Test

SteelSeries Rival 710

Murstein frå SteelSeries med høg gimmick-faktor

Den imponerande gode forma klarar ikkje gjere opp for alt det unødvendige.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

SteelSeries har hatt eit godt år her hos oss. Til tross for litt rusk med kvalitetskontrollen, har dei levert imponerande produkt som Rival 600/650 og Arctis Pro-hovudtelefonane. Det siste som blei dumpa ned i postkassen min kjem nok neppe til å gjere det like bra.

Produsenten har laga ein ny versjon av datamusa deira med OLED-skjerm, som er ein blytung, klumpete og upraktisk dings. Dette peikar vel til at musa av ein eller anna grunn har hatt solide salstal, noko som er eit mysterium for meg.

Dette er altså ei kabelmus som slår mange av dei største MMO-musene på vekt, utan å by på fleire knappar enn ei gjennomsnittleg datamus. Forma og sensoren er ypparleg, men trekkplasteret her er definitivt OLED-skjermen – som verkar fullstendig poenglaus.

Design

Danske SteelSeries har peiling på design. Det er det ingen tvil om. Rival 600 er min soleklare favoritt når det kjem til utsjånad i år, og den tradisjonen held dei fram med Rival 710. Det er ikkje så mykje som er endra sidan fjorårets versjon, men visuelt sett er det lite å klage på. Dette er ei kul mus. Spesielt høgresida har nokre reine linjer, og står i stor kontrast til den andre sida med skjermen.

Forma er imponerande bra, til tross for at den er litt klumpete. Handa mi kvilar behageleg på toppen, og ein liten kul bak sidegrepet gjer at eg får ekstra støtte til tommelen. Det ergonomiske designet på framsida gjer òg at denne datamusa er godt eigna for høgrehendte. Rival 710 er relativt stor, men museknappane er lange nok til at ein skal kunne bruke denne uansett handstorleik.

Design er noko SteelSeries verkeleg kan. Høgresida og museknappane er stilige.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er altså behageleg å ha handa på denne datamusa. Alt bra så langt. Problemet oppstår når ein prøver å bevege litt på den. Med 138 gram er den nemleg blytung. Etter å ha brukt Finalmouse Air58 i ei vekes tid, kjente eg smerte i handa etter berre nokre minutt med bruk. Dette er sjølvsagt ein tilvenningssak, men eg ser ingen grunn til at denne skal vere så tung som dette. At Razer Naga med sine sju hundre knappar veg over 130 gram kan eg forstå. Rival 710 derimot, bør verkeleg ikkje vere så tung. Forma er nesten den same som på SteelSeries Rival 310, som berre veg 92 gram, og er eit botnsolid val til skytespel. Omtrent den einaste forskjellen er at høgresida er litt breiare på Rival 710, med ein bøy.

Eg vil tru den høge vekta skuldast OLED-skjermen, og den taktile feedbacken som dei av ein eller anna grunn har bygd inn i musa. Skjermen i seg sjølv er morosam, og kan vise nokre ulike fargar, og lar deg skrive inn tekst eller symbol. Den kan òg koplast opp til spel for å formidle informasjon som helsepoeng og kor mange skot du har igjen i magasinet. Det er med andre ord ein gimmick, utan noko faktisk nytteverdi. Eg ser ingen grunn til å sjå vekk frå PC-skjermen min for å sjekke desse verdiane. Eg følgjer ikkje ein gong med på RGB-fargane, så kvifor skal eg få med meg det her? Det einaste skjermen gjer er å auke vekta.

Det same kan seiast om den taktile feedbacken som er lagt inn i ryggen på musa. Viss du speler Overwatch vil du merke at musa ristar når du får låg helse eller ladar opp ultimatangrepet ditt. I og med at eg har auge, så ser eg ikkje heilt behovet for det her heller. Med mindre ein kan få spel som Zork i blindeskrift og får seld Rival 710 til dei med dårleg syn, trur eg ikkje dette blir noko megahit med det første.

Knappar

Forma er topp, med gode knappar og solid byggekvalitet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Igjen er Rival 710 relativt lik Rival 310 når det kjem til knappar, men denne har fått ein ekstra sideknapp. Rival 710 har totalt seks knappar, saman med eit klikkbart rullehjul. Eg er ikkje noko stor fan av den mjuke tilbakemeldinga og lange trykkdistansen på høgre- og venstre museklikk, men dei har ein fin lyd. SteelSeries har òg oppgradert brytaren i museknappane, som no skal kunne takle 60 millionar klikk.

Dei to «vanlege» sideknappane er velplassert, slik at eg enkelt kan nå dei med å rulle opp tommelen, utan at eg kjem borti dei ved uhell. Den tredje sideknappen er det verre med. Knappen er umogleg å nå utan å flytte på handa. Eg klarar rett og slett ikkje å trykke på den utan å sleppe grepet på musa for å flytte handa lengre fram. Med andre ord er den ubrukeleg til dei oppgåvene eg pleier å ha sideknappar til, som til dømes for å skifte våpen eller bruke kniv i spel. Der er ein avhengig av å kunne nå den så fort som mogleg. Kanskje kan ein byte den med PPT-knappen i programvara, for den kan eg i det minste nå utan å flytte handa.

Rullehjulet har korte trinn med ein mekanisk feedback, som gjer det behageleg i bruk. Lite å seie på det.

Sensor

SteelSeries Rival 710 skil seg ut frå andre datamus med å ha ein modulær sensor. Det betyr at ein lett kan byte den ut med ein anna sensor – viss ein ønskjer. Eg ser ikkje heilt poenget med dette, men du har i alle fall moglegheita.

Musa tar bruk av SteelSeries sin eigne TrueMove-sensor, som er på linje med andre feilfrie toppsensorar som PixArt 3360. Det betyr at du får den presisjonen du treng, og det vil vere din eigen treffsikkerheit det står på når det kjem til å treffe skillshots i League of Legends eller hovudskot i Tom Clancy’s Rainbow Six Siege.

Dette er ikkje heilt den same sensoren som me finn i Rival 600-serien, då Rival 600 og 650 brukar ein dobbel sensor (TrueMove 3+), der ein eigen minisensor tar seg av løftedistanse. Ikkje at det er noko omfattande behov for ei slik ordning, så Rival 710 fungerer heilt fint utan denne.

Elles har TrueMove-sensoren støtte for PPT («punkt per tomme») frå 100 heilt opp til 16 000.

RGB og programvare

Ein dings inne i ryggen produserer taktil feedback i spel når du får låg helse.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

SteelSeries Engine er ein av dei betre programvarene for mus, tastatur og headsett. Sjølv om designet framleis er litt antikvarisk, får du ei ryddig oversikt over alt du treng. Ein skiftar enkelt ut tekst på OLED-skjermen og fargane på RGB-elementa med nokre få klikk, og du får ein rekkje tilpassingsmoglegheiter for eigenskapane til musa. Oppdateringsrate, akselerasjon og «angle snapping» endrast ved å skru på ein slider, mens ein illustrasjon av Rival 710 lar deg byte om på dei ulike knappane ved behov.

RGB er neppe hovudfokuset her, men du får nokre enkle fargar i logoen bak og i rullehjulet.

Konklusjon

I og med at Rival 310 eksisterer skal eg ikkje vere for streng med karakteren. Dette er openbert retta mot ei målgruppe som faktisk er interesserte i gimmickar som OLED-skjermen og den haptiske feedbacken. Ein skal heller ikkje skyve den glimrande forma og den presise sensoren under teppet, som gjer at dette er, i alle fall i teorien, eit bra produkt.

Likevel er det mykje som må bli betre. Vekta må ned, og sideknappen må flyttast på. Det er ein ting at mange ikkje bryr seg om vekt, men det er veldig unødvendig at den skal vege så mykje som den gjer – nettopp på grunn av skjermen, den modulære sensoren og feedback-greiene. Alt dette er ting ein strengt tatt ikkje treng, og eg er sikker på at dette ville vore ei kjempebra mus viss dei blei fjerna. Men då er det vel like greitt å berre kjøpe Rival 310?

Prisen legg òg ein seriøs dempar på SteelSeries Rival 710. Lanseringsprisen var på heile 1100 kroner, mens du kan finne ein Rival 310 ned i 500. I skrivande stund er den billigaste Rival 710-musa du kan få tak i tilgjengeleg til 800 kroner, som er 300 kroner meir for ei vesentleg svakare mus. Då er det like greitt å berre kjøpe 310.

Er du ute etter nokre betre produkt kan du sjå ein full oversikt over alle testane våre her »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
5
/10
SteelSeries Rival 710
Grei gimmicksamling for målgruppa, men meiningslaus så lenge Rival 310 eksisterer
Fin utsjånad
Ypparleg form
Utskiftbar kabel
God programvare
Alt for tung
OLED-skjermen er fullstendig poenglaus
Taktil feedback i ryggen er nett like så
Gimmick er dyrt
Ubrukeleg sideknapp

Siste fra forsiden