Resident Evil 4 relanserast på PC

Capcom diskar opp med HD-utgåve i slutten av februar.

Ein av Capcoms største suksessar både blant kritikarar og publikum er Resident Evil 4. Spelet skreiv fullstendig om formelen skrekkserien hadde basert seg på, og introduserte nye element som til dømes utviklarane av Gears of War har innrømma å ha blitt inspirerte av.

Spelet blei originalt lansert på GameCube til stor fanfare, men fekk seinare fleire versjonar på ulike maskiner, deriblant PC. Den originale PC-versjonen av Resident Evil 4 var derimot langt frå like god som dei andre versjonane. Den sleit både med tekniske og grafiske problem, samt eit kontrolloppsett som langt frå var like brukarvenleg som på konsoll.

Den «ultimate» HD-utgåva

På tide å ta opp kampen igjen.

I kveld har Capcom sendt ut ei pressemelding der dei fortel at Resident Evil 4 er på veg tilbake til PC i ei ny og oppussa utgåve. Denne utgåva vil i motsetning til den tidlegare PC-utgåva kome med forbetra teksturar, full støtte for kontrollar, samt at Capcom har oppdatert menyar og tekst for moderne maskiner. I tillegg vil spelet køyre i 60 bilete i sekundet, noko som absolutt ikkje er sjølvsagt for PC-versjonar frå Japan.

Av skjermbileta å døme ser det likevel ikkje ut til å ha skjedd mykje sidan spelet blei lansert på PlayStation 3 og Xbox 360.

Resident Evil 4 Ultimate HD Edition vil bli lansert eksklusivt for Steam, og vil by prestasjonar, Steam Cloud, Steam Trading Cards og poengtavler. I tillegg fortel pressemeldinga at spelet vil by på alt innhald frå dei tidlegare versjonane av spelet.

Lanseringa for den førebels siste versjonen av Resident Evil 4 er 28. februar.

Om du er interessert i skrekkspel bør du få med deg vår artikkel om grøssarspela si historie?

Siste fra forsiden