Sniper: Ghost Warrior 3 utsatt for tredje gong

Utviklaren treng meir tid til finpussing.

CI Games

Skarpskytarserien Sniper: Ghost Warrior får snart eit nytt innslag, men det verkar som me må vente litt lengre enn me trudde. Etter tilbakemeldingar på ein lukka betatest i februar, har utviklar CI Games bestemt at sleppdatoen flyttast frå 4. april til 25. april.

Sniper: Ghost Warrior 3 er det største spelet utviklaren har laga, der ein får oppleve ei stor open verd med dynamisk vêr satt til Georgia. Dette er den tredje gongen spelet utsettast, som originalt skulle ha kome i 2016.

Tekniske problem

Sniper: Ghost Warrior 3 skal vere utviklarens mest ambisiøse prosjekt.
CI Games

Den førre gongen spelet blei utsatt kunne utviklaren fortelje at dei trengte meir tid på å optimalisere spelet for fleire plattformer. CI Games har ikkje sagt kva dei vil jobbe med denne gongen, men dei som spelte i den siste betatesten har meldt om store tekniske problem på PC. Sjølv flaggskipskjermkortet NVIDIA GTX 1080 hadde dropp i biletefrekvens til under 30 på spelets lågaste grafikkinnstilling, og maskinvarenettstaden Overclock3D meinte ytinga var direkte uakseptabel for eit moderne PC-spel.

– Sjølv om det er uheldig at me må utsette spelet ein siste gong, trur me at desse endringane vil resultere i ei betre oppleving for spelarane våre på sleppdatoen, skriv Marek Tyminsky, direktør for CI Games i ei pressemelding.

Sniper: Ghost Warrior 3 kjem ut 25. april til PC (Windows), Xbox One og PlayStation 4.

Les også: Ein snikskytars våte draum »

Siste fra forsiden