Kva med Left 4 Dead i Warhammer-universet?

I Warhammer: The End Times - Vermintide skal du slakte rottemenn for fote.

Turtle Rock Studios gjorde solid suksess for nokre år sidan med samarbeidsspelet Left 4 Dead. Der spela skulle opp til fire spelarar slå seg saman for å kome seg heilskinna gjennom diverse område fulle av vandrande lik. Noko av det som gjorde Left 4 Dead unikt var at fiendane kunne dukke opp på ulike område for kvar gjennomspeling, og det du gjorde i spelet kunne få zombiene til å reagere ulikt.

Turtle Rock har sidan den tid utforska samarbeid vidare i det komande monsterspelet Evolve, men det betyr ikkje at vi ikkje får fleire spel i Left 4 Dead-stil. No har dei svenske utviklarane bak War of the Roses avslørt at dei arbeider med eit svært Left 4 Dead-inspirert spel i Warhammer-universet.

Spelet har fått namnet Warhammer: The End Times − Vermintide, og her er det ikkje zombier som skal kvestast, men i staden rotterasen skaven. Spelet blir eit samarbeidsfokusert actionspel i førsteperson, der du både vil kunne dra nytte av nærkamp og skytevåpen.

Nådelaust utfordrande

Om det er pest du er på jakt etter, treng du ikkje leite lenger enn til skaven.

Målet til utviklarane er å lage eit spel som verkeleg utfordrar spelarane. Som i Left 4 Dead vil fiendane kunne kome frå ulike stadar kvar gong, og det i store antal. I tillegg vil skaven kome i mange ulike storleikar, og med mange ulike eigenskapar. Er du riktig uheldig kan du til dømes bli fanga og dratt bort til ei gruppe sinte rottemenn.

For å overvinne mengdene med fiendar må ein naturlegvis ha eit knippe dyktige krigarar. Berre to av totalt fem karakterar er avslørte så langt, men begge tyder på at vi får noko litt utanom normalen. Den eine helten er ein einauga heksejegar som kjempar med pistolar og knivar, medan den andre er ei gal, gammal dame som syslar med eldmagi. Ho er derimot så kraftig at ho kan ende opp med å setje fyr på seg sjølv om ho brukar magien sin for mykje.

Warhammer: The End Times − Vermintide vil bli lansert for Windows, Xbox One og PlayStation 4 i løpet av andre halvår 2015.

Siste fra forsiden