xbox. Neste steg, det som kjem til å bli viktigast i den komande generasjonen, var å ta innover seg kor essensielt det er med eksklusive spel på Microsoft sine flater. 

Nintendo ligg bak når det kjem til maskinvare og grensesnitt, men dei har svært gode spel. Bilete er av Nintendo Switch Lite. Foto: Audun Rodem, Gamer.no

I 2018 byrja Microsoft å forstå at det er spel som sel konsollar. Sony har sine hjørnesteinsspel i seriar som The Last of Us, Gran Turismo, Uncharted og God of War, medan Microsoft strengt tatt berre har hatt ein eksklusiv serie i nokolunde same kaliber; Halo.

Nintendo er den som verkeleg har skildra korleis spel driv sal. Nintendo er litt lik den pensjonerte bestseljarforfattaren som framleis skriv på skrivemaskin og som korresponderer med forlaget sitt via brevpost. Men det betyr ikkje at han ikkje kan skrive nokon bestseljar. For det gjer han. Gong på gong.

Nintendo ligg langt bak når det kjem til maskinvare og grensesnitt, men dei har gode nok spel til at folk kan ignorere det. Det er difor neppe kontroversielt å påstå at gode spel er viktigare enn kraftig maskinvare. Nintendo har gjort sin eigen ting det siste tiåret, og det har fungert heilt fint.

LES OGSÅ: Slik ser Xbox Series X-grafikk ut, demonstrert av Senua's Saga: Hellblade II »

Ein ny retning for Xbox

Men kva skjer i den nye generasjonen? Xbox Series X (no berre Xbox) og PlayStation 5 ser ut til å få relativt like komponentar, men analytikarar trur at den nye Xbox-konsollen vil koste 100 dollar mindre. Då er plutseleg situasjonen frå den noverande generasjonen snudd på hovudet. Mykje handlar om kven som tør å ta på seg mest tap dei første åra, og tenkje langsiktig.

Det er uansett ikkje det viktigaste her.

Det er spela.

Stillbilde fra Microsofts presentasjon under E3 2018. Foto: Microsoft

Microsoft har over dei siste åra kjøpt opp ein drøss med utviklarselskap. I juni 2018 annonserte dei oppkjøp av Ninja Theory, Playground Games, Undead Labs og Compulsion Games, i saman med å opne eit eige studio; The Initiative. Seinare i 2018 kjøpte dei òg både inXile Enterainment og Obsidian Entertainment.

På E3 året etter, i fjor, fyrte dei på med kjøp av Double Fine, samt oppretting av endå eit nytt internstudio (World’s Edge). Totalt er det no femten utviklarstudio som ligg under Xbox Game Studios. Frå før sit dei på kollosar som Rare, 343 Industries og Turn 10 Studios. Det er uvisst om alle desse kjem til å levere eksklusive spel for Xbox og Windows, men sannsynlegvis vil det meste som kjem ut av store utviklarar som Obsidian Entertainment bli låst til PC og Xbox framover.

Kva spel som kjem ut av denne veldige utviklarhandlinga blir spanande å sjå. Mange blir det, i alle fall. Kvantitet er ingen garanti for kvalitet, men det er nokre dyktige folk dei har fått med på laget. 

LES OGSÅ: Microsoft la frem ein modig visjon for dataspel framover på E3 2019 »

Grøn siger i vente?

Det er naturlegvis ikkje så veldig hensiktsmessig å spå noko siger til verken den eine eller den andre enno. Me veit ikkje pris, me veit ingenting konkret om yting, og me veit lite om kva spel som kjem forbi 2021. Sannsynlegvis kjem det til å kome oppgraderte utgåver av dei nye konsollane nokre år fram i tid òg.

Men ein ting kan me seie. Situasjonen er ein heilt annan for Microsoft no enn den var i forkant av lanseringa til Xbox One. Dei har investert tungt i å skape eksklusive spel, og det vil drive sal av konsollar i lang tid framover. Eit fortrinn på både pris og maskinvare vil berre gjere denne effekten sterkare. 

Det ser ut til å bli betydeleg meir konkurranse i konsollmarknaden framover. Me forbrukarar kan berre gni oss i hendene. 

Sony PlayStation 5

Nintendo Switch 2019

Nintendo Switch Lite

Microsoft Xbox (2020)

Kommentarer (49)

Forsiden akkurat nå

Til toppen