Kojima vil gjenskape Metal Gear Solid

Snusar etter studio som kan lage nyversjon i Fox Engine.

I september i fjor viste Metal Gear Solid-skaparen Hideo Kojima fram Fox Engine for første gong. Grafikkmotoren som vil bli brukt for å byggje opp Metal Gear Solid 5 imponerte stort med sitt mål om å skape fotorealistisk grafikk. Så langt har det berre blitt stadfesta at to spel brukar motoren; Metal Gear Solid 5 og PRO Evolution Soccer 2014, men eit tredje kan vere i gjæring.

Gamereactor skriv om eit fellesintervju dei har gjort med Kojima. Der fortel han at han er på jakt etter ein utviklar som kan ta på seg ansvaret for å lage ein nyversjon av Metal Gear Solid frå 1998 med Fox Engine, samt oppdatere enkelte av mekanikkane for eit moderne publikum.

Metal Gear Solid frå1998.
Konami

Viktig fabrikk

Metal Gear-serien er utan tvil den største eigedomen til Konami. Den starta sine dagar på MSX2 i 1987, men fekk for alvor fotfeste med Metal Gear Solid til Sonys første PlayStation-konsoll. Spelet blei for mange den første introduksjonen for den ikoniske spelfiguren Solid Snake. Supersoldaten med den grove stemma blei midtpunktet i eit spel som skulle få enormt mykje å seie for snikesjangeren.

Sidan den tid har vi fått ei lang rekke spel i Metal Gear-universet. Både PlayStation 2, PSP og PlayStation 4 har fått sine kapittel i den alltids forvirrande historia om Solid Snake og hans likemenn. Tidlegare i år dukka Metal Gear Solid 2: Sons of Liberty-helten Raiden opp i det fantastiske Metal Gear Rising: Reveangance.

Metal Gear Solid har på si side allereie fått seg ein nyversjon i form av Silikon Knights Metal Gear Solid: The Twin Snakes til GameCube. No kan det likevel sjå ut til at spelet igjen vil få seg ein finpuss.

Les også: Anmeldelse: Metal Gear Solid HD Collection Les også: De beste nyversjonene

Siste fra forsiden