Spelehallen gjer comeback: – Utruleg kult

Førre veke fekk kjøpesenteret Kvadrat eit realt nostalgitilskott. Men hallen møter veggen i byråkratiet, og risikerer å måtte legge ned.

KANONSTART: – Den første helga var kjempebra. Det var så mykje folk, seier assisterande butikksjef Solfrid Håland (28) ved Highscore Arcade på Kvadrat. Ho er ein av seks tilsette i den nye bedrifta.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Blinkande skjermar, dunkande bass, dunkelt lys og tett luft.

Nostalgikjensla ligg som ei skodde over det nye tilbodet ved kjøpesenteret Kvadrat på grensa mellom Stavanger og Sandnes.

Det er reine angrepet på sansane.

– Dette er utruleg kult. Det er ein kjekk stad å vere, seier Elias Elfatmi (12) medan han prøver å få ein Among Us-bamse opp med klomaskinen.

Det er ei knapp veke sidan spelehallen Highscore Arcade opna dørene. Pågangen har vore stor.

Elfatmi og kompisane er allereie innom for sitt andre besøk.

– Me har fått ein kjempestart. Kundane har gitt oss veldig gode tilbakemeldingar, og besøkstala er høge, seier dagleg leiar Carl William Runar (28).

Vil utvide

Fredag ettermiddag er det folksamt i dei ferske lokala.

– Det er ein skikkeleg bra plass. No har eg vore her i halvannan time, og er her for andre gongen. Bowlinga og Coconut Shy-spelet er vel favorittane mine så langt, seier Einar Madland (26).

I AKSJON: Einar Madland har hatt timevis med moro ved ballspelet Coconut Shy. Men det finst både Pacman, Halo, Minecraft og meir i lokala.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Gründerane bak konseptet, Game-On AS-sjef Eirik S. Jacobsen og Stavanger Oilers-profilen Lars-Peder Nagel, har planar om å opne fleire utsal.

Landet rundt.

– Viss den siste veka er nokon indikasjon, så lovar det godt, seier dagleg leiar Runar.

Dei har førebels ingen konkrete planar om kvar dei skal opne.

– Me er i fleire samtalar og prosessar som beveger seg i rett retning, seier han.

Umiddelbar hit

Runar har bakgrunn i salsbransjen, blant anna som bilseljar og som distriktssjef i HiFi-klubben, men gaminginteressa ligg i botn.

– Eg er nok for ung til å kjenne på nostalgien for sjølve spelehallen, men eg kan relatere til det. På same måte som eg kjenner på nostalgi frå speling då eg var yngre, kjenner eg igjen det blikket når dei litt eldre kjem inn. Det er barnet som kjem fram i dei, seier Runar.

FØRSTE BESØK: Anders Bergsaker (15) kjøpte seg spelekort frå dagleg leiar Carl William Runar (28). Det var Bergsakers første gong på Highscore Arcade.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Han fortel at det er alt frå små ungar til godt vaksne som dukkar opp, sjølv om målgruppa i utgangspunktet er ungdom.

– Me har treft breiare enn eg trudde me ville, seier Runar.

– Av spela er det ganske bredt fordelt. Klomaskina er ein hit, og dansemaskina har overraska. Ein tenkjer at Ola Nordmann er litt forsiktig, men veldig mange syns den er gøy, seier han.

Kan måtte stenge

Kvadrat har bygga eit eige e-sportssenter i tillegg til Highscore Arcade, men det er usikkert om dei to tilboda har noko framtid på senteret.

Lokalavisa Sandnesposten har skrive fleire artiklar om at regionale myndigheiter har stukke kjeppar i hjula for planane.

FRÅ VENSTRE: Katinka (14) og Solveig (15) koste seg med å spele piano. Det er ikkje sikkert det blir mogleg på Kvadrat til neste år.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den gjeldande regionalplanen seier at publikumsretta verksemd må etablerast enten i sentrumsområde eller bydelssenter, og det er berre det konkurrerande kjøpesenteret Lurabyen som er definert som eit slikt.

Lurabyen ligg knapt 500 meter unna.

Sandnes kommune har gitt Highscore Arcade og e-sportsenteret til Einherjar unntak frå planane for å drive, men både Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland har klaga på dette.

Saka ligg an til å bli overført til ein settestatsforvaltar. Då vil sannsynlegvis Statsforvaltaren i Vestland gjere eit endeleg vedtak i saka, som det ikkje er mogleg å klage på.

– Ufatteleg surt

– Settestatsforvaltaren kan fort seie nei, og då må de stenge, elles blir det tvangsmulkt frå kommunen. Det verkar litt risikabelt å opne?

– Viss det er ein ting som held meg vaken om natta, så er det dette. Spesielt når me ser korleis responsen er og kor utruleg mykje folk set pris på dette konseptet, seier Runar, og held fram:

– Det ville vore ufatteleg surt om me fekk nei. For det er berre ein planmessig bagatell det er snakk om.

KOMPISGJENGEN: (f.v.) Elias Elfatmi (12), Mads Voll Gundersen (11), Sander Jøssang (12) og Max Engbrethsen (11) bruker fredagen på den nye spelehallen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Både Storebrand, som eig senteret, og kommunen, meiner unntaket frå planen har større fordelar enn ulemper. Dei regionale myndigheitene står derimot på sitt.

– Viss me får nei, så er det ikkje så mykje me kan gjere. Men me lar oss ikkje knekke av dette. Me held stø kurs og arbeidar etter beste evne, avsluttar Runar.

Siste fra forsiden