Anmeldelse

Ratchet & Clank: A Crack in Time

Når tida står stille

Lodotten og blikkboksen på nye galaktiske eventyr.

1: Side 1
2: Side 2

Tidsklemma

I tillegg til utforskinga av rommet, er det ei anna nyvinning i A Crack in Time som må nemnast. I store delar av spelet er Ratchet og Clank separert, og dette gir oss sjansen til å storkose oss i rolla som Clank. Nivåa med Clank byr sjeldan på utfordringar i form av fiendar, men krev desto meir av dei små grå. Clank har enda opp i ein posisjon der han må ta kontroll over tid, og i nokre situasjonar må han ta opp fleire hologram av seg sjølv for å løyse eit problem.

I aksjon er konseptet veldig enkelt. Du kjem inn i eit rom der du har kanskje fire felt i primærfargar liggjande framfor deg. Du går til det første, og byrjar å ta opp din første sekvens. Dette kan vere så enkelt som å til dømes trykkje på ein knapp for å opne ei dør. Deretter byrjar du å ta opp frå felt nummer to. Medan du spring mot døra, ser du deg sjølv opne den i form av hologrammet frå felt nummer ein.

På denne måten låser du opp vegen din steg for steg, og det blir meir og meir avansert heile tida. Nokre gonger må du overskrive tidlegare opptak til fordel for meir avanserte operasjonar for å kome deg vidare, og dette kan raskt bli ei skikkeleg utfordring. Om du ikkje skulle like denne biten, eller ikkje får den til, kan du velje å hoppe over dei.

Med det som er nytt i spelet, er det likevel vanskeleg å verkeleg la seg engasjere. Det er moro, men kjensla ein sit igjen med er at dette har vi gjort før, veldig mange gonger. Det er ikkje noko direkte gale i det, men det hadde vore veldig hyggeleg med litt meir nytt.

Kvar kjem eg frå?

A Crack in Time tek føre seg det vi kanskje kan kalle eksistensielle spørsmål. Det er ikkje akkurat djup filosofi vi snakkar om, men likevel, vi får ein litt lett versjon av det å finne seg sjølv. Sjølvsagt er det heile samtidig blanda med ein solid porsjon absurd humor som Douglas Adams sikkert hadde godkjent. Ratchet og Clank er som sagt ofte separert, og dette sender dei begge ut i situasjonar som gir utviklarane mykje å gå på når dei skal fortelje historia.

Utover forsøka på å lære seg sjølv å kjenne, er det aldri slutt på konfliktane i det store universet. Dr. Nefarious er på krigsstigen, og denne gong er han ute etter å bruke «Den Store Klokka», noko den kløktige forteljarstemma kan informere oss om ligg midt i universet, gje eller ta 50 fot.

Det er vanskeleg å seie nøyaktig kva som er Ratchet & Clank-serien si sterkaste side, men forteljarteknikken ligg definitivt langt oppe på lista. Igjen får vi servert ei underhaldande historie som demonstrerer med glans at radarparet på ingen måte er i ferd med å bli for gamle. Humoren er der, dramatikken er der, absurde fakter er der, og det heile kjem saman i ei triveleg røre som vil få både minstemann og eldstemann til å flire, om enn av heilt forskjellege grunnar.

Sjølv om ei historie ser bra ut på papiret, er ikkje dette alltid nok for å få den til å engasjere. Den skal utleverast godt òg, noko Insomniac veit betre enn dei fleste andre. Det er ekstremt få spel der ute som er så grundig gjennomført med fabelaktig skodespel som Ratchet & Clank-serien. Det finnest ikkje ei einaste stemme som skurrar, og du høyrer så mykje bra arbeid i løpet av dei om lag ti timane det tek å kome gjennom spelet, at det på alle måtar er på høgde med ein storproduksjon frå Disney.

Dette er noko du vil merke enda betre gjennom ein gigantisk kontrast om du skulle skru over til norsk tale, der det heile gir inntrykk av å vere ein billeg produksjon. Stemmene er greie, utleveringa er grei, men det er samtidig alt. Den norske versjonen er grei. Nesten all sjarmen og alt særpreget er borte, og igjen står noko som kunne ha gått på Barne TV ein tidleg morgon.

Konklusjon

Ratchet & Clank Future: A Crack in Time sitt hovudproblem er at det er grenser for kor mange gonger ein kan gjer ein ting om igjen før ein får kjensla av at ein kanskje har gjort det nok. I forhold til dei andre Ratchet & Clank-spela er A Crack in Time absolutt på høgde, men samtidig er det litt for lite nytt å spore til at eg kan sjå på det som eit garantert kjøp. Det å fly fritt i universet, og bretta der du styrer Clank er velkomne tillegg, men samtidig er det ikkje nok. Totalt sett blir det litt for lite nytt til at ein verkeleg blir imponert.

Det er absolutt eit underhaldande spel, og historia er som vanleg fabelaktig, med herleg dramaturgi og fantastisk skodespel. Gode historier i dette universet er nok noko eg aldri går lei av, og om Insomniac ein vakker dag får resten av spelet opp på same nivå, vil det bli fantastisk.

Med Ratchet & Clank Future: A Crack in Time får du nøyaktig det du trur du vil få. Det er eit engasjerande spel du ikkje vil gå lei av, men det kunne ha vore så mykje meir.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden