Test

Corsair HS80 RGB Wireless

Mikrofonen imponerer sterkt

Corsair har løfta seg betydeleg.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Corsair er nok mest kjend for tastatur og kabinett her i Noreg, men har levert fleire og fleire lydprodukt dei siste åra. Me gav Corsair Void Elite Wireless 6,5/10 då me testa det i fjor, og no har me fått inn toppmodellen deira i HS-serien.

Corsair HS80 RGB Wireless er eit behageleg og stilreint gamingheadsett med grei batterilevetid til 1500 kroner. Det er mange svært kapable produkt i denne prisklassen, så me har brukt nokre veker med headsettet for å sjå om Corsair klarar å levere betre enn i fjor.

Og det gjer dei.

Design og komfort

Med sine 367 gram er Corsair HS80 RGB Wireless på det jamne når det gjeld vekt. Byggekvaliteten er det lite å seie på, for både plasten i bøyelen og klokkene og metallfestet mellom dei verkar solid.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ei skibrillereim sikrar at headsettet kvilar behageleg på hovudet mitt, og gjer at eg enkelt kan justere passforma. Klokkene sit som støypt på det mellomstore hovudet mitt. Eg har likevel ein mistanke at dei med større hovud kan få nokre vanskar med komforten her, då det same er tilfelle med SteelSeries sin Arctis-serie. Den har òg ei slik reim.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Generelt lever komfortnivået opp til prisen her, og eg har ikkje noko problem med å bruke headsettet gjennom lange gamingøkter. Det er ikkje det beste du får tak i, men det er meir enn bra nok.

Tilkopling og knappar

Corsair HS80 RGB Wireless har berre to knappar på headsettet – eit rullehjul for volum og ein av/på-knapp. Mikrofonen må du dempe ved å ta han opp. Funksjonaliteten er altså ganske avgrensa her, men det treng ikkje bety så mykje.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den trådlause koplinga går via det trådlause 2.4GHz-bandet til ein USB-mottakar. Det er absolutt ingenting kvitt støy, og opp mot 20 timar batterilevetid (i praksis rundt 14–15 timar med RGB) gjer at det er svært få irritasjonar som følgje av koplinga.

Batteriet held lenge nok til at det ikkje verkar irriterande å lade med USB C-kabelen. Det tar nokre timar før det er fullt igjen, men du kan bruke det medan det ladar. Likevel, me har testa headsett i denne prisklassen med 30 timar batterilevetid, så det er litt å gå på.

Lyd

Drivarane på 50mm speler meir enn høgt nok, og leverer lydkvalitet omtrent på linje med konkurrentar som HyperX Cloud II Wireless. Headsettet støttar lyd på 48 kHz når ein speler trådlaust, og 96 kHz når headsettet er kopla til med kabel. Det er vanskeleg å høyre forskjell.

Lyden har ein varm profil med nøyaktige mellomtonar, men manglar presisjon i den djupaste bassen og den lysaste diskanten. Det kan gjere at ein del detaljar i lydbiletet forsvinn i meir komplekse songar. Headsettet har heller ingen form for støydemping, og den passive støydempinga er i praksis ikkje-eksisterande.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Equalizeren på ti spor kan rette opp i noko av presisjonen med å skru litt på dei høgare frekvensane, men eg merkar at nokre av nyansane i lyse vokalar manglar.

Corsair har òg implementert støtte for Dolby Atmos. Headsettet kjem med ein livstidslisens på Atmos, men du er avhengig av å laste ned både Dolby Access og Corsair iCue for å bruke det. Dolby Access gir òg moglegheit for å setje opp eigne profilar til film, spel og musikk, der ein kan velje mellom ein «detaljert», «nøytral» og «varm» lydprofil. Det er òg ein eigen EQ på ti spor for Dolby Atmos.

Det er berre på PC ein får tilgang til Dolby Atmos, som i praksis gjer at det ikkje er veldig vits i å kjøpe headsettet til konsollbruk.

Eg saknar eigentleg ikkje noko surroundløysing her. Dolby Atmos fungerer fint til både spel og film, og har langt høgare lydkvalitet enn dei fleste av dei virtuelle 7.1-surroundløysingane som gamingheadsett ofte har.

Mikrofon

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det fremste trekkplasteret ved HS80 er mikrofonen. Dette er den klart beste mikrofonen me har testa på trådlause headsett under 2000 kroner, og gjengir stemma mi nøyaktig utan noko særleg forvrenging. Lydnivået held stand sjølv på 70–80 prosent av maks.

Mikrofonen tar òg vekk ein del bakgrunnsstøy, og har låg forseinking.

I opptaket under kan de høyre mikrofonen på fullt nivå, med bakgrunnsstøy.

Programvare og RGB

Corsair iCue er ei omfattande programvare som kan handsame komponentar i heile datamaskinen din. Det viser blant anna statistikk som temperatur på skjermkort og prosessor, og lar deg endre lys på til dømes hovudkort frå andre produsentar.

Dessverre er det ikkje all verda med funksjonalitet for headsettet.

RGB-lyset har fire ulike profilar. Dei einaste RGB-elementa er ein Corsair-logo på kvar øyreklokke, så det er ikkje så mykje å leike med her.

Konklusjon

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Corsair HS80 RGB Wireless er eit solid og behageleg gamingheadsett med ganske god lydkvalitet. Det gjer jobben til alle ulike typar spel, og gir deg ei akseptabel lytteoppleving for musikk i forhold til prislappen på 1500 kroner.

Unøyaktig gjengiving av høge og låge lydfrekvensar, middels batterilevetid og litt høg pris fører til at me ikkje når heilt opp når det kjem til karakteren her, men ein svært imponerande mikrofon gjer Corsair HS80 RGB Wireless til ei generelt god pakke – berre sørg for å prøve det før du kjøper om du har eit stort hovud.

7.5
/10
Stilig design med RGB-lys
Behageleg og solid
Grei batterilevetid
God lydkvalitet
Støtte for Dolby Atmos
EQ med ti spor
Imponerande mikrofon
Berre Dolby Atmos på PC
Djup bass er upresis
Lys diskant er endå meir upresis
Ingen ChatMix

Siste fra forsiden