Spillexpo Stavanger

Spillexpo Stavanger heilt i det blå

Arrangøren treng økonomisk støtte frå kommunen for å få til ein ny runde. Byens neste ordførar vil ikkje svare på om dei vil gi støtte eller ikkje.

SpillExpo i Stavanger i mai 2023.
Mikkjell Lønning

I mai blei Spillexpo arrangert for første gong i Stavanger, og rundt 6700 tok turen innom.

Det enda med eit økonomisk tap for arrangørane, noko primus motor Julius Solheim seier ville vore endå verre om dei hadde tatt full løn for arrangementet.

Førebels er det uvisst om det blir eit nytt Spillexpo på Vestlandet til neste år.

– Me ventar på kva Stavanger kommune vil støtte. Det må skje nokre justeringar, og me må ha fleire aktørar inn frå Austlandet. For tida jobbar me med å finne sponsorar som kan fly inn indieutviklarar, seier Solheim.

Ber om pengestøtte

Han frir altså til kommunen for å hjelp. Solheim ser for seg at dei lett kan nå 10 000 besøkande til neste år, og har planane klare for å utvide konseptet.

– Målet er å få støtte frå kommunen i to år. Så skal me skape eit stort arrangement for heile Vestlandet.

Då skal dei kunne gå i pluss frå 2025 av. Men for å få til dette treng han éin million kroner i støtte frå Stavanger, som blant anna skal dekkje kostnadar til marknadsføring, standplassar og nokre seminar.

– Me har valt helga etter helga etter påske, for då har alle hotella kapasitet. Med andre ord har arrangementet mykje å seie for næringa og turismen, meiner Solheim.

Posisjonen skeptisk

Sissel Knutsen Hegdal (H).
Pressefoto

Sissel Knutsen Hegdal (H), påtroppande ordførar i Stavanger kommune, vil ikkje love noko enno.

– Høgre sitt utgangspunkt er at me skal spele på lag med aktørane som vil legge arrangementa sine til Stavanger. I nokre tilfelle kan det vere i form av økonomisk støtte, men det kan òg vere praktiske tiltak i samband med gjennomføring av arrangement eller føreseielegheit i leige av offentlege areal, for å nemne nokre døme, seier ho.

Konkret pengestøtte er noko dei må sjå på i haustens budsjettrunde.

Siste fra forsiden