Spelet blei komplett fiasko: – Kunne nesten ikkje gått verre

Sandnesgauk debuterte som spelforfattar, men MMORPG-spelet blei slakta for rot og tekniske feil ved slepp.

Gelberry Studios / Mikkjell Lønning

I fjor skreiv Gamer.no om nettrollespelet Ethyrial: Echoes of Yore frå svenske Gelberry Studios.

Forfattar Christer Aanestad Lende har vore med på lage forteljinga i spelet, og i april det ut i Early Access.

Dessverre blei lanseringa ein komplett fiasko. Spelet hadde eit hav av problem, både tekniske og spelmekaniske, og blei møtt med ei flodbølge av negative brukaromtalar på Steam.

Ifølgje Steamcharts har det i snitt hatt tre spelarar den siste månaden.

– Gjekk litt til helsike

Me måtte nesten slå av ein prat med Lende om korleis han opplevde dette mageplasket.

– Det gjekk litt til helsike, og det kunne nesten ikkje gått verre. Men folka bak spelet jobbar som berre pokker for å redde det, seier han.

STOR TILLIT: Lende fortel at han har fått stor kontroll over narrativet i spelet. Det syns han var kjekt.
Mikkjell Lønning

Lende har ikkje hatt så mykje kontakt med utviklarane i etterkant av lanseringa. Sjølv har han jobba mest med den overordna forteljinga og enkeltoppdrag, og har ikkje hatt noko med utviklingsprosessen å gjere elles.

– Eg veit ikkje så mykje om detaljane rundt det som skjedde. Eg kunne ikkje fikse noko sjølv, og ingen hadde tid til å snakke med meg etter lanseringa, seier han.

– Spel er vanskelegast

Lende syns det har vore kjekt å dyppe tåa i spelverda, men er usikker på om han kjem til å skrive meir for spel.

– Eg er veldig komfortabel i bokbobla mi, så eg kjem nok ikkje til å oppsøke andre spelprosjekt. Men eg likar ei utfordring, så om nokon spør, så har eg sikkert lyst, seier han.

FORFATTAR: Lende har gitt ut ein trilogi av fantasybøker, og jobbar med nye prosjekt.
Mikkjell Lønning

Lende meiner det er mykje meir utfordrande å skrive for spel enn å skrive bøker, som han driv med elles.

– Det å skrive bøker syns eg er det enklaste. Filmmanus er vanskelegare, og spel er vanskelegast. Enkelt og greitt handlar det om at du skriv ei god historie, og er nøgd med det, men så må du lage 50 til.

Kvar ikkje-spelande figur skal gjerne ha si eiga historie, og helst vere engasjerande nok til at spelaren bryr seg.

– Det er ingenting som testar deg like mykje som å skrive historier for spel, meiner Lende.

God læring

Ethyrial: Echoes of Yore er framleis under aktiv utvikling.

Spelet er tungt basert på Tibia, og utviklarane har hatt ein draum om at det skal bli eit slags World of Warcraft for indierollespel.

Førebels er dei nok langt unna det. Det er likevel visstnok ein del som speler utanfor Steam, og utviklarane heng i.

– Det er nok lett å miste seg sjølv litt i ein slags illusjon av at noko skal bli det neste store. Så gjekk det ikkje heilt slik som ein trudde. Men slik er det. Det ser eg med bøkene mine òg. Eg har ein heil trilogi ute no, dei er både ein suksess og ikkje på same tid. Du må berre ta det til deg. Lære og prøve igjen, meiner Lende.

Siste fra forsiden