Project CARS 2 kjem antakeleg til hausten

Oppfølgjar til det populære racingspelet kjem fortare enn antatt.

Slightly Mad Studios

Project CARS har sidan det kom ut i fjor blitt eit av dei mest populære bilspela på PC. Den imponerande grafikken og dei gode styremekanikkane har gjort det til ein hit blant racingentusiastar. Det var difor ingen overrasking at det blei annonsert ein oppfølgjar kort tid etter det kom ut.

Det andre spelet i serien skal kome til hausten, og byr på ei rekkje forbetringar over det første.

Kjem antakeleg i september

Det går unna i Project CARS 2.
Slightly Mad Studios

Slightly Mad Studios har haldt korta nært til brystet sidan dei delte nyheita om Project CARS 2 i fjor. Det har vore veldig lite informasjon om det komande spelet i det siste året, men no har dei endeleg kome med eit estimat for sleppdatoen.

– Me er framleis litt bak skjema med brukargrensesnittet og karrieremodusen, så ingenting er avgjort enno. Den noverande gjettinga er rundt september, seier Ian Bell, administrerande direktør for spelets utviklar, på forumet deira.

Det første spelet mangla ein god del lisensierte bilar, deriblant ikon som Nissan Skyline. Det er berre mogleg å få tak i slike bilar via modifikasjonar. Ian Bell forsikrar no spelarane om at manglande bilar i det første spelet vil vere på plass i Project CARS 2. Totalt vil det vere over 200 forskjellege bilar, fordelt på 40 ulike typar køyretøy.

Det nye spelet skal strekkje seg over 50 stadar, og har visstnok fleire hundre banar. Utviklaren meiner dette er det mest omfattande talet på banar i eit racingspel nokosinne.

Gamer.no kalte Project CARS «årtusnets heftigaste racingspel»

Siste fra forsiden