– Solospela er ikkje døde

Shadows of the Damned-regissøren nektar å gi opp.

I ein tidsalder der fleire og fleire utviklarar vel å inkludere ein fleirspelarmodus i spela sine, kan det no og då sjå ut til at spela som reindyrkar einspelarforteljingar ikkje har ei lys framtid i møte. Det er ikkje alle som er heilt med på denne trenden, noko Todd Howard frå Bethesda sine utsagn førre veke bar vitne om, og no har regissøren av det absurde spelet Shadows of the Damned, Massimo Guarini, kome med bana med sine tankar.

Til Gamespot fortel han at problemet er noko heilt anna enn at solospela er dødsdømde:

Jasså, så du trur eg er billeg?

– Problemet ligg meir i korleis dei blir produsert, kva kanalar dei blir selde gjennom, og kva dei kostar å kjøpe. Eg kan på ingen måte førestille meg at ei soloerfaring er mindre engasjerande eller interessant fordi den manglar fleirspelar. Derimot ser eg definitivt korleis folk som betalar 60 eller 70 dollar for eit spel kan vere sensitive til mangelen på ekstra innhald som kan rettferdiggjere kjøpet.

Shadows of the Damned blei ikkje akkurat ein kassasuksess, og selde ekstremt dårleg med berre 24.000 eksemplar i lanseringsmånaden. Guarini hevdar grunnen i stor del er at spelet tok så lang tid å lage at dei ikkje kunne få eit stort nok budsjett for å promotere det. Samtidig meiner han forretningsmodellen til spelindustrien må endrast, og at dei må ta lærdom frå korleis musikkindustrien har feila i å tilpasse seg den digitale revolusjonen.

– Vi sel framleis spela våre til skyhøge prisar fordi vi utviklar spel på same måte som for fem år sidan, berre med høgre produksjonskostnader. I staden for å endre perspektiva våre, strevar vi framleis med å fylle spela med innhald, prestasjonar og bonusar for å berre så vidt å rettferdiggjere prisen. Ein pris som er eit resultat av overdrive høge utviklings- og lisenseringskostnader.

Guarini meiner trass utfordringane og dei låge salstala til Shadows of the Damned at nye konsept er sjølve livslinja i spelindustrien, og at vanskane med heilt nye titlar er eit tydeleg teikn på at ein era er over.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden