Test

SteelSeries APEX M750 TKL

Tastaturet tar opp overraskande lite plass på pulten

SteelSeries introduserer nye, lineære gamingbrytarar.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

SteelSeries har hatt eit særs godt år på Gamer.no, med 9 av 10 til både hovudtelefonane Arctis Pro GameDAC og spelmusa SteelSeries Rival 600. No er turen kome til eit av dei nyare tastatura deira, SteelSeries Apex M750 TKL.

Ikkje alle har behov for funksjonalitet som makrotastar, medieknappar og USB Passthrough, og då kan det vere greitt å velje noko som er lite og kompakt. Tilgjengelegheita for mekaniske tastatur av denne typen er ganske avgrensa. Det kan vere vanskeleg å finne noko skikkeleg utan membranbrytarar, så SteelSeries har bryna seg på dette segmentet med sin nye toppmodell, Apex M750 TKL.

Dette tastaturet kjem med SteelSeries eigne lineære brytarar, og er marknadsført som eit e-sport-tastatur. Det skal yte godt, og vere portabelt for dei som er på farten. Prisen ligg for tida rundt 1300 kroner, ned frå 1600 ved lansering i fjor. Den har duppa ned mot tusenlappen eit par gongar på sal.

Design

Utsjånaden er det store trekkplasteret for SteelSeries Apex M750. Overflata på tastaturet kjem i svart, stilig aluminium, som lysast opp av gjenskinet frå RGB-brytarane. Det skal seiast at dei aller fleste tastatura me har testa i denne prisklassen har hatt konstruksjon i aluminium, men det viser vel berre at ein stort sett får god kvalitet for pengane når ein kjem seg nord for tusen kroner. Og det skal vel berre mangle.

Designet er smakfullt og minimalistisk.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Apex M750 er eit såkalla «tenkeyless»-tastatur, som betyr at det ikkje har NumPad. Dei som har behov for dette, er difor openbert utfor målgruppa til SteelSeries. Poenget er å frigjere plass, slik at ein kan ha meir rom til datamusa eller andre dingsar på pulten. Dette er òg ein av dei minste «tenkeyless»-tastatura du kan få, så det skal ikkje vere noko problem å hive det i sekken for ein liten LAN-tur eller to. Det einaste ein må tenkje på er at kabelen ikkje er fletta, så risikoen for kabelbrot er noko høgare enn den kunne vore.

På undersida får du to gummiføter som kan hektast av, men eg skulle gjerne sett at dei var litt større. Dei løftar knapt tastaturet meir enn ein centimeter eller to opp, og det blir litt lite.

Tastehettene er breie og behagelege for fingrane, med ein liten bøy på midten. Eg set òg pris på at fonten på tastane er såpass stor, som gjer det lett å sjå tastane, spesielt i mørket kombinert med RGB.

Brytarar

Cherry-brytarar er det ein ser mest av i mekaniske gamingtastatur, så det er kjekt med litt mangfald. SteelSeries har ein eigen serie av lineære brytarar, som liknar ein del på Cherry MX Red RGB. Apex M750 er det første tastaturet med QX2-brytaren deira.

SteelSeries QX2 er omtrent identiske med Cherry MX Red, men med noko høgare støynivå.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Innslaget kjem på 2 millimeter, og brytaren botnar ut på 4 millimeter med ei trykkraft på 45 gram, som er identisk med Cherry MX Red. Anna enn at lyden er litt lysare på SteelSeries nye brytar og støynivået nokre desibel høgare, så trur eg ikkje du kjem til å merke noko særleg forskjell på dei to. Ytinga er midt i blinken til både spel og skriving.

Lyden er langt lågare enn det du får på ein «clicky»-brytar, men det er ein smule i overkant for ein lineær. Så, ja. Mangfald er eit pluss, men samstundes så tenkjer eg at dei like godt kunne brukt Cherry MX Red-brytarar. Dei er akkurat like gode å skrive på, på same tid som du får eit lågare støynivå.

Programvare og RGB

RGB er kanskje det som har fått mest merksemd frå SteelSeries på Apex M750. Det er absurd kor mange forskjellege modusar tastaturet kjem med. I SteelSeries Engine 3 kan du velje mellom heile atten ulike modusar, som er det meste me har sett så langt (MSIs toppmodell har 14).

Fyrverkeri-innstillinga er eit klart høgdepunkt. Eg får nesten anfall av å sjå på det, men kult er det. Sjølvsagt er ikkje dette noko ein kjem til å bruke mens ein speler, då vil vel dei fleste ha statiske fargar – og det kan du få – som gjer at dette blir eit produkt for ei ganske smal målgruppe. Ein bør vere over gjennomsnittleg interessert i RGB for å investere i SteelSeries M750 TKL.

Dei mange fargemodusane gjer Apex M750 til eit godt val for RGB-fans.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Programvare gir deg ei fane for å stille på alle disse modusane, samt sette opp eigne. I saman med dette, har du ei side som styrer kva tastane er programmerte til og lar deg sette opp makro, mens siste side lar deg stille på rapporteringsfart og skifte mellom språkoppsett på tastaturet (du får fullverdig norsk oppsett).

Konklusjon

SteelSeries Apex M750 TKL er eit velbygd, vakkert tastatur med ypparlege brytarar.

Apex M750 er eit av dei minste TKL-tastatura du kan få tak i.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Samstundes slit eg litt med å sjå kvar dette tastaturet passar inn i forhold til konkurransen i same prisklasse. Du kan sikkert få dette til ein tusenlapp på Black Friday, og då er det definitivt eit godt kjøp, men det vil framleis vere andre tastatur som dett ned til same pris, som gir deg meir for pengane. At dette kosta 1600 kroner ved slepp er nesten rart. Det er verkeleg ikkje verdt så mykje. Hadde det hatt ein eller anna eigenskap som verkeleg gjer tastaturet verdt å anbefale, som til dømes handleddestøttene på Logitech G513 og Razer Huntsman Elite, skulle eg ikkje sagt noko, men her er det lite anna enn RGB-modusane som er betre enn det ein forventar.

Skal du ha eit skikkeleg TKL-tastatur ville eg heller gått for noko som Fnatic Gear mini-Streak eller Corsair K65 LUX, som byr på langt meir valuta for pengane. Joda, dette er eit godt tastatur på alle måtar, men det manglar den ekstrafunksjonaliteten som ein forventar av eit tastatur til (no) 1300 kroner. Dette blir mest ei minimumsløysing. Med ein slik pris bør ein i det minste få med nokre medieknappar, eller ei handleddstøtte.

RGB er området der Apex M750 verkeleg skin. Men sjølv på det området er det andre produsentar, som Corsair og MSI, som gjer det minst like bra til den same prisen, og det med både handleddstøtte og makroknappar. Det å by på fleire RGB-modusar hjelper ikkje, når andre har innebygd RGB på sidelistene eller i logoen. Dei atten forhandsinnstillingane er mest ein gimmick. Etter ein times tid med bruk, så kjem du mest sannsynleg aldri til å bruke meir enn ein modus.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
6
/10
SteelSeries APEX M750 TKL
Apex M750 TKL er ei minimumsløysing til ein i overkant stiv pris.
Solid konstruksjon
TKL-designet sparar plass på pulten
Atten ulike RGB-modusar
Velytande brytarar
Behagelege tastehetter
Manglar fletta kabel
Ingen handleddstøtte
Ingen dedikerte makro- eller medietastar
Dyr
Korte gummiføter

Siste fra forsiden