Telltale lagar Minecraft-spel

Kva skjer når historieekspertane lagar eventyr i blokkeland?

Mojang

Telltale Games har saman Mojang avslørt det som godt mogleg er årets mest uventa samarbeid. Det opne og kreative Minecraft-universet vil neste år bli åstad for ein ny episodisk eventyrserie frå skaparane av The Walking Dead.

Spelet har fått namnet Minecraft: Story Mode og vil bli eit eventyrspel utvikla i samarbeid med Mojang og Minecraft-samfunnet. Spelet vil bli eit sjølvstendig produkt i Minecraft-universet, og vil introdusere oss for både nye figurar, kjende tema. Serien vil bli tilgjengeleg i 2015 på Xbox- og PlayStation-konsollar, Windows, Mac, iOS og Android.

Utover dette har ingen av dei to selskapa avslørt konkrete detaljar om kva vi har i vente, men sidan det er Telltale Games som står bak utviklinga, kan vi etter alt sannsyn rekne med både humor, val og konsekvensar.

I ei pressemelding fortel Mojang-sjef Owen Hill litt om samarbeidet:

«Folk likar ideen om historier om Minecraft, men å tvinge ei handling inn i spelet ville ha hindra spelarane fridomen til å oppleve verda på sine eigne måtar. Å i staden la dei utforske ei alternativ tolking gjennom Minecraft: Story Mode var noko vi ikkje trengde tenkje over ein gong.»

Travle utviklarar

Vil Minecraft: Story Mode bevare estetikken frå originalspelet?

Telltale Games har vore svært aktive den siste tida. Tidlegare i år avslutta dei den andre sesongen til The Walking Dead, og hausta mykje ros for den. Nyleg starta dei to nye spelseriar. I samarbeid med Gearbox utforskar dei no Borderlands-universet i Tales from the Borderlands, og i starten av desember lanserte dei første episode frå Game of Thrones, basert på HBO-serien basert på bøkene til George RR Martin.

Vi meinte den første episoden av Game of Thrones byrja bra, sjølv om den tidvis var litt treg:

«Telltales versjon av Game of Thrones sparkar i gong med ein av dei mest brutale sekvensane i seriens historie, og klarar med det å stadfeste seg sjølv som eit godt alternativ til HBOs storsatsing. Samtidig er det viktig å merke seg at ein antakeleg bør ha sett ein del av TV-serien om ein faktisk skal forstå noko av det som skjer på skjermen. Det er sannsynlegvis ikkje umogleg å tolke situasjonane i nokonnlunde rett retning, men eg vil likevel sterkt fråråde nykomlingar frå å byrje si reise gjennom Westeros her.»

Minecraft-skaparane hos Mojang blei tidlegare i haust kjøpt opp av Microsoft for heile 15 milliardar kroner.

Siste fra forsiden