Republique når Kickstarter-mål

Enda eit spel ser dagens lys grunna den populære tenesta.

Det skjer mykje på Kickstarter-fronten for tida. Det starta med Double Fine sitt nye eventyrspel som håva inn fleire millionar på ein månad. I april blei det klart at Wasteland 2 nådde målet sitt med klar margin, og tidlegare i mai nådde Jane Jensen sitt nye eventyrspel sin påkrevde sum. No har enda eit spanande prosjekt nådd målet sitt.

Republique er eit spel frå tidlegare Kojima Productions og 343 Industries-mann Ryan Payton. Saman med utviklarar som har vore med på alt frå Metal Gear Solid, Halo, F.E.A.R., og diverse reklamekampanjar har han starta Camoflaj, som står for utviklinga av Republique. I spelet møter vi Hope som lev i ein totalitær stat. Med ein stolen telefon ringer ho deg og ber deg om hjelp til å hacke inn i statens overvakningssystem, ta kontroll, og hjelpe ho med å flykte.

Republiqe blir tilgjengeleg for iOS, PC og Mac, og lovar å by på eit intuitivt gameplay der du aldri tek direkte kontroll over Hope, men i staden skal hjelpe ho til å navigere seg gjennom verda. Ved å trykkje på diverse objekt kan du slå av lys, avlytte telefonar, hente ein heis, eller slenge igjen døra i trynet på dei som følgjer etter den stakkars jenta. Versjonen som kjem til PC og Mac vil by på fleire gameplay- og historieelement skreddarsydd for mus og tastatur.

Republique ser ut til å vere eit ganske unikt konsept, men starten på Kickstarter var ikkje enkel. Opprinneleg var spelet berre meint for iOS, men sidan kronerullinga gjekk tregt, valde utviklarane å lage spelet for PC og Mac òg. I tillegg annonserte utviklarane at kjende stemmeskodespelarar som David Hayter og Jennifer Hale vil vere innvolvert, og dette fekk fart på ting. I dag, berre timar før Kickstarter-kampanjen var over nådde dei endeleg målet sitt på 500 000 dollar.

Les også: Kommentar: Får vi en ny spillrevolusjon Les også: Kickstarter takker Double Fine

Siste fra forsiden