Mega Man skulle bli actionfylt skytespel

Metroid Prime-veteranar var i full sving med å totalrenovere spelhelten.

Mega Man har hatt ei dyster historie dei siste åra. Etter retrospela Mega Man 9 og Mega Man 10 har det vore frykteleg stille rundt den gamle Capcom-helten. For nokre år sidan jobba Capcom med å lage eit nytt spel i Mega Man Legends-serien, men dette blei til sterke reaksjonar skrinlagt. I tillegg har både Mega Man Universe og Mega Man Online sett den skarpe sida av øksa.

No har Polygon fått nyss om at dette ikkje er dei einaste Mega Man-spelet som har sett ein tidleg død i nyare tid. I dag skriv dei om eit svært annleis Mega Man-spel som var under utvikling hos Armature Studio. Dette studioet blei starta av tre veteranar frå Metroid Prime-utviklarane Retro Studios.

Mørkare Mega Man

I Mega Man-spelet som hadde fått kodenamnet Maverick Hunter ville vi møtt ein nesten ugjenkjenneleg Mega Man. Spelet skulle hente tematikken sin frå den mørkare Mega Man X-serien, og ville gi oss ein Mega Man designa av Adi Granov, som brakte Iron Man-drakta til live i Iron Man-filmane.

Maverick Hunter var tenkt som eit skytespel i førsteperson og ville gi oss kjende våpen og eigenskapar i ny drakt. X Buster-kanonen var på plass, og Mega Man kunne hente eigenskapar frå falne fiendar. Å kombinere våpen fekk eit stort fokus, og spelaren måtte vere obs på at ulike fiendar var sterke eller svake mot forskjellige våpen. I tillegg ville vi få bruke vegghopping og liknande eigenskapar for å navigere seg gjennom områda.

Armature Studio jobba ikkje på Maverick Hunter i stort meir enn seks månader i 2010 før spelet blei skrinlagt. Dei hadde likevel bygd opp ein spelbar prototyp.

Er dette eit Mega Man spel som burde ha blitt ein realitet, eller høyrer den blå helten betre heime i sine meir fargerike versjonar?

Capcom vil fornye fleire klassikere: Snart kommer ny versjon av DuckTalesFår vi også eit gjensyn med Capcom-klassikeren Strider?

Siste fra forsiden