Anmeldelse

Ratchet & Clank: A Crack in Time

Når tida står stille

Lodotten og blikkboksen på nye galaktiske eventyr.

1: Side 1
2: Side 2

Ein kan byrje å lure på kor lenge denne kua skal bli mjølkast. Det har blitt nokre år sidan eg for fyrste gong blei kjend med Ratchet & Clank, og i motsetning til dei fleste andre seriar som kan skryte på seg å ha levd like lenge, er det så godt som null utvikling å spore hos Insomniac sine maskotar. A Crack in Time heiter det nyaste spelet, og det stemmer ganske godt. Det er ein solid knekk her, ein knekk som har fått tida til å stå fullstendig stille. Hos Insomniac er evolusjon tydelegvis berre ein teori dei lattermildt dreg fram i hyggjelege lag.

Men klagar vi? Berre litt. Sjølv om Ratchet & Clank ikkje har utvikla seg slik til dømes Mario har ein tendens til å gjere, er kvart spel dei er med i fylt med sjarm, glede og god underhaldning av det slaget vi ikkje seier nei takk til. Spelet er enkelt, lettfatteleg og for det aller meste svært lett å like, noko som eigentleg ikkje gjer mangelen på utvikling så prekær.

Trauste karar

Sjølv om eg no har det ganske moro med mangelen på innovasjon, og sender rekninga til Insomniac, betyr ikkje det at Insomniac er ein lat gjeng. Dei har berre funne formelen som fungerer. Den som sel. Det er ein formel som har endra seg frykteleg lite over åra, sjølv om det er ei og anna nyvinning å spore ein og annan stad mellom A og Å.

Den aller viktigaste av desse er den fridomen du no har i rommet. I staden for å velje kvar du vil reise, flyr du dit. Du har eit knippe solsystem å velje mellom, og innanfor desse kan du fly som du vil. Du susar av garde i eit tregt romskip mot næraste planet for å løyse oppdrag, men om du vil, kan du ta ein eller fleire stoppar. Solsystema er krydra med forskjellege distraksjonar, og dette er enten fiendar, skip som hyrer deg for ein jobb, eller små månar du kan lande på.

Desse månane er eit fint trekk, og dei sender eigentleg tankane litt tilbake til Mario. Miniplanetane er små, runde og medan du utforskar dei kan ein sjå heile solsystemet rotere med deg. Det einaste du eigentleg gjer på månane er nøyaktig det same som du gjer på alle andre oppdrag, men dei tek veldig kort tid å utforske, noko som gjer det veldig lett å bruke tid på dei. Du kan i tillegg tene mange ekstra mutterar å handle våpen for, oppgraderingar til våpna dine, eller Zoni-romvesen som kan oppgradere romskipet ditt.

Skuffande våpen

Det heftige arsenalet har alltid vore ei av Ratchet & Clank sine aller sterkaste sider, og dette er ikkje noko unntak no heller. Det som er litt leit er at det er så lite nytt å spore. Vi har sett det meste før, og det som måtte vere nytt, imponerer ikkje i så stor grad at ein eigentleg let seg imponere. Samtidig er det kanskje hakket for mange våpen etter kvart. Eg har merka veldig tydeleg at mesteparten av våpna berre blir brukt om eg er tom for ammunisjon på dei andre.

I eit spel som set sin lit til å ha dei kulaste våpna i universet, er dette ein ganske stor nedtur, og grunnen er veldig enkel; det er rett og slett ikkje så mange av dei som gjer ein god nok jobb. Ei handfull våpen er alltid nyttige, men svært mange våpen er enten upraktiske, eller så er dei rett og slett dårlege alternativ i dei fleste situasjonar.

Eit døme på dette er froskevåpenet. Artig nok er dette eit beist som ropar ut eit paringsrop, noko som svimeslår fienden. Å svimeslå fienden gang på gang sørgjer berre for at jobben du kunne ha gjort raskare med eit anna våpen som til dømes pistolen du byrjar med, tek mykje lengre tid. Samtidig er sjansen for å bli skada sjølv mykje større. I tillegg har vi nokre isminer som frys fienden ei stund. Den held ikkje lenge nok til at det betyr stort, og når ein samtidig har miner som drep fiendane, kva er poenget?

Det endar fort opp med at ein forsøk dei nye våpna ein og anna gong, før ein legg dei vekk og går over til det som fungerer.

Herleg nostalgi

Det er vanskeleg å kritisere Ratchet & Clank for mykje, for uansett kor lite nytt det skulle vere å spore, og uavhengig av om alle våpna er effektive eller ikkje, kjem du definitivt til å ha det moro. Ratchet & Clank er omlag den einaste serien som framleis presterer å levere action, plattform og solide gåter i ei og same pakke. Du vil vitje det eine området etter det andre designa på måtar som vil trylle fram ei magisk kjensle i deg. Vi snakkar ikkje om adrenalin og høgt blodtrykk, men rein og skjær glede.

Dei forskjellege områda er bygde opp på måtar som vil gi deg ei utfordring, men ei utfordring som aldri varer for lenge. Du finn litt hopping her, litt strategisk tenking der, og ein solid kamp mot nokre romvesen der. Balansen mellom utforsking og action er god, og det blir heller aldri for vanskeleg. Samtidig er det herleg å springe rundt i dei fargerike og flotte miljøa spelet byr på. Det er ikkje blant dei vakraste spela på PlayStation 3, men alt er gjort på ein heilskapleg måte som bringar dei forskjellege skapningane i rommet til live på ein flott måte.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden