Raseri i neste Starcraft

Heart of the Swarm blir fullt av sinne, hemn og hat.

I eit intervju med Gamespot har Dustin Browder, sjefsdesigner for Starcraft II, informert litt om kva vi kan vente oss i fortsetjinga på Starcraft-sagaen. Har du ikkje spelt deg gjennom Starcraft II: Wings of Liberty – eller vil unngå absolutt alle hint om Heart of the Swarm – kan det nok vere lurt å stoppe å lese no.

Avslutninga på Wings of Liberty la i aller høgste grad opp til at historia kan gå fleire vega. Motstandrørsla slo tilbake massive Zerg-angrep, og Raynor møtte endeleg sin kjære Sarah Kerrigan igjen. I følgje Browder vil det ikkje vere nok med varme gjenforeiningar, og Kerrigan vil i Heart of the Swarm måtta ta stilling til alt ho har vore gjennom fram til no:

Kerrigan sliter mentalt.
Kerrigan sliter mentalt.

– Kerrigan har blitt dårleg behandla av universet. Ho har blitt forråda av Arcturus Mengsk, etterleten, og teken av Zerg for å ta livet av millionar. No har ho fått tilbake litt av sin fire vilje, og ho er forbanna. Det vil bli utfordrande for ho. Vil ho gi etter for raseriet, eller vil ho ta steget til eit høgare nivå?

Dette vil ikkje bli ein enkel prosess for Kerrigan, og Browder kan fortelje at ho vil bli temmeleg dårleg behandla i historia:

– Vi vil gje den stakkars jenta ein del pryl i Heart of the Swarm. Raynor hadde det til samanlikning lett i Wings of Liberty. Kerrigan har erfart mykje tap og øydelegging, og ho vil vere rasande grunna alt som har blitt tatt frå ho.

Starcraft II: Heart of the Swarm kjem i sal ein gong til neste år. I god Blizzard-tradisjon er det ikkje ferdig før det er ferdig.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen