Feature

Christer Aanestad Lende

Ein e-post oppfylte Christer (29) sin livslange draum om å jobbe med spel

Sidan i fjor har Christer Aanestad Lende skrive oppdrag for eit MMORPG.

Mikkjell Lønning

Det er mange vegar inn i spelbransjen, men kanskje det aller smalaste nålauget er som historieforteljar.

Å jobbe med å skru saman dei fantastiske universa i rollespel er ein draum for mange spelinteresserte, og det er nettopp slik Christer Aanestad Lende har blitt del av utviklarlaget for eit nettrollespel.

29-åringen frå Sandnes sjonglerer dagjobben som IT-konsulent med forfattarverksemda si. I fjor gav han ut første bok i fantasy-trilogien The Beast Hunters, og kort tid seinare fekk han ein hyggeleg e-post frå ein tilsett i det svenske utviklarfirmaet Gelberry Studios.

Dei ville ha hjelp til å skrive oppdrag for spelet Ethyrial: Echoes of Yore.

– Det er utruleg kjekt å vere med på dette, seier Lende.

Lidenskapsprosjekt

Det finst ikkje mange vellukka indie-MMORPG, men Lende har stor tru på visjonen til utviklarane.

Spelet starta som eit einmannsprosjekt i Sverige, og sidan har ein heil gjeng slengt seg med på laget.

NYTT MMORPG: Ethyrial: Echoes of Yore skal vere eit lite tilgivande nettrollespel som ikkje held handa di.

– Dette er eit slags lidenskapsprosjekt. Alle dei som er med brenn for spelet, seier Lende.

Utviklaren Gelberry Studios la spelet ut på folkefinansieringsplattforma Kickstarter i mai, men dei kansellerte kampanjen då dei fekk eit tilbod frå utgivaren Freedom Games.

Ifølgje utviklaren skal Ethyrial: Echoes of Yore bli lansert i Early Access på PC i april til neste år.

LES OGSÅ: Slik enda Kelly (47) med å skrive for Rockstar »

Må spå kva spelaren vil gjere

Lende syns det er betydeleg meir utfordrande å skrive for eit spel enn å skrive bok. Det å vere ein del av ein stab er noko heilt anna enn å dykke ned i sitt eige hovud, seier han.

I spela må ein òg ta omsyn til korleis spelaren tenkjer, og lage forteljinga meir «universell».

– Du byggjer verda utifrå kva du trur spelaren vil gjere, seier han.

FORVIKLINGAR: For Lende er det enklare å skrive bøker enn manus. Han har måtte tenke nytt for å skrive for film og spel.
Mikkjell Lønning
TILBAKE TIL RØTENE: Lende syns dagens rollespel går for langt i å leggje til rette for spelaren. Han vil tilbake til sjangerens mindre tilgivande røter.
Mikkjell Lønning

Gelberry Studios har heller ikkje gjort det enkelt for seg når det gjeld dialogsystemet.

Nokre av oppdraga i spelet er bygd på at du kan skrive spørsmål til dei ikkje-spelande figurane i ein tekstboks. Du vil få ulik framgang i oppdraga alt etter kva du spør om.

Det betyr at kvart oppdrag kan få ein drøss med ulike utfall, som igjen gjer prosessen til Lende langt meir arbeidskrevjande.

– Éin samtale kan ende i 12–13 forskjellige resultat, seier han.

Spel blei til bøker

Lende vaks opp med å spele World of Warcraft, og fortel at han har titusenvis av timar i det klassiske nettrollespelet.

Spelinga la grunnlaget for bøkene han skriv i dag.

Lende skriv berre på engelsk, og han hadde aldri kunne klart det om det ikkje var for språkkunnskapane han fekk gjennom WoW, meiner han.

Den nybakte forfattaren starta med å skrive fanforteljingar frå Game of Thrones, der han brukte studievener som figurar. Forteljingane blei fort populære på studiet, og stadig fleire ville vere med. Han ser for seg å gjere eit bokprosjekt av dette ein dag.
Mikkjell Lønning
DER MAGIEN SKJER: Kjellaren i huset til Lende og sambuaren fungerer som både skrivestove og gamingbule.
Mikkjell Lønning

– WoW er nok grunnen til at bøkene mine eksisterer i dag. Spelinga har gjort at eg har sjanse til å søke ein karriere som forfattar. Og gaming fyller framleis ein stor del av hjartet mitt, seier han.

Førebels har han gitt ut éi bok i The Beast Hunters-serien, men dei to siste innslaga i trilogien er allereie klare for publisering.

Vil leve av å skrive

Den første boka blei til i løpet av éin sommar. Lende hadde nett spelt gjennom The Witcher-spela, og har henta mykje inspirasjon frå universet til den polske forfattaren Andrzej Sapkowski.

Lende fortel at han har fire og eit halvt bokmanus liggande, deriblant to bøker i eit komande sci-fi-univers. Nyleg fekk han òg 95.000 kroner frå Filmkraft i Rogaland for å utvikle filmmanuset «Hverdagshelt».

AMBISIØS: Det er få som lever av å skrive fantasy i Noreg. Lende vil gjerne bli ein av dei.
Mikkjell Lønning
TRAVLE FINGRAR: Lende har eit mål om å skrive 500 ord kvar dag, uansett kva.
Mikkjell Lønning

– Eg har ein jobb som gir meg tid til å drive med det eg elskar på fritida. Håpet mitt er at eg kan leve av å skrive i framtida.

Det fremste rådet hans til dei som vil gjere noko liknande, er å berre kome i gang.

– Det er det som er mest vanskeleg. Skriv litt kvar dag, og ikkje sjå deg tilbake. Fullfør tekstane dine før du byrjar med å redigere, rår han til slutt.

LES OGSÅ: Kontoret er på ti kvadratmeter – vil gjere norske spel til milliardindustri »

Siste fra forsiden