Steam-suksess for DayZ

Fleire hundre tusen spelarar brukte juleferien på å overleve zombiepesten.

16. desember lanserte Bohemia Interactive og DayZ-skapar Dean Hall alfaversjonen av den frittståande utgåva av zombiesandkassespelet DayZ. Om du ikkje har fått med deg kva DayZ er, er det i korte trekk ein modifikasjon til det realistiske krigsspelet ArmA 2 der målet er å overleve i ei verd full av zombier.

Ei veke etter lanseringa hadde heile 400 000 spelarar kjøpt den tidlege utgåva av spelet, kan vi lese på spelets Tumblr-blogg. Dette til trass for at utviklarane sjølve har åtvara mot å kjøpe spelet. Grunnen til denne åtvaringa er at du på ingen måte vil få eit ferdig spel med denne versjonen av DayZ. Målet er i staden å få innspel frå aktive spelarar som vil vere med på å gjere spelet betre.

Stadige oppdateringar

Har du det som skal til for å overleve i villmarka?

Ein kikk på DayZs offisielle nettstad viser at den totale summen spelarar no er i ferd med å nå 750 000 spelarar. Sidan lanseringa har over 40 000 spelarar spelt samtidig, og utviklarane har oppdatert spelet tre gongar. I desse oppdateringar har utviklarane fiksa på alt frå grafiske og tekniske problem, til å leggje til nye element som til dømes våpen.

I tillegg har DayZ-sjef Dean Hall fortalt litt om kva planar dei har for den umiddelbare framtida. Blant dei finn vi eit mål om å dytte enda fleire zombier inn i spelet. Like interessant er ei stor mengde levande dyr som skal inkluderast for å gjere spelarverda meir truverdig. Desse vil du kunne jakte for å lage i stand livsnødvendig mat.

Vi tok tidlegare i år ein kikk på DayZ, og vår mann hadde mykje positivt å seie om det han såg:

«Det kan hende det blir litt mykje å ta inn over seg for nykomarar, men med tanke på kor stor og opa verda er trur eg dei ulike funksjonane vil kome svært naturlig til spelaren. Eg gler meg i alle fall til å bryne meg på rolla som overlevande i DayZ, same kor kort eller lenge eg klarar å halde meg i live.»

Treng du fleire zombier i kvardagen, men ikkje er heilt klar for å bryne deg på DayZ kan du sjekke ut første episode av den andre sesongen av The Walking Dead. For litt meir action kan Wii U-eksklusive Zombie U, samt Xbox One-spelet Dead Rising 3 vere gode alternativ.

Siste fra forsiden