Samletest

Gamingmus 2020

Kva er den beste gamingmusa du kan kjøpe?

Me tar for oss nesten 50 gamingmus i ein svær samletest.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Introduksjon og 1-10
2: 11-20
3: 21-29
4: 30-39
5: 40-48

#11 – Heilt fantastisk, men vent til produsenten fiksar ho

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Liten

Vekt: 56 gram

Knappar: Fem + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3389 (feilfri)

Særpreg: Fjørlett, liten og brei

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Cooler Master MM710 er i praksis ein litt lettare MM711, men utan RGB. Eg skriv ein eigen test av kvar av dei her, for det er nokre skilnadar når det kjem til bruksopplevinga. Denne teksten blir mykje kortare, så les testen av MM711 først.

Forma er identisk på dei to, men MM710 veg 56 gram, mot MM711 sine 62. Eg antar det er på grunn av RGB-fargane. Det er òg betydelege forskjellar når det kjem til byggekvalitet, og det i favør MM711. Det kan hende eg har vore uheldig med eksemplaret mitt av MM710, men her er det både knirking og rasling på alle kantar. Eg kjenner òg at høgre- og venstre museknapp sit fastare på MM711 enn på MM710.

Elles er alt det same. Same programvare, same sensor og same knappar. Grunna byggekvaliteten vil eg seie at MM711 sannsynlegvis er eit betre val. No kostar dei faktisk det same, og då får ein ei meir solid mus med RGB på kjøpet, til like mange kroner. Ein merkar ein ørliten forskjell på vekt, men ikkje anna enn når ein sit med begge produkta side om side.

8.5
/10
Cooler Master MM710
Ei rimeleg og ypparleg spelmus med tvilsam kvalitetskontroll.
Feilfri sensor
Skolissekabel
Fantastisk passform for klogrep og handflategrep
Fjørlett
Perfekt plasserte sideknappar
Knirking og rasling på alle kantar

#12 – Hakk i hæl på Model D

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 71 gram

Knappar: Sju + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3389 (feilfri)

Særpreg: Ergonomidesign i mellomstor formfaktor

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Fargerike M4 frå svenske Xtrfy er ein slags andeleg arvtakar frå SteelSeries Rival 310. Forma er nok ikkje for alle, men for dei med hybridgrep mellom klogrep og handflategrep er dette kanskje det beste du finn. Akkurat for den målgruppa slår nok denne Model D, men då snakkar me om ganske få menneske.

Utsjånaden er noko frisk og annleis, som me set pris på. Musa kjem i ørten ulike fargar, og har svære RGB-panel som lyser opp heile musa i mørket takka vere bikakekonstruksjonen.

Som Model D har denne litt vel høge sideknappar, men eit lite ekstra minus er at byggekvaliteten på M4 ikkje er like god. Elles er det mykje å like med produktet som svenskane kom med i fjor. Ekstra knappar og mindre storleik gjer produktet unikt i samanlikning.

8.5
/10
Xtrfy M4 RGB
Eit av dei beste gamingprodukta dei med hybridgrep kan kjøpe.
Feilfri sensor
Ergonomisk og komfortabel form for dei med mellomstore eller store hender
Mjuk og fleksibel tøykabel
Låg vekt
Flott RGB
Ingen programvare
Litt rusk med byggekvaliteten
Ingen programvare
Høge sideknappar

Les hele testen »

Xtrfy M4 RGB

#13 – For skytespelaren som vil ha mest mogleg komfort

Storleik: Mellomstor

Vekt: 96 (106 med lodd)

Knappar: Fem + klikkbart rullehjul

Sensor: Logitech Hero (feilfri)

Særpreg: Ei ergonomisk mus med fantastisk komfort

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

G703- og G403-forma har alltid vore blant mine favorittar. Produkta ligg særs godt i handa, der breidda og høgda gjer at dei fyller ut heile handa, og ligg perfekt i alle grepstypar. Riktig nok bør du ha hender på 18 centimeter i lengde eller over.

Produktet blei oppdatert i 2019 med ny sensor, då Logitech sende G703 på ein liten slankekur. Vekta gjekk ned med 12 gram. Der kunne dei godt gjort betydeleg meir, men det er framleis ganske få trådlause mus under 100 gram.

Støtte for trådlaus lading via Logitech Powerplay gjer òg at du i praksis aldri går tom for batteri.

G703 er altså litt for tung for å konkurrere med dei aller beste skytespelprodukta, men viss komfort er viktigast for deg, er dette eit glimrande val.

8.5
/10
Logitech G703 Lightspeed
Ergonomisk mus med imponerande komfort, som fort kan bli eit toppval med ein vektreduksjon
Eksepsjonelt komfortabel
Lettare enn førre versjon
Feilfri sensor
Brukarvenleg programvare
Støtte for trådlaus lading
Gode knappar
Framleis litt for tung til skytespel anno 2020

Les hele testen »

Logitech G703 Lightspeed

#14 – Lita og billeg, men utdatert

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Liten

Vekt: 97 gram (under 90 med litiumbatteri)

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: Logitech HERO (feilfri)

Særpreg: Enkel og trådlaus toppmus til låg pris.

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Er du ute etter ei billig trådlaus mus utan noko ekstra dilldall er Logitech G305 eit godt val. Her får du den same toppsensoren som på dei andre Logitech-rpodukta, men til ein tredjedel av prisen. Med AA-batteri held musa koken i opp mot 250 timar viss ein slår av RGB.

Problemet er at AA-batteri i ei gamingmus byrjar å gå litt ut på dato. Logitech har ikkje kome med noko ny versjon av G305 sidan ho kom ut i 2018, og det er på overtid.

Me gav G305 ein niar då ho kom, men ville neppe gitt ho meir enn åtte no. Det til trass for at det er ingen andre trådlause gamingmus i denne storleiken det er verd å bruke. Her bør det vere fint mogleg å få ned vekta med 20–30 gram for Logitech, og implementere støtte for Powerplay. G305 er framleis eit lurt kjøp, spesielt på sal, men det kan fort kome ein ny versjon av denne.

9
/10
Logitech G305
Logitech G305 gjer alt den skal.
Lang batteritid
Topp sensor
Behageleg i bruk
Billig
Ambidektridesign som ikkje kjem i vegen for funksjonalitet
Litt tyngre enn den treng å vere

Les hele testen »

Logitech G305

#15 – Razers beste før Ultimate-produkta held framleis stand

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor+

Vekt: 98 gram

Knappar: Åtte + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3390 (feilfri)

Særpreg: Lett trådlaus mus til å vere stor, har trådlaus lading. Ingen batteri, men svindyr. Ladeelementet sit i ei musematte med RGB

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Ultimate-produkta til Razer har ladedokking, men det første forsøket deira på ein konkurrent til G Pro Trådlaus kom med eiga ladematte. Denne musa må ein kjøpe i pakke saman med ladematta, og det kostar akkurat det same i dag som for to år sidan.

Teknologien fungerer framleis godt, og det er så vidt eg veit ingen andre trådlause mus som er så store som denne og veg under 100 gram. Derimot er ladematta i det minste laget, og prisen er altfor stiv.

Mamba Wireless med Hyperflux har vore på sal for rundt 1600 kroner, og då er dette eit langt meir interessant val. Vår spådom var at denne kom til å bli populær dersom prisen gjekk ned då me testa den i 2018, men det har ikkje skjedd. Eg trur framleis på at musa kunne gjort eit comeback viss Razer kuttar prisen drastisk, sjølv om det sannsynlegvis er litt for seint for det no.

9
/10
Razer Mamba HyperFlux + Razer Firefly HyperFlux
Ei fantastisk mus, men prislappen gjer at den er reservert for dei spesielt interesserte.
Topp sensor
Flott RGB
Lettaste trådlause musa i denne storleiken du får tak i
Åtte knappar
Behagelege gummigrep på sidene
To ulike underlag til musematta
Enkelt å kome i gang
God programvare
Materiale med god byggekvalitet
Overflata kunne vore større (35 cm breidde x 25 cm høgde)
Forstyrrar anna elektronikk
Pris. Kunne godt vore ein tusenlapp billigare.

Les hele testen »

Razer Mamba HyperFlux + Razer Firefly HyperFlux

#16 / 17 – Zowie er bra, men kvilar på laurbæra

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Liten

Vekt: 88 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3360 (feilfri)

Særpreg: Favorittmerket til CS-proffane. Eksepsjonell passform

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Zowie-mus har vore det mest populære valet blant Counter-Strike-proffar lenge, og er framleis ofte brukt i konkurransar i 2020. Det er ikkje tilfeldig. Datamus frå denne produsenten er kjend for å ha nokre av dei mest behagelege passformene på marknaden, og testproduktet vårt passar definitivt med den skildringa. S2 Divina eller den litt større S1 Divina er datamus som ligg perfekt i handa, og sørger for at du får mest mogleg kontroll og treffsikkerheit.

Den nyaste generasjonen deira kjem med betre knappar og ein feilfri sensor. Rullehjulet og sideknappane er framleis svake, og kabelen er i gummi. Det er nett kome ut nokre nye versjonar av desse, men dei er langt frå så gode som dei burde vore. Me kjem tilbake med test etter kvart.

Det er nok like greitt å gå for Glorious i staden, men viss ein absolutt vil ha ei knallrosa eller babyblå mus, så er dette vegen å gå.

9
/10
Zowie by BenQ S2 Divina
Zowie tar det som gjorde FK2 bra og gjer det endå betre.
Forbetra passform
Betre museklikk
Feilfri sensor
Ingen driver/programvare betyr at ein kan kome rett i gang med spelinga
PPT- og oppdateringsrateknappar på undersida
Litt tyngre enn FK2, og rullehjulet er framleis ikkje heilt det store
Treng tredjeparts-programvare for makroar og ombinding av knappar

Les hele testen »

Zowie by BenQ S2 Divina

#18 – Comeback for gammal favoritt

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 69 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: Roccat Owl Eye (feilfri)

Særpreg: Lett og spesiell ergomus

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Roccat er ikkje fullt så populære som dei ein gong var, men har gjort nokre forsøk på å hive seg med i tida med relansering av gamle modellar med lågare vekt. Kone Pure Ultra er flaggskipet deira, ei ergonomisk designa, mellomstor mus for høgrehendte.

Forma er ein av dei mest spesielle eg har testa, med store komfortgrover til tommelen på venstresida, og ein liten klump på høgresida som veslefingeren kan kvile på. Musa er høg og kompakt, og krev ein del tilvenning før ein blir vand med forma. Men når det først skjer for dei med den rette handstorleiken, kan dette vere eit toppval.

Ho verkar veldig lita, på grunn av at ho er såpass kort. Mine fingrar på 18,5 centimeter er på grensa av kva ein kan ha for å bruke musa i handflate- og fingertuppgrep, medan ein har ein centimeter ekstra å gå på for klogrep. For å vere trygg ville eg nok ikkje brukt musa i handflate/fingertuppgrep med fingrar over 17,5 centimeter. Høgda gjer likevel at me klassifiserer denne som mellomstor.

Displayet på vekta viser 69 gram, som gjer Kone Pure Ultra til ei ganske unik mus med tanke på kva form ein får her. Men dessverre kjem ho berre med gummikabel. Med Paracord-kablar kunne me fort skrudd opp karakteren eit hakk her. Riktig nok er dette ein av dei betre gummikablane eg har testa, for den skrapar ikkje nedi pulten i det heile.

Musa har seks knappar og eit klikkbart rullehjul. Kone Pure-produkta er kjend for å ha eit av tidenes beste rullehjul, med klare, gummierte trinn. Eg syns det er eit godt stykke opp til dei modulære rullehjula til Logitech, men for gummihjul er Kone Pure Ultra best i klassen. Tommel opp for det.

Høgre- og venstre museklikk er skarpe med klare, taktile klikk, medan sideknappane har kort vandring og endå skarpare klikk. Det likar me. Eg syns likevel sideknappane sit litt vel høgt oppe.

På toppen finn me to PPT-knappar, for å skru PPT opp og ned i kampens heite. Dei sit langt nok bak til at ein ikkje kjem borti dei ved uhell, og passar fint i designet på kroppen.

Roccats Owl Eye-sensor (PMW3381) er ein modifisert variant av Pixarts PMW3389, og er feilfri. Lite å seie på ytinga her, altså.

Programvara Roccat Swarm er sannsynlegvis den mest rotete og utdaterte me har vore borti nokosinne, men Roccat har rikt med funksjonalitet både når det kjem til innstilling av musa og RGB-fargane. Eg saknar moglegheit til å endre på løftedistansen, men elles byr Swarm på det meste.

Roccat er tilbake for å fylle ein nisje i marknaden her, og dersom dei får fiksa programvara og kabelen sin til neste utgåve, så er dette eit produkt som mange vil få glede av.

8.5
/10
Roccat Kone Pure Ultra
Roccat er tilbake for fullt.
Låg vekt
Komfortabel passform
Beste gummirullehjulet på marknaden
God tilbakemelding i muse- og sideknappar
Feilfri sensor
Gummikabel
Rotete programvare
Høge sideknappar

#19 – MMORPG-vinnar

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 96 gram

Knappar: Åtte + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3389 (feilfri)

Særpreg: Forholdsvis lett mus med mange knappar

Beste bruksområde: Det meste

Me har testa ein del mus frå HyperX, men det er vel eigentleg berre Pulsefire Surge som har imponert oss – og ho klarar ikkje heilt halde følgje med konkurrentane lenger. Sist ut i rekkja frå HyperX er Pulsefire Raid, ei mus retta mot MMORPG, MOBA, vanleg speling og produktivitet.

Det nærmaste eg har vore denne i form er Razer Mamba, men Raid har ein kraftigare bøy på sida, og minner litt om Glorious Model D på toppen av ryggen. Resultatet er ei form som fungerer ypparleg for handflategrep for dei med mellomstore eller store hender. Klogrep passar òg, men du skal ha ganske lange fingrar for å få til fingertuppgrep.

Forma er altså stor og ergonomisk, og er mykje betre enn eg hadde venta. Det er ikkje så mykje å velje mellom når det kjem til MMORPG-mus. Eg har ikkje testa Razer Naga enno, men Naga må nok på ein betydeleg slankekur for å matche Raid for dei som likar lette gamingmus. Raid veg nemleg ikkje meir enn 96 gram, som er særs lite for ei stor mus med så mange knappar.

Raid har berre ein fletta kabel, men det er den mest fleksible eg har prøvd med god margin. Det er ikkje så langt unna skolissekablane som dei beste har.

Med åtte knappar og eit klikkbart rullehjul som kan dyttast begge vegar, er det nok av eigenskapar ein kan binde til dei ulike knappane. Det er heile fem sideknappar på venstre side, som er ei langt betre løysing enn å ha knappar på begge sider. Det er mykje enklare å nå dei kjapt når alle ligg på ein stad, og det er nok luft mellom knappane til at ein fort venner til kva som er kor. Tommelknappen er den einaste som er litt langt vekke.

Alle sideknappane har kort vandring, med ganske fast motstand. Dei nedste er perfekt plassert, og fordi dei er såpass tynne, går det òg fint å nå dei på toppen av sida. Slik har ein kjapp tilgang til magi/ferdigheiter i spel, eller ymse funksjonar i til dømes Photoshop. Tilbakemeldinga i knappane er kvasse og lyden er skarp nok til at det er tilfredsstillande å høyre på, og låg nok til at han ikkje lagar bråk.

Det same gjeld høgre- og venstre museklikk. Her er det kvalitet over heile fjøla.

PPT-knappen på toppen er knøttliten, og sit så langt inni konstruksjonen at ein aldri kjem borti ved uhell. Eg likar best å ha PPT-knapp på undersida av musa, men når det er forma slik som dette har det omtrent same funksjon.

Rullehjulet kan altså dyttast begge vegar, som gir moglegheit for to ekstra eigenskapar – slik som på til dømes Razer Basilisk og Logitech G502/G903. Sjølve hjulet har 24 gummitrinn, og dette er også blant dei desidert beste eg har testa. HyperX har verkeleg klart å få knappane slik dei bør vere.

HyperX Pulsefire Raid har som Surge ein PMW3389-sensor, så her kan ein vere sikker på feilfri yting heile vegen, utan sjanse for at sensoren spinn ut etter lange flikk med handleddet.

Programvara er det verre med. Nye HyperX Ngenuity må ein gjennom Microsoft Store for å få tak i, og me veit alle at Microsoft Store er det verste som har skjedd med Windows sidan Vista.

Viss du først klarar å laste ned programvara er ho heilt ok, men ikkje så mykje meir enn det. Mange har hatt store tekniske problem med dei siste versjonane, og det er ganske avgrensa kva ein kan gjere. Dette er det klare minuset med Puslefire Raid. Dei andre HyperX-produkta fungerer framleis fint med den gamle, stabile programvara.

Når Ngenuity først fungerer får ein stille på eigenskapar for knappane, sette opp makro, endre rapporteringsrate, PPT og RGB, men ikkje så mykje meir enn det. Meir avanserte innstillingar som justering av løftedistanse er eit lite sakn her. Det er òg berre fire ulike førehandsinnstillingar for RGB, som er i det knappaste laget.

Det er lite negativt å seie om Pulsefire Raid – sett utifrå storleiken og kva nisje ho fyller. Med mindre du er avhengig av 14–15 knappar er nok dette den beste MMORPG-musa du kan få kjøpt akkurat no. Med ein skolissekabel, litt finpussing av forma og ein solid oppgradering av HyperX Ngenuity, er me faretruande nær perfeksjon med Pulsefire Raid.

8.5
/10
HyperX Pulsefire Raid
Sannsynlegvis den beste MMORPG-musa du kan kjøpe.
Feilfri sensor
Behageleg form for klo- og handflategrep
Bra gummirullehjul
Mange og gode sideknappar
Solid byggekvalitet
Tommelknappen er litt vanskeleg å nå
Fletta kabel, men som riktig nok er veldig fleksibel
Uføreseieleg og mangelfull programvare

#20 – Nok eit stikk til Logitech frå Razer

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 96 gram

Knappar: Ni + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3399 (feilfri)

Særpreg: G502-killer med skolissekabel

Beste bruksområde: Det meste

Razer har lenge hatt eit ganske dårleg rykte når det kjem til kvalitetskontrollen, men har ordna opp i sakene sine over dei siste åra. Med lansering av nye Basilisk og Viper har dei tatt eit solid grep om gamingmarknaden når det kjem til datamus. Her er byggekvaliteten på topp.

Nyversjonen av Basilisk hentar inspirasjon frå Logitech G502, og har den same, spisse forma som Logitech G502. Eg syns likevel Basilisk ligg litt betre i handa, då ho er noko mindre kantete enn det G502 er. Skilnaden er riktig nok ganske liten.

Den ergonomiske forma er eit stykke unna dei beste konkurranseprodukta, men ho er meir enn komfortabel nok for dei fleste. Utsjånaden kan ein heller ikkje klage på.

Det er kabelen og vekta som gjer at Basilisk V2 vinn slaget for min del. Med sine 95 gram er denne betydeleg lettare enn G502, og takka vere ein skolissekabel er musa nesten like kjekk å bruke med kabel som utan. Basilisk V2 har fått same behandling som Viper har med ei Ultimate-utgåve, men me har ikkje fått tak i noko testeksemplar av ho enno.

Med ni knappar og eit klikkbart rullehjul er det litt meir å hente for produktive omsyn med G502, men det er ikkje noko stor forskjell her heller. Det nye rullehjulet til Razer er nesten like bra som det Logitech har, og brytarane i museknappane med klar, taktil tilbakemelding utklasserer konkurrenten.

Sideknappane sit ein millimeter eller to for høgt opp for min smak, og har litt mjuk tilbakemelding. Vandringa er likevel kort, og den ekstra tommelknappen er eit velkomme tillegg. Eg må flytte tommelen litt fram for å nå knappen, men det er ei grei løysing. På dette viset kjem ein ikkje borti ved uhell, samstundes som knappen er nær nok til at han nesten fungerer likt som dei andre sideknappane.

PPT-knappane på toppen er greie å betene, medan ein har knapp på undersida av musa for å rullere gjennom ulike profilar – og då snakkar me PPT, løftedistanse, RGB og heile pakka i eitt. Det er òg eit hjul som stiller motstanden på rullehjulet på undersida. Det syns eg er ganske så smart. Rullehjulet har ikkje «evig» rulletid slik som Logitech sine, men ein kan ha det nesten utan noko motstand i det heile. Hjulet kan òg dyttast til både høgre og venstre, som teknisk sett er to ekstra knappar.

Sensoren er av typen PMW3399, moglegvis den beste sensoren ein kan bruke i dag. Nok eit fortrinn for Razer.

Når det kjem til programvare og RGB er Razer blant marknadsleiarane. RGB-lysa er kraftige og flotte å sjå på, medan programvara har alt du treng. Takka vere Razer HyperShift kan ein binde to eigenskapar til same knapp, som i praksis kan doble kor mange ekstraknappar ein har. Det som er litt kjipt er at ein må ha oppe programvara for at musa skal hugse RGB-profilane dine. Slik skal det ikkje vere i 2020.

Her er det nokre val å ta. Sjølv om G502 framleis er eit betre produkt til dei som syns det er meir viktig med produktivitet enn gaming, er Basilisk V2 det overlegne valet for speling. Razer har tatt mykje av dei fremste styrkane til G502 og har fått dei til å skine. Her har Logitech ein jobb å gjere for å ta igjen kopien.

8.5
/10
Razer Basilisk V2
For dei som vil ha i pose og sekk.
Feilfri sensor
Flott RGB
Skolissekabel
Overlegen passform samanlikna med G502
Masse knappar
Særs bra rullehjul med justerbar motstand som kan dyttast i begge retningar
Dyr
Ikkje den beste forma for gaming
Framleis litt tung for konkurransespeling
Minnefunksjonen i musa fungerer ikkje skikkeleg
Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
1: Introduksjon og 1-10
2: 11-20
3: 21-29
4: 30-39
5: 40-48

Siste fra forsiden