Det norske brettspelforlaget i Go To Pieces Games lanserte i starten av månaden ein Kickstarter-kampanje for brettspelet Fjordar. Dette spelet tek oss med tilbake til borgarkrigstida, ein uroleg epoke i landet vårt som varte frå 1130 til 1240.
Det tok berre seks timar for brettspelmakarane å nå målet sitt, og den har i skrivande stund – med elleve dagar igjen av kampanjen – over dobla gevinsten.
Kickstarter har etablert seg som ein essensiell forretningsmodell for brettspel- og rollespelutviklarar. Alt frå brettspel som Heroes of Might & Magic III: The Board Game, til rollespelet Cosmere Roleplaying Game, basert på Brandon Sanderson's bokunivers, hadde ikkje eksistert utan.
Fjordar skal bli eit spel for ein til fire spelarar, der spelarane tek på seg rollene som rivaliserande arvingar og adelsfolk som kjempar om kontroll i eit konfliktfylt land.
Vi blir lova eit modulært brettspel med fjordar, fjell og øyer. Her kan du bygge landsbyar, skip og kyrkjer, medan du hyrer inn krigarar som kan ta knekken på alle dine fiendar.
Inspirert av norsk historie
Sjefsdesigner Frode Brændø fortel at inspirasjonen bak Fjordar kom delvis frå boka Alv Erlingsson av den norske historikaren Tore Skeie:
– Første del av boka handla om borgarkrigen, og sjølv om eg hadde høyrt om Baglarar og Birkebeinarar og kjente til delar av materialet var eg ikkje klar over kor langvarig og omfattande den konflikten var. «Dette er jo norges svar på Game of Thrones» tenkte eg då eg las boka.
Fjordar starta eigentleg livet som det Brændø kallar eit generisk middelalderspel, men då ideen om å bruke borgarkrigen som bakteppe dukka opp, førte det til mange endringar. Dei la til nye mekanikkar, fjordar, langskip og mange historiske figurar som dukkar opp i kortform.
Brændø er svært nøgd med å ha nådd målet så kjapt:
– Det føles kjempedeilig å ha nådd målet så fort! På ein Kickstarter-kampanje i dag er det jo veldig viktig å nå målet sitt første dagen, så det er eg veldig glad for at vi gjorde, då det får resten av kampanjen til å gå så mykje lettare. No har vi unlocka fleire stretch goals, og nærmar oss unlocking av det viktigaste stretch goalet som er å utruste spelet med magnetiske terrengtiles.
Hovudpersonane bak Fjordar er dei tre venene Frode Brændø, Kristine Eide og Tale Halsør, som saman starta Go To Pieces Games nettopp for å gje ut Fjordar. Frode har bakgrunn som grafisk designer og motion graphics artist, Kristine jobbar på dagtid som lærar, medan Tale jobbar i det offentlege, men sistnemnde har òg fått ansvaret med å oversetje spelet til nynorsk om dei får 100 nordmenn med på å finansiere spelet.
I tillegg står Paal Korsvold Olsen og Ingelinn Aarnes for det økonomiske, medan fleire innleige kunstnarar gjer sitt for at alt skal sjå bra ut.