Metal Gear Solid V: Ground Zeroes kjem til våren

Blir introduksjon til massive The Phantom Pain.

Det komande storspelet Metal Gear Solid V: The Phantom Pain frå Kojima Productions blir eit massivt nytt steg for serien som har halde Hideo Kojima i arbeid sidan 80-talet. I staden for dei konsentrerte områda vi er vande med frå serien, byr The Phantom Pain på store område fulle av moglegheiter. Du skal kunne velje din eigen framgangsmåte for å løyse dei ulike utfordringane spelet byr på.

Dette blir ein så sterk kontrast til dei tidlegare spela at Hideo Kojima har sett seg nøydd til å gjere overgangen lettare ved å først sleppe laus Metal Gear Solid V: Ground Zeroes på massane. Denne opptakta til The Phantom Pain vil introdusere spelarane for fleire av dei nye elementa spelet byr på.

Regn og uvær får ei stor rolle i neste Metal Gear Solid.

I ei pressemelding i dag har Konami slått fast at Metal Gear Solid V: Ground Zeroes kjem i sal til våren. Nokon spesifikk dato er ikkje klar, men spelet vil bli tilgjengeleg både i butikk og for nedlasting til Xbox 360, Xbox One, PlayStation 3 og PlayStation 4 nokre lappar under den ordinære prisen for nye spel.

Ny grafikkmotor

Dei to spela som utgjer Metal Gear Solid V blir dei første titlane frå Konami som nyttar Kojima Productions sin nye FOX Engine-grafikkmotor. Motoren tillet utviklarane å gi ting som vær direkte innverknad på spelet. Både tida på døgnet, og vind og regn seiast å ha dynamisk effekt på spelet og oppdraga i det.

I Ground Zeroes må du kasta deg ut i eit redningsoppdrag i ein fangeleir på Cuba. Hendingane her blir startpunktet for The Phantom Pain, og om vi kjenner Hideo Kojima riktig kan vi nok sjå fram til atter ei innvikla og kontroversiell historie.

Les også: Kojima vil gjenskape Metal Gear Solid
Les også: Anmeldelse: Metal Gear Rising: Revengeance

Siste fra forsiden