Test

SteelSeries Rival 650

Toppmodell frå SteelSeries ute i trådlaus versjon

Fjernar alt bry med kabel utan å gjere kompromiss med yting.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

SteelSeries Rival 600 er ein av årets desidert beste datamus. Til tross for svak byggekvalitet, er det lite å seie på sensoren og forma til musa. Det er difor ikkje spesielt overraskande at SteelSeries har bestemt seg for å sleppe ein trådlaus versjon.

Trådlaus teknologi er no så bra at forskjellane i yting mellom trådlaus og kabla ikkje lengre er merkbare, og for meg verkar det meir og meir sannsynleg at kabelmus kjem til å forsvinne ut av marknaden i løpet av få år. Batteria varar lengre, forseinkinga er vekke, og sensorane matchar dei kabla.

SteelSeries held fram i same tradisjon. Her får du ein topp sensor med feilfri yting, minimal forseinking og lang batteritid.

Sensor

SteelSeries Rival 650 brukar den same sensoren som sin kabla motpart, TrueMove 3+. Dette er ein feilfri optisk sensor, så det er eigentleg lite å seie om ytinga. Med denne sensoren kan du vere sikker på at hovudskota regnar inn så lenge du er treffsikker nok til å matche musa.

Designteamet til SteelSeries skal ha honnør for å ha produsert ein av bransjens finaste datamus.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ein kuriositet i Rival 600- og 650-serien er at TrueMove3+ er ein dobbel sensor. Du får det vanlege, men musa har òg ein innebygd djupnesensor. Dette sikrar så låg løfteavstand som mogleg, slik at du kan skreddarsy handtering av musa akkurat slik det passar.

Design og komfort

Designteamet til SteelSeries har verkeleg slått ein homerun med Rival 600 og 650. Utsjånadsmessig er den trådlause versjonen identisk til den andre, men det er lite grunn til å gjere justeringar der. Pene linjer, flott RGB og finish gjer Rival 650 til ein av dei finaste datamusene pengar kan kjøpe.

Som før er dette ei stor datamus designa for høgrehendte, som passar best for klo- og handflategrep. Fingertuppgrep skal gå greitt viss ein har fingrar over 18 centimeter (frå handbak til fingertupp).

Du kan lese litt meir detaljert om design og knappar i den førre testen vår – alt er likt.

Men, så til elefanten i rommet her. Omtrent ein månad etter at eg byrja å bruke SteelSeries Rival 600, lausna gummigrepet på den eine sida. Saumen glei av, og kvar gong eg prøver å bruke den musa, så sit eg igjen med ein klissete tommel full av lim. Det har eigentleg gjort at eg har pakka vekk Rival 600. Spørsmålet er då om det same skjedde med Rival 650? Jo, det gjorde det. Det verkar ikkje som dei har byta om sidegrepet, og limet byrja å lausne etter nokre veker. Noko som gjer denne musa litt vanskeleg å anbefale. Om det skjer etter ein månad eller om eit år for deg er vanskeleg å seie, men det er gode sjansar for at sidegrepa ryk. SteelSeries må verkeleg finne ei anna løysing for sidegrepa til neste runde. Eg kan fint lime det på sjølv, men det skal ikkje vere nødvendig.

Limet på sidegrepet lausna etter berre to veker med bruk. Slik skal det ikkje vere.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Vekta er òg litt i overkant. Er det ein ting eg verkeleg vil ha, er det ein lettare versjon av Rival 600. Hadde dei klart å få den kabla versjonen ned på 80-talet på vekta, ville eg lagt frå meg Logitech G Pro Wireless med ein gong. Problemet er berre at trådlause mus har ein tendens til å vege meir enn dei kabla versjonane. SteelSeries Rival 650 veg faktisk heile 121 gram, som er ein auke på over tjue prosent i vekt på ei mus der vekt allereie er eit problem. Det er sjølvsagt dei som føretrekkjer å bruke mus med høg vekt då dette er delvis ein smakssak – det er jo ein grunn til at SteelSeries inkluderer lodd for å gi oss sjansen til å gjere den tyngre – men for oss som speler skytespel, er låg vekt essensielt. Dess lettare, dess betre. Lågare vekt gjer det enklare å kontrollere musa, samstundes som det fører til mindre slitasje på ledda i handa.

RGB og programvare

Programvaren er ryddig og oversikteleg.
Skjermdump SteelSeries Engine 3

Lite er endra sidan me sist sjekka ut SteelSeries Engine 3 i vår test av TKL-tastaturet M750.

Programvaren gir ein ryddig oversikt over innstillingar og RGB fordelt på to ulike faner. Her kan ein enkelt gi knappane nye eigenskapar eller sette opp makro, samt stille på følsemd, batterisparing, akselerasjon, løftedistanse og oppdateringsrate.

RGB har klart mest verknad på batteriet. SteelSeries Engine 3 gir deg moglegheit til å slå på ei innstilling som deaktiverer RGB-fargane kvar gong musa rører på seg, som er eit godt kompromiss. Ein ser lite til RGB når ein har handa over uansett. Med denne modusen på kan ein forvente batteritid på rundt ti timar, og det tar ikkje lang tid å lade den opp til fullt igjen.

Fargane er som alltid sterke og klare. SteelSeries Rival 650 når opp til mus som HyperX Pulsefire Surge når det kjem til RGB, min personlege favoritt. Her er det fleire sonar ein kan skru på, og tusenvis av fargekombinasjonar å velje mellom.

Konklusjon

SteelSeries Rival 650 er utan tvil eit toppval for datamus. Overgangen til trådlaus har eliminert alt styret som kjem med kabel, og det utan å gjere kompromiss på yting. Likevel er det ein del pirk, som gjer at eg førebels ville gått for andre trådlause alternativ.

Vekta bør med fordel kuttast ned ein del til neste versjon av produktet, men dei som veit at dei likar mus med låg vekt kjem uansett ikkje til å kjøpe denne – så det skal ikkje vege tungt i vurderinga mi her.

Den trådlause teknologien har lagt til 20 gram. Rival 650 bør få ein slankekur før neste versjon.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kvalitetskontrollen er problemet her. Viss eg brukar over ein tusenlapp på ei datamus forventar eg at produktet skal halde stand i meir enn nokre månadar. Etter at sidegrepa på begge mine har røke på mindre enn ein månad (og det same har skjedd med ein ven av meg), ser eg liten grunn til å anbefale denne. Dette er framleis eit sabla godt produkt på alle andre måtar (som karakteren reflekterer), men eg forstår ikkje kvifor SteelSeries ikkje har fiksa dette enno. Eit kjapt Google-søk viser at mange har dette problemet, og nett det same har skjedd med SteelSeries Rival 310.

SteelSeries har potensial til å lage ei datamus som vil knuse all konkurranse og få oss til å ta fram tiaren på karakterskalaen, men då må dei sikre sidegrepa med betre lim, og kutte vekta ned til hundre gram.

Er du ute etter ei stor trådlaus mus, ville me førebels gått for Logitech G903 eller Razer Mamba Firefly.

8
/10
SteelSeries Rival 650
SteelSeries Rival 650 er ei imponerande mus, men treng framleis litt finpussing.
Feilfri sensor
Flott design
Sju knappar
Bra programvare og RGB
Respektabel batterilevetid
121 gram er litt i overkant
Framleis det same dårlege limet på sidegrepa
Dyr

Siste fra forsiden