Nytt Total War-spel satsar på nettslag

Massive kampar med tjue spelarar er neste stopp for den populære strategiserien.

SAN FRANCISCO (Gamer.no): Under eit foredrag på GDC-messa i San Francisco torsdag kunngjorde James Russel frå Creative Assembly eit heilt nytt spel i Total War-serien; Total War: Arena. Spelet blir ulikt noko anna vi har sett før. I staden for å ha hovudfokuset på ein solid og avansert historiemodus, vil Total War: Arena utelukkande handle om fleirspelar.

Dette får sine konsekvensar. I staden for å ta kontrollen over mangfaldige soldatgrupper vil du i Total War: Arena berre kontrollere tre. Samtidig vil det vere snakk om massive slag med ti mot ti spelarar, og kvar spelar vil måtte innta spesifikke roller. Kanskje vil du ha fokus på bogeskytarar, medan dine allierte har kontroll over fotsoldatar og kavaleri. Saman må spelarane støtte opp mot kvarandre og leggje strategiske planar for å ta knekken på det motstridande laget. Russel samanliknar det heile meir med eit MMO enn med eit MOBA.

Mikrokontroll i Total War: Arena.

Total War: Arena blir i likskap med mange andre nye spel den siste tida gratis å spele. Hovudgrunnen til dette er i følgje Russel at dei er avhengige av å ha ein stor spelarbase. Ved å gjere inngangsportalen så enkel håpar dei å nå dette målet. Spelet vil innehalde mikrotransaksjonar, men Russel gjekk ikkje i detalj på kva desse vil gå ut på utover at det handlar om belønningar.

Sidan Total War: Arena er eit spel der mange spelarar går mot kvarandre har utviklarane sett seg nøydde til å gjere visse endringar på dei grunnleggjande mekanikkane. Til dømes er det ein stor sjanse for at du aktiv kan gå inn og avgjere når bogeskytarar skal sleppe laus pilene sine.

Ei endring vi fekk demonstrert var korleis to grupper med soldatar ikkje lenger fungerer som to blokker som stangar mot kvarandre. I Total War: Arena kan grupper med soldatar pakke seg rundt andre, og du kan i tillegg detaljstyre individuelle soldatar i ei gruppe. På toppen av dette får kvar soldat helsepoeng, i motsetning til andre spel i serien der kvar soldat er eit helsepoeng.

Om du er interessert i å sjekke ut korleis alt dette fungerer i praksis kan du ta turen til den offisielle nettstaden til spelet for å melde deg på betatestinga.

Les også: Total War-skapere med Warhammer-lisens Les også: Anmeldelse: Total War: Shogun 2: Fall of the Samurai

Siste fra forsiden