Samletest

Gamingmus 2020

Kva er den beste gamingmusa du kan kjøpe?

Me tar for oss nesten 50 gamingmus i ein svær samletest.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Introduksjon og 1-10
2: 11-20
3: 21-29
4: 30-39
5: 40-48

#40 – Nylansering av 2017-modell med blanda resultat

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 100 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3389 (feilfri)

Særpreg: Omtrent like spesiell som ein gråstein – men gjer jobben

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Pulsefire FPS Pro er ein av eit utal Deathadder-kloner, denne gongen frå HyperX. Dette er ein oppgradering av ei mus frå 2017, som fekk ein betre sensor og fullverdig RGB i 2018.

Datamusa har ein sentral veikskap i det at sidene bøyer innover på toppen, som kan føre til at Pulsefire FPS Pro dett ut av handa di når du løftar den med sveitte fingrar. Dette er først og fremst eit problem for dei som speler med låg følsemd og som gjerne løftar musa høgare enn nokre centimeter av musematta.

Elles held byggekvaliteten mål, og sensoren er blant dei beste du kan få tak i. Dette er altså framleis ei god datamus, men den er ikkje for alle. I dag snakkar me meir 5 av 10, ikkje 7.

7
/10
HyperX Pulsefire FPS Pro
HyperX gjer nokre forbetringar på årets versjon, men har framleis ikkje fiksa sidene.
Fletta kabel
Grei vekt
Fint design
Solid byggekvalitet
Pris
Rullehjul med tilfredsstillande tilbakemelding
Middels programvare
Høge sideknappar
Toppen av sidene bøyer feil veg

Les hele testen »

HyperX Pulsefire FPS Pro

#41 – Nostalgi med ny sensor

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 105 gram

Tilkopling: Kabel

Knappar: Sju + klikkbart rullehjul

Sensor: Logitech Hero (feilfri)

Særpreg: Romskipsmus som speler på nostalgikjensla

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Det er neppe noko stor overrasking av MX518 endar på botnen av denne lista, i og med at den er monaleg eldre enn alle dei andre. Dette produktet eksisterer først og fremst for å erstatte dei gamle travarane som framleis sit på pulten til MX500-fans.

Sett med 2020-auge er dette ei frykteleg stygg mus, men som med Hero-sensoren leverer feilfri yting og er behageleg i bruk. Den nye versjonen har vore på slankekur, og ein meir effektiv ein enn den G703 har vore gjennom. Elles er alt som før. Den same forma, den same utsjånaden og den same komforten. Eit solid produkt, men langt frå Logitechs beste.

7
/10
Logitech G MX518
Logitech gjer bra betre, men er først og fremst for dei som vil ha ny MX518.
Feilfri sensor
Redusert vekt (men her kunne Logitech gjort meir)
Den same gode forma
Tynn og fleksibel gummikabel
Det same svake rullehjulet
Overflata blir glatt viss ein har sveitte hender, og dekkast fort med smuss

Les hele testen »

Logitech G MX518

#42 – E-sportmus til 200 kroner

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor+

Vekt: 107 gram

Knappar: Fem + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3325

Særpreg: Svinbillig

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Budsjettklassen for gamingmus er mangfaldig og rik på produkt. Me har ikkje heilt kome i gang med å dyppe tåa i denne prisklassen, med nokre få unntak. Trust GXT 180 Kusan Pro er eit av få produkt me har fått tilsendt.

Dette er ei billig mus med 3325-sensor, gummikabel, ei behageleg form og forholdsvis høg vekt. 107 gram for ei mus i denne storleiken er neppe spesielt konkurransedyktig, og vurderinga er difor reflektert i rangeringa. Til gjengjeld er dette testens desidert billigaste gamingmus, og ho er for så vidt heilt grei i bruk. For 200 kroner får ein slik sett ganske mykje for pengane.

Kvaliteten på knappane er ikkje så mykje å rope hurra over, men musa er framleis meir enn god nok til å gjere det skarpt i skytespel.

6
/10
Trust GXT 180 Kusan Pro
Solid produkt med tanke på prisen, men når ikkje heilt opp.
Topp sensor
Billig
God form
RGB som faktisk synes når musa er i bruk
Tung gummikabel
Svake sideknappar
Rasling i museklikka

Les hele testen »

Trust GXT 180 Kusan Pro

#43 – For dei som vil ha mange knappar på budsjett

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 96 gram

Knappar: Sju + rullehjul

Sensor: PMW3989

Særpreg: Skytespelmus med mange knappar og rart designval

Beste bruksområde: Det meste

Gigabyte Aorus M4 skal i utgangspunktet vere ei budsjettmus, men ligg i skrivande stund ute for 1800 kroner. Det er litt i overkant for eit produkt som lanserte til rundt 500 kroner i fjor. Sjølv til lanseringsprisen var dette ei litt for kostbar mus, då ho nyttar seg av den etter kvart veldig utdaterte PMW3989-sensoren. Sensoren er ikkje langt unna nivået på PMW3360, men kombinert med ein stiv gummikabel trekkjer det ned brukaropplevinga eit hakk.

Som ei mellomstor mus på 96 gram er denne retta mot konkurransespeling, og forma er lovande for eventuelle nyversjonar av denne. Med ei avlang passform som minner ein del om HyperX Pulsefire Surge burde det vore duka for komfort her. Potensialet er her, men grunna ei uheldig plassering av nokre sideknappar på høgre side, er det ikkje kjekt å bruke Aorus M4. Knappane har ein tendens til å gnege seg inn i fingrane med alle grepstypar anna enn klo- og hybridgrep. I utgangspunktet burde den ambidekstriøse forma passa alle grepstypar, om det ikkje var for knappane.

Det er lite rom på sidene for å la fingrane kvile, så det burde sannsynlegvis ikkje vore to sett med sideknappar på musa slik ho er designa.

Med sju knappar og eit klikkbart rullehjul har ein nok til å gjere seg ekstra effektiv i til dømes fotoredigering, men ofringa av komfort er ikkje verd det.

Museknappane byr på nokre skarpe klikk med klar tilbakemelding, medan dei små sideknappane har ein meir romsleg klang. Dei er gode å klikke på dei òg, men har litt mjukare tilbakemelding enn dei treng.

Rullehjulet er av omtrent same type som ein finn på storebror Gigabyte Aorus M5, som er nokre av dei beste me har hatt innom pulten. Gigabyte skal ha skryt for å lage noko som er både effektivt og behageleg å bruke på ein gong.

Sist sit det ein greitt plassert PPT-knapp på toppen.

Når det kjem til programvare er det same vas som me testa på Gigabyte Aorus M5. Programvara er rotete og ber preg av å vere laga for mange år sidan. RG-lysa er av det enkle slaget, med lys i logo på ryggen og i sidene av rullehjulet. Det er ein knapp i programvara som heiter «LED control», så eg antar det skal vere mogleg å endre på lyset, men den fana fungerte ikkje. Eg prøvde på to ulike datamaskinar utan hell.

Aorus M4 fungerer som ei ganske grei mus for dei med klogrep eller hybridgrep, men elles er den øydelagd av sideknappane på høgre side. Det er for så vidt fullstendig meiningslaust å kjøpe musa til den noverande prisen. Ho er knapt verd ein fjerdedel.

4.5
/10
Gigabyte Aorus M4
Budsjettmus med nokre tvilsame designval.
Ekstra sideknappar
Godt rullehjul
Enkel RGB
Billig sensor
Dyr
Tung
Sideknappane kjem i vegen for komfort med visse grepstypar
Elendig programvare

#44 – Dyr og ubehageleg

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 118 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: PMW3389 (feilfri)

Særpreg: Romskip-design og tung vekt

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Gigabyte er først og fremst kjend for komponentar og skjermar, men dei har gjort nokre forsøk på gamingtilbehøyr òg. Musa Gigabyte Aorus M5 kom ut for rundt halvanna år sidan, og er ei oppdatert utgåve av ein tidlegare, identisk M5.

Dette er utan tvil blant dei mest spesielle produkta me har med i testen denne gongen når det kjem til form og utsjånad. Det er reine mursteinen å rekne. Ho er ei stor, ergonomisk gamingmus på heile 118 gram, som er altfor tungt for noko som berre er laga for skytespel og liknande. Det følgjer med nokre vektlodd for dei som eventuelt vil ha musa endå tyngre. Ho vil i så fall vege rundt 130 gram.

Forma passar fint til mine hender på 18,5x9 centimeter, men med særs smale sider trur eg ikkje ho er heilt til store til folk med mindre eller større hender enn meg. Forma har ein del fellestrekk med Asus Gladius-serien, berre at denne varianten er ein del verre.

Grunna ein ubehageleg kant på toppen av musa, i saumen mellom ryggen og museknappane, er ho ikkje heilt det store å bruke. Musa kjenst òg tung og stor. Byggekvaliteten er nok heller ikkje så mykje å skryte av, for viss eg ristar litt på ho, kjem det ein konsert i eit utal ulike notar. Det er ikkje måte på kor mykje det skranglar.

Den stive gummikabelen gjer ikkje saka betre.

Når det kjem til knappar kan M5 til ein viss grad gjere opp for seg. Museknappane har ein skarp, taktil tilbakemelding, medan sideknappane er plassert i rett høgde. Dei har dei same, skarpe klikka, med kort vandring. Det likar me.

PPT-knappane på toppen gjer det dei skal, medan sjølve toppen av kransekaka er rullehjulet. Det er blant dei beste eg har testa i det siste. Klare, taktile trinn med ein tilfredsstillande lyd.

Sensoren er av typen PMW3389, slik at ein er sikra feilfri yting uansett kva. Her er det din eigen feil dersom du bommar på blinken.

RGB-fargane kan du òg treffe blinkskot med viss du brukar Gigabyte Aorus M5, for dei er riktig så fine. Med fem ulike førehandsinnstillingar og store, kraftige lyspanel blir det eit synleg fargespel i både handa di og på pulten. Det eg er meir skeptisk til er programvara du må bruke for å justere på fargane. Den er rett og slett komisk dårleg. Meir rotete programvare kan ein vanskeleg finne.

Alt i alt er dette eit svakt produkt, og når konkurransen er såpass tøff som den er, så ser eg ikkje heilt poenget med M5. Og kva er greia med prisen? Musa lanserte til rundt 600 kroner, og har eksplodert opp til 3600. Det er kanskje litt drygt. Sjølv til 600–700 kroner får du ikkje noko særleg valuta for pengane her. Prisen er i det minste tilbake på normalt nivå, men det får da vere måte på.

3.5
/10
Gigabyte Aorus M5
Her burde Gigabyte endra på betydeleg meir frå førre versjon.
Feilfri sensor
Flott RGB
Bra rullehjul
Gode knappar
Tvilsam byggekvalitet
Tung
Gummikabel
Dyr
Komisk dårleg programvare

#45 – Unødvendig gimmicksamling

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 138 gram

Knappar: Sju + rullehjul

Sensor: SteelSeries TrueMove 3 (feilfri)

Særpreg: OLED-skjerm utan nemneverdig nytteverdi, og taktil feedback i toppen av musa.

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Eg er vanlegvis stor fan av produkta til SteelSeries, men Rival 710 klarte eg verkeleg ikkje å like. Den er rett og slett tettpakka av gimmickar. Det er ikkje nødvendigvis noko dårleg mus, men eg ser ikkje heilt poenget i den.

OLED-skjermen på sida kan vise nokre enkle beskjedar eller ting som helsepoeng i spel. Det er kanskje kult når den står på pulten og du ikkje brukar den, men eg vil aldri sjå ned på datamusa mi mens eg speler. Difor er den fullstendig meiningslaus. Det same gjeld eigentleg den taktile feedbacken, som verkar meir irriterande enn noko anna. Men kven veit, kanskje kan dette bli erstattaren for dirrande kontrollarar no som tastatur og mus får full støtte på Xbox?

Uansett fører desse to gimmickane til at den ypparlege passforma blir dratt ned av ei høg vekt på nesten 140 gram – og det verkar unødvendig.

5
/10
SteelSeries Rival 710
Grei gimmicksamling for målgruppa, men meiningslaus så lenge Rival 310 eksisterer
Fin utsjånad
Ypparleg form
Utskiftbar kabel
God programvare
Alt for tung
OLED-skjermen er fullstendig poenglaus
Taktil feedback i ryggen er nett like så
Gimmick er dyrt
Ubrukeleg sideknapp

Les hele testen »

SteelSeries Rival 710

#46 – Qpad gjer eit svakt comeback

Gode, gamle Qpad gjorde eit comeback med nokre nye produkt i fjor. Det er vel ganske usannsynleg at dei når opp til gamle høgder igjen, men dei har levert nokre greie produkt no òg.

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 96 gram

Knappar: Sju + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3325

Særpreg: Budsjettmus med masse RGB

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

DX-80 er ei ambidekstriøs skytespelmus inspirert av SteelSeries Sensei-forma. Ho veg 96 gram, og er komfortabel i bruk for alle grepsformer. Musa kjem med ein fletta, men ganske stiv kabel. Forma er ein kopi av ei oppskrift som har fungert i alle år, som vil gjere jobben for dei fleste.

DX-80 har sju knappar og eit klikkbart rullehjul. Sideknappane har noko lang vandring og mjuk tilbakemelding, men dei har akkurat den rette plasseringa. Dei har òg ei ruglete overflate som gjer dei gode å trykke inn. Rullehjulet har ganske lause trinn, dekkja av teksturert gummi og glatt plast på midten. Langt frå noko tiar, men det er heilt greitt.

Den fremste veikskapen med DX-80 er museknappane. Dei har ein tilfredsstillande lyd og kort vandring, men museknappane gnissar inni kvarandre, og set seg fast oppå ein annan. Dette er nok det verste dømet av dette eg har vore borti. Det går greitt viss ein trykker opp mot midten, slik dei med klogrep eller korte fingrar vil gjere, men med handflategrep er denne musa tilnærma ubrukeleg. Knappane heng seg opp konstant.

Det er to knappar for å stille PPT opp og ned, og ein trinnknapp på undersida for å justere oppdateringsrate. Desse ligg langt nok vekke til at ein ikkje kjem borti dei ved uhell.

Sensoren er eit anna minus. PixArts PMW3325 er ein budsjettsensor, og sjølv om den er tilnærma feilfri, med feilfri sporing, er det ein sjanse for at musa kan spinne ut i raske rørsler – slik som kraftig flikking. Her har dei kutta litt på kostnadane, og musa er ikkje billig nok til at det er grunn til det.

RGB-lysa er det betre med. Det er få mus som har så mange lyselement som DX-80. Her nærmar me oss nivået til Pulsefire Surge. Lyselementa går langs heile musa, gjennom sideknappane, logoen, PPT-knappane og rullehjulet. RGB-lysa har ein regnboge-effekt, men det er ingen moglegheit til å endre på dei. Det einaste ein kan laste ned av programvare er eit program som ser ut som det kjem frå 2005, og lar deg oppdatere fastvara i musa. Det er litt spesielt at dei har så mykje RGB, men ikkje gir høve til å endre på lysa.

Sett vekk frå knappane er DX-80 ei grei, fargerik skytespelmus, men med utdatert sensor og museknappar som tar borti kvarandre heile tida, er det lite å hente her. Museknappane øydelegg alt med produktet.

3
/10
Qpad DX-80
Ei grei skytespelmus øydelagd av svak kvalitetskontroll.
Fin RGB
Ingen programvare
Velplasserte sideknappar
Ingen programvare
Museknappar som tar borti kvarandre
Mjuk tilbakemelding på sideknappane

#47 – Krabbeklo på gamingpulten

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Gigantisk

Vekt: 98 gram

Knappar: Fem + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3325

Særpreg: Lett, vertikal gamingmus som fungerer betre enn ein skulle tru

Beste bruksområde: Offlinespel med lågt tempo

Det er ikkje kvar dag ein kjem ut for vertikale gamingmus, og me måtte difor prøve ut Trust GXT 144 Rexx då ho dukka opp på postkontoret. Dei fleste vertikale gamingmus har hatt elendige sensorar, som har gjort det ganske meiningslaust å teste. Dette er unntaket.

Ikkje overraskande er det neppe noko førsteval for spel som treng presisjon. Flikking er tilnærma umogleg på grunn av den høge løftedistansen og kor tung musa er, samstundes som museknappane har ein keisam tendens til å setje seg fast i kvarandre. Difor er det naturleg at produktet hamnar heilt på botnen av lista vår.

Likevel fungerer det fint til mindre intens speling. Dersom ein har problem med handledd kan dette vere eit flott innskot på pulten, men då er det gjerne greitt å ha ei ekstra mus for meir seriøs speling ved sida.

6
/10
Trust GXT 144 Rexx
Trust bidrar til meir mangfald på marknaden, men det er ikkje noko mus for intens speling.
Den beste forma for ergonomisk design
Billig
God sensor
Fungerer overraskande bra i dataspel
Fletta kabel
Passar berre handflategrep
Lang tilvenningsperiode. Det vertikale designet gjer at løftedistansen ved flikking er skikkeleg vanskeleg å bli vand med
Ubrukeleg viss du brukar venstreklikk som fram-knapp. Museknappane kjem borti kvarandre, og kan låse

Les hele testen »

Trust GXT 144 Rexx

#48 – Ubehageleg og tung

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 141 gram

Knappar: Åtte + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3330 (feilfri)

Særpreg: Modulær kropp gjennom utskiftbare deksel og tommelstøtter. Oppdateringsrate på 3000 hertz.

Beste bruksområde: Det meste

Årets sisteplass går, som i sist samletest, til MSI. Sjølv om dei har levert nokre solide tastatur, er GM60 ei dårleg datamus. Eg set pris på forsøket med å gjere modulære mus meir tilgjengeleg, men her må dei tilbake til teiknebrettet.

GM60 fungerer eigentleg berre med det eine dekselet, slik at modulariteten i praksis blir av det teoretiske slaget. Vekta er heller ikkje mykje å rope hurra for, samt at passforma kunne vore langt meir behageleg. Oppdateringsraten på 3000 hertz er rein gimmick, for du finn ikkje USB-portar som klarar å halde følgje med det.

På 2020-marknaden er me nok nede på 2 av 10 her.

4
/10
MSI Clutch GM60
MSI GM60 er ei middelmåtig datamus med ein del barnesjukdomar.
Valfridom med tommelstøtter og toppdeksel
Stilig lyspanel
Komfortable tommelstøtter (dei store)
3000 hz rapporteringsfrekvens i teorien - rundt 2500 i praksis
Skiftbar, fletta kabel
Valfridomen er mest symbolsk då berre eitt av alternativa faktisk fungerer
141 gram (!) med tommelstøttene
Museføtene og tommelstøttene skrapar nedi underlaget
Klumpete design
Trøbbel med sensor
Stiv pris

Les hele testen »

MSI Clutch GM60

Det er no to år sidan me trappa opp satsinga vår på gamingtilbehøyr, noko me ønskjer å bli endå betre på framover. Samletestar på gamingtilbehøyr blir eit meir vanleg skode på Gamer.no, og me har nyleg tilsett ein frilansar for å auke fokuset vårt på maskinvare.

Etter kvart vil me republisere denne samletesten med nye produkt når dei kjem ut.

Gi oss gjerne ris eller ros om formatet. Neste runde blir det nok betydeleg færre produkt.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
1: Introduksjon og 1-10
2: 11-20
3: 21-29
4: 30-39
5: 40-48

Siste fra forsiden