Anmeldelse

Puddle

Rennande puslefysikk til å bli frustrert av.

Ein tenkjer ikkje alltid over det, men dei aller fleste dataspel har ein viss respekt for fysikkens lover, då spesielt tyngdekrafta; spelfigurane står for det aller meste med beina godt planta på den virtuelle jorda, og dei som er i stand til å hoppe, landar stort sett ganske kjapt. Enkelte sjangrar drar fysikken inn som ein hakket meir aktiv faktor i spelmekanikken, som til dømes bil- og sportsspel. Endå vidare har du den typen spel som lar naturlovene utgjere sjølve premissen for spelet.

Det er i denne kategorien Puddle er å finne. Ja, her er det faktisk ikkje berre fysikkdelen av naturfaget som tar del, men òg kjemi og biologi. Målet er å manøvrere ein liten pytt med væske frå A til B gjennom eit todimensjonalt brett, utan å miste for mange dropar undervegs. Kva væske det er snakk om varierer frå nivå til nivå, frå uskuldige kaffi og vatn, via giftig ugrasmiddel, til eksplosiv nitroglyserin, og mange fleire. Alle har dei unike eigenskapar, og må derav handterast på ulike vis.

Variert, men vrient

Det er ikkje berre væsketypane som er varierte, det er òg i aller høgste grad sjølve bretta. Her er ein innom skrivepultar, kloakksystem, menneskekroppen, verdsrommet, og ein heil del anna. I enkelte omgjevnader vil naturleg nok fysikken endre seg, og væska vil dermed oppføre seg annleis. Dette er forfriskande, og bidrar til at Puddle aldri blir keisamt, men det er likevel ikkje utelukkande positivt. Enkelte omgjevnader, kanskje aller mest dei bretta som går føre seg inni kroppen, gjer nemlig styringa heller lite intuitiv, og det heile blir meir eit spørsmål om lukke og fromme enn dyktigheit. Stadig vekk sit eg med ei kjensle av at det var litt tilfeldig at eg klarte eit brett på tredje forsøket, og ikkje på andre.

Problematisk er det òg at det til tider kan vere nokså vanskeleg å sjå kva ein må gjere for å få med seg nok væske til mål; viss ein mistar for mykje, må ein nemlig starte brettet på nytt. Stort sett lar dette seg likevel ordne ved prøving og feiling. Verre er det då at det, ved visse hindringar, verkar plent umogeleg å unngå å miste væske. Ein har til ei kvar tid eit avgrensa sett med mogelegheiter til handling, og når ingen av desse fungerer utan at storparten av dropane smeltar vekk, så blir det fort meir frustrerande enn utfordrande.

For det skal vere sagt, her er ingen mangel på utfordringar: Puddle er eit vanskeleg spel. Set ein seg då riktig fast, så er det fint å ha den såkalla «whine»-funksjonen, som gir deg lov til å hoppe over opptil fire brett utan å fullføre dei. Denne fikse ideen tyder på sjølvinnsikt hos utviklarane: Utfordringa er like hard for dei som set pris på den slags, mens for dei som ikkje orkar eller har tid til å streve seg gjennom alt, gir dette likevel eit høve til å kome seg gjennom spelet.

Av med fjernsynet

Når det gjeld kontrollar, så er standardinnstillinga at ein bruker rørslesensoren i GamePad-en, og derav vippar heile sulamitten til høgre og venstre for å få gugga til å renne. Det viser seg diverre fort at dette ikkje på noko vis er ein optimal måte å styre på, fordi spelverda berre lar seg helle inntil eit visst punkt. I iveren etter å få væska til å strøyme slik ein vil, er det då fort gjort å vippe GamePad-en forbi dette punktet, noko som ikkje fører til anna enn at det blir umogeleg å bedømme hellinga nokolunde nøyaktig. Heldigvis finst det alternative styremetodar, og for meg blei skulderknappane raskt ein favoritt, då ein med dei heile tida har full kontroll og oversikt over hellingsgraden på verda, og kor grensa for denne går.

På den visuelle fronten er det lite å utsetje på Puddle. Grafikken er glasklar og skarp, det heile er presentert i livlige fargar, bretta og alt rundt dei ser veldig bra ut, mens dei forskjellige formene for væske ser heilt ok ut. Som nemnd kan ein ta i bruk vippesensoren i GamePad-en til å styre med, men sjølv om ein ikkje gjer det, er det utvilsamt GamePad-skjermen som er den du kjem til å sjå mest på. Eg har prøvd å skotte bort på fjernsynsskjermen innimellom, men stort sett har eg spelt med fjernsynet av; spelmekanikken gjer at det å ha skjermen mellom hendene rett og slett er langt meir praktisk.

Konklusjon

Utviklarane, Neko Entertainment, har gjort ein solid jobb med Puddle: Det er svært variert, det er fint å sjå på, og det tilbyr ei skikkeleg utfordring sjølv for rutinerte gamerar. Dessutan er namnet eit diskré, lite ordspel på sjangeren – sjarmerande. Positivt er det òg at dei har inkludert ein funksjon som gjer det mogeleg å hoppe over opptil fire brett, om ein står bom fast.

Når eg likevel sjeldan er lysten på å bruke stort meir enn ein halvtimes tid i slengen på dette spelet, er det mykje fordi det ikkje berre er vanskeleg å utføre det ein prøver på – det er òg vanskeleg å forstå kva det er som går galt, og kva ein må endre for å få det til. Det kjenst som om ein er i overkant prisgitt tilfeldigheiter, og det er nok til ein viss grad sant. I og med at ein berre kan påverke verda rundt væskepytten, og ikkje væska direkte, vil det nødvendigvis vere vanskeleg å få gugga til å gjere heilt som ein vil. Det blir litt som i Football Manager – ein kan ikkje spele kampen sjølv, ein kan berre leggje til rette så godt ein kan for at det går vegen. Eg seier ikkje at desse lite manøvrerbare hindringane gjer Puddle til eit dårleg spel, men det hadde nok likevel vore betre utan.

Puddle er i sal digitalt for Wii U (testa), PlayStation 3, Xbox 360, PC og Vita.

Siste fra forsiden