Risen 3 kjem i år

Piranha Bytes droppar piratar til fordel for tradisjonsrik fantasi.

Etter å ha skapt den respekterte Gothic-serien, braut utviklaren Piranha Bytes med utgjevaren JoWood. Deretter skapte dei rollespelserien Risen. Det første spelet i denne serien fekk svært god mottaking, men den piratinspirerte oppfølgjaren var langt frå like populær.

Dette ser derimot ikkje ut til å ha demotivert tyskarane i Piranha Bytes, for i dag har Deep Silver sendt ut ei pressemelding der dei fortel at eit nytt spel i Risen-serien er på veg. Spelet har fått namnet Risen 3: Titan Lords, og vil gå tilbake til Piranha Bytes sine røter.

Tradisjonelt rollespel

Det ser ut til å bli rikeleg med trolldom i Risen 3.
Deep Silver

Piranha Bytes ser ut til å ha droppa piratar til fordel for velkjende sverd og magi. Pressemeldinga er ganske fattig på detaljar, men vi blir lova ei stor, sjarmerande og handbygd verd der alle val kan få store konsekvensar.

«Som ein snikkar lagar handlaga møblar, har vi sett saman historia, karakterane og landskapet inntil alt passar, og spelaren kan oppdage noko nytt overalt. Utforsking er svært viktig i spelet vårt», fortel Bjoern Pankratz frå Piranha Bytes i ein noko poetisk kommentar.

Historia i Risen tek plass i ei verd der gudane praktisk talt har stukke av, og ein krig mellom titanar herjar. Du tek på den rolla som ein ung mann som mistar sjela si, og må leggje ut på ferd i ei verd omslynga av mørke.

Risen 3: Titan Lords vil kome i sal for Windows, Xbox 360 og PlayStation 3 i august.

Om du elskar rollespel, men er lei av magi og mytologiske beist, bør du sjekke ut det komande rollespelet Kingdom Come: Deliverance. Der prøvar utviklarane å lage skape ei svært realistisk verd.

Siste fra forsiden