Sniktitt

Saints Row

Kriminell ekstremsport

Saints Row lovar enormt med valfridom til å vere ein komplett kriminell idiot.

Deep Silver

I godt selskap med ei rekke andre storspel som latar som om dei er det første spelet i ein serie (sjå Doom, God of War, Tomb Raider, m.m.) er det no Saints Row sin tur til å få seg ein skikkelege god, gammaldags, unummerert reboot.

Det femte spelet i rekka tonar kanskje ned toskeskapen bittelitt, men berre litt. Dette ser ut til å i stor grad bli den same gamle, banale moroa som vi kjenner frå før. Om du får i oppdrag å sprute kloakk på folk med brannbil i eitt av det mylderet av sideoppdrag spelet byr på, veit eg ikkje enno, men vi kan jo leve i håpet.

Alt nytt

For å gjere folka i Saints Row enda teitare har dei fått ein haug med skikkeleg teite emotes.
Deep Silver

Saints Row introduserer oss for ein ny gjeng som skal bygge seg opp eit eige, vesle kriminelle paradis. Denne gong går turen til ørkenbyen Santo Ileso, der sola steiker så hardt at ein nesten kan kjenne heten svi augrbyrna gjennom skjermen.

Her møter vi ein skikkeleg usmakeleg gjeng. Ikkje fordi dei er kriminelle latsabbar, men fordi dei er akkurat det du får når eit studio som tidlegare laga politisk ukorrekt galskap, no skal laga politisk korrekt ukorrekt galskap.

Etter dei første minutta – kanskje så lite som dei første sekunda – i deira selskap kjenner eg forakt i margen. Kombinasjonen kjip dialog utført av folk du høyrer les frå ei tekstdokument fordi ikkje ein gong dei bryr seg nok til å rope i staden for å, vel, late som om dei ropar, gjer til at eg mistar all evne til å bry meg. Eg kan lukte fokustestane her. Eg kan sjå føre meg teammøta der utviklarane diskuterer korleis dei skal lage bitande og kompromisslaus satire utan å krenke nokon. Vi sparkar i alle retningar, utan å sparke nokon.

Løysinga? Å sensurere mannfolka sine brystvorter òg. Eg skulle ynskje eg tulla.

Frå latsabb til skurk

Det er ingen som har klandra innbyggjarane i Santo Ileso for å ha god smak.
Deep Silver

Tilbake til den usmaklege gjengen. I staden for å gjere som normalt oppegåande folk og skaffe seg jobb, robbar dei ein bank når dei ikkje har råd til husleige, og det var først her i presentasjonen eg fekk vere vitne til at spelet byrja å sjå ut som det kunne ha noko å by på.

Om vi i to sekund ser bort frå kor hardt og brutalt utviklarane prøvar å promotere kor ufatteleg kul denne gjengen er, ser det ut som ein kan ha det mykje moro i Saints Row. Bankranet som skal redde husleiga førte til ei av dei meir engasjerande biljaktene eg har sett i eit spel. Her bar det over veg, gjennom kanalar, og bråbrems i møte med eit tog som brukar akkurat litt for lang tid på å passere.

Ein artig detalj i biljaktene er korleis du kan dulte borti bilar, og då spesielt politibilar som prøvar å få has på deg, for å sende dei ut i grøfta eller inn i andre bilar med medfølgjande eksplosive resultat. Måten dei ulike bilane reagerer på kvarandre og skapar nye situasjonar må eg innrømme var ganske stilig å vere vitne til.

Den patenterte Saints Row-galskapen gjorde seg så absolutt til kjenne i det føraren av bilen gassa av stad opp ein bakke, utfor eit hopp, «landa» vertikalt på eit digert reklameskilt, og velta det ned på politibilane under, for så å kome seg unna. Kor reelt det er å hamne i slike situasjonar sjølv fekk eg ikkje heilt svar på.

Les også
Nye Saints Row er utsatt
Krutrøyk i solsteiken.
Deep Silver

Ta over byen

Målet i Saints Row er å bygge opp ditt eige kriminelle rike, og dette gjer du etter kvart frå ei gammal kyrkje i byen Santo Ileso. Her flyttar du og crewet ditt etter kvart inn, og du kan prate med dei om det som skjer i byen. I byrjinga er det ei rønne, men etter kvart som du opparbeider deg litt kapital, blir det ein kåk ein kriminell organisasjon kan vere stolt av.

Hakket viktigare er derimot krigsbordet. Her får du oversikt over byen og kva den har å tilby. Som ein skikkeleg kriminell får du her moglegheiter for å tene pengar på alt anna enn legitimt vis. Du kan bryne deg på litt forsikringssvindel, bli doplangar gjennom ein food truck, eller drive ulovleg våpenhandel frå ei sjappe som til dagleg sel militærutstyr på lovleg basis.

Det er mykje å velje mellom, og etter kvart tek du over nye distrikt i din kamp for å ta over kontrollen over heile byen. Du møter ikkje berre motstand frå politiet her, men òg frå andre gjengar som er på jakt etter nøyaktig same posisjon som deg. Du vil møte tre av desse, og alle har sine eigne spesielle særtrekk.

Di eiga oppleving

Det er ikkje mange spel som i 2022 ikkje skryt av å la deg skreddarsy opplevinga. Om det så er ved å la deg skru bil, skru våpen, eller gå til frisøren eller ei eller anna sjappe for å handle nye klede.

Saints Row har alltid vore gode på akkurat dette. Eg har sjeldan hatt det så moro med ein karakterbyggar som det eg hadde med den i Saints Row 2, der eg laga det eine trollet etter det andre, men mykje kan tyde på at nye Saints Row kan toppe dette.

Bil eller motorsykkel, det er opp til deg.
Deep Silver

Her får du full fridom til å laga nøyaktig den freaken du er på jakt etter. Ingenting er låst, og du kan mikse og matche alt frå alle kjønn som du sjølv vil. Spelet byr på enormt med valmoglegheiter for å finjustere nøyaktig den kroppen du vil ha, heilt ned til proteser for den som vil ha det.

Best av alt er kanskje at du kan gå inn og endre absolutt alt dette når som helst. Til og med venegjengen og crewet de etter kvart bygger opp kan du gå inn og detaljstyre sjølv. Rundt omkring i Santo Ileso finn vi òg eit mylder av butikkar som byr på enda fleire påfjøyr å spjåke ut folka dine med.

Våpen og bilar

Dette er derimot ikkje alt du kan detaljstyre. Saints Row byr på 80 ulike bilar som alle kan modifiserast etter dine eigne ynskje, og det same med dei mange våpna. Dei kjem alle med signatureigenskapar du kan låse opp, og med dei kan du ta ein ordinær handpistol og gjere den heilautomatisk, og få den til å sjå ut som ein pastellrosa vannpistol eller ein diger vattfinger. Det er opp til deg.

Vi møter i tillegg ein haug med ulike fiendar som går litt utanfor standard fiende med skytevåpen. Vi finn gladiatorar som gjerne vil ha ein klem, store damer med flammande slegger, og om du ser det at du er komen inn i ein situasjon der du blir utsett for nettopp flammar, kan du utruste deg med eigenskapar som aukar mostanden mot det, og endre igjen etter behov. Å gi støt til fiendar som slår til deg i nærkamp er til dømes ikkje så dumt.

Det vil naturlegvis bli mykje kriging i spelet, og om du gjer det med rakettar frå eit helikopter, eller til fots er i stor grad opp til deg. Det som lovar best med Saints Row er eigentleg fridomen til å berre ha det moro. Kor mange spel kan du eigentleg skyte deg ut av bilsetet og så fly gjennom lufta, og få meir luft ved å lande på hovuda til folk?

Eller kva med å køyre shotgun? La AI-en ta seg av køyringa medan du ligg på taket og skyt i alle retningar? Det er mykje potensiale for moro her, og alt kjem an på kor flinke utviklarane er til å flette det heile saman.

Konklusjon

Litt kulesurfing har vel aldri skada nokon?
Deep Silver

Å sjå ein presentasjon framfor å delta sjølv er alltid eit risikoprosjekt, men vi har i det minste fått eit inntrykk av kva vi har i vente. Det er først og fremst to ting som lyser mot meg når eg ser tilbake på det eg har lært om Saints Row. Først og fremst er eg utruleg metta på spel som insisterer hardt på at dustar er kule. Nei takk. Berre ro ned litt. Ta ein bolle på all den «edgy» dialogen. Ingen blir imponerte.

For det andre, dette ser faktisk moro ut. Når folka held kjeft og du berre får cruise gjennom byen som ein desperado med rakettar i ryggsekken, ser dette ut til å kunne bli ein vinnar. Du får bygge opp ditt eige kriminelle imperium bit for bit, ta del i ville biljakter og jakte gjengar med helikopter. Den mildt sagt omfattande valfridomen ser òg ut til å la deg lage nøyaktig dei figurane du sjølv vil ha, dei våpna du vil ha, og ikkje minst dei køyretya du vil ha.

Det heng likevel eit snev av «sett det før» over heile prosjektet, og tida vil vise om dei nye mekanikkane og tilskota har det som skal til for å gjere Saints Row til det spelet det heilt openbert vil vere.

Saints Row slippes til Xbox Series X/S, PlayStation 5, Xbox One, PlayStation 4 og Windows 23. august.

Siste fra forsiden