Blodrøde tal for Funcom i 2022

Noregs største spelutviklar feira 30 år med eit kjempetap

Funcom leverte blodraude tal i 2022, men auka omsetninga kraftig.

Skjermbilde fra kommende Dune: Awakening.
Funcom

Funcom Oslo er landets desidert største spelutviklingsselskap, og arbeidar for tida med det komande spelet Dune: Awakening.

Utviklar- og utgivarselskapet hadde i fjor eit underskott på 162,6 millionar kroner. I år feirar dei 30 år, og leverte altså nyleg ein årsrekneskap med det største tapet sitt nokosinne.

Samstundes har omsetninga deira auka med 73 prosent frå 2021 til 2022. Funcom Oslo hadde inntekter på 398,5 millionar kroner i 2022.

Selskapet har ikkje gått i pluss sidan 2018, og har tapt 225 millionar kroner etter det.

Dobla kostnadane

Funcom hadde 554 millionar kroner i utgifter i fjor, opp frå 241 millionar i 2021.

Finanskostnadane hamna på 48 millionar, og gav eit resultat før skatt på 204 millionar kroner i minus. Dei fekk altså igjen 41,6 millionar på skatten.

Eigenkapitalen til selskapet blei nesten halvert frå 2021 til 2022, og ligg no på i underkant av 153 millionar.

– Tapa er på grunn av store investeringar i vekst, og på grunn av nedskriving av eit spel under utvikling, skriv Funcom i årsrapporten.

Det er Dune: Awakening dei investerer i for tida. Det er ikkje usikkerheit om drifta, trass dei store tapa dei siste åra.

Kuttar andre spel

I 2022 har Funcom blant anna vore med på å gi ut Metal: Hellsinger, Conan Chop Chop og lansert utvidinga Age of Sorcery til Conan Exiles.

Framover er fokuset på store fleirspelarprosjekt.

Her ser Funcom eit klart potensial for inntening, spesielt i lys av at dei blei kjøpt opp av kinesiske Tencent i 2020. Kjøpet har gitt dei økonomiske musklar til å ta på seg større prosjekt. Samstundes krev fokuset på fleirspelarspel all kapasiteten i selskapet.

– Intern spelutvikling innan andre segment har difor blitt kansellert for å fokusere ressursane våre, skriv dei.

Dune: Awakening vil ha mykje å seie for den økonomiske framtida deira.

Siste fra forsiden