TEST: Cooler Master SK650
(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Det vakraste gamingtastaturet me har sett

Gamingtastatur er ofte store og glorete, og du vil helst byggje sjølv for å få noko verkeleg fint. Det vil Cooler Master endre på.

Me har testa plenty av fine gamingtastatur her på huset, men dei har først og fremst vore nettopp det – gamingtastatur. Byrjar me å blande inn sjølvbygg i miksen vil dei falme i forhold. Det vil Cooler Master gjere noko med. Ønsk velkomen til SK650, eit lågprofil tastatur med heile 19 ulike RGB-profilar og ein vakker kvitfarge.

Det er lekkert som få. Men no er det gjerne slik at ein skal kunne skrive og spele på eit gamingtastatur, og det er ikkje heilt det store på SK650. Du kan få ein grei deal på det hos Komplett til 800 kroner, men med tanke på lanseringsprisen på 1750 kroner i fjor, er det mykje som manglar for SK650. Personleg ville eg knapt gitt meir enn ein tredjedel av prisen. 

Design og komfort

Cooler Master SK650 kjem i to fargar, enten kvit eller svart. Det kvite er finast, men det ser ikkje ut som det er tilgjengeleg i norske butikkar lenger. 

Basert på utsjånaden gir SK650 eit veldig godt førsteinntrykk, som eg verkeleg skulle ønskje haldt. Det gjer det ikkje. SK650 har nemleg få høgdepunkt anna enn det visuelle. 

Leidningen er laga av tøy og er slik sett fleksibel og mjuk. Det er eit pluss. Problemet er at han er for kort, slik at eg måtte flytte på datamaskinen min for å kople tastaturet til. Eg var difor irritert allereie før eg hadde fått prøve tastaturet. 

Konstruksjonen er dekkja av børsta aluminium og verkar solid. Først og fremst er det vel fint. Det same gjeld den gule stripa rundt tastaturet. Allereie ut av eska byrja limet å gi seg, og etter ein dag med bruk har hjørna flassa av. Det er litt uvisst om stripa faktisk skal vere på eller ikkje, men i og med at det er ein solid dose lim, så antar eg det. 

Tastehettene på SK650 er heilt flate, og det er veldig lite luft mellom tastane. Då blir det fort skrivefeil. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Nok ein mangel er at tastaturet ikkje har skikkelege føter på undersida. Det er berre nokre små knottar på eit par millimeter som knapt har noko funksjon i det heile. Tastaturet har heller ingen handleddsstøtte, så utan sjanse til å løfte toppen av tastaturet opp syns eg det er ganske ubehageleg å skrive på. 

Dette er likevel ikkje det største problemet.

Tastehettene er alle heilt flate, og har veldig lite luft mellom seg. Me kan skildre kva dette fører til med å sjå på eit anna tastatur. Den siste månaden har eg brukt Corsair K95 Platinum XT dagleg, og der er tastane rundt åtte millimeter frå kvarandre. På SK650 er det berre tre millimeter mellom dei. DÅ skjer det for t av teg skrv slik som de7 hert. 

Eg har ikkje noko tvil om at ein kan venne seg til den korte avstanden mellom tastane, men det verkar som eit heller meiningslaust prosjekt – spesielt når dette er eit gamingtastatur. Kva skjer når eg trykkjer på 3 i staden for W, og bytar våpen når eg vil kome meg bak dekkje? Jo, eg døyr. Då er det tastaturet sin feil. Sjølv viss eg brukar nokre veker til for å spikre presisjonen for kvar eg legg fingeren på tastane, vil det alltid vere ein fare for at eg trykkjer feil i kampens heite. Det vil me ikkje ha noko av. 

Samanlikna med andre tastatur med låg profil er dette i det høgaste laget. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er heller ikkje mogleg å ignorere at tastaturet eigentleg ikkje har så låg profil som det burde. SK650 er nokre millimeter lågare enn eit vanleg tastatur, men betydeleg høgare enn andre lågprofiltastatur. Det blir litt som eit laptoptastatur med høge tastar. 

Brytarar

SK650 er utstyrt med Cherry sine lågprofilbrytarar, og dei er heller ikkje noko eg ropar hurra for. Eg forstår at opplevinga vil bli så som så på grunn av designet, men eg likar dei ikkje uansett.

Cherry MX Low Profile Red er lineær som sin «normale» namnebror, men har ikkje noko klikk ved aktuasjon, og vandring på knappe 3.2 millimeter. Det merkar eg at er i kortaste laget for min del. Dette handlar nok om å tilpasse seg lågprofildesignet, men det har eg ikkje klart i løpet av den veka eg har brukt det. 

Det einaste eg har fått ut av tastaturet etter ei veke er vondt i handa. Så nei, takk.

Sjølve brytaren er kjapp og grei i seg sjølv, så eg kryssar fingrane for at eg får teste eit anna tastatur med dei etter kvart. Eg får ein ulyd når eg trykkar ned R-tasten, men me satsar på at det berre er ein individuell feil med akkurat dette eksemplaret. Tilvenning til brytaren vil nok vere betydeleg lettare enn å venne seg til tastehettene. 

RGB og programvare

Cooler Master baserer seg på at SK650 skal vere «plug and play», og treng difor ingen programvare. Du kan programmere makro og lys via hurtigtastar. Dette fungerer heilt greitt så lenge du har instruksjonsboka eller kan google deg fram til snarvegane, men eg syns det er greitt å laste ned programvare så ein ikkje mistar oversikta. Det fungerer nemleg med programvara til andre Cooler Master-tastatur. 

Med 19 ulike førehandsinnstillingar for RGB er det mykje å velje mellom. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er forfriskande å kunne kome med nokre gode ord her no, for SK650 har den mest omfattande RGB-løysinga eg har prøvd på eit tastatur nokosinne. Det er heile 19 profilar å velje mellom, og til og med ein som tilfeldig skifter mellom ulike modusar. Du kan velje om du berre vil ha baklys eller om tastane skal lyse òg, der dei meir spenstige RGB-profilane lagar fargespel på veggane i heile kontoret mitt.

Konklusjon

Ingen skal seie at estetikk ikkje er viktig. Bruker du mykje tid på å rydde i leidningar i datamaskinen, fargematche musematte, mus og headsett og så vidare, er tastaturet ein essensiell ingrediens i eit ryddig oppsett. Her er Cooler Master SK650 vår favoritt så langt av alle tastatura me har testa. Dei kvite tastehettene mot den sølvfarga, børsta aluminiumen, er kanonstilig. RGB-fargane er prikken over i-en, som ingen andre kan matche.

Det er vakkert, men lite anna. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Men eit tastatur må jo strengt tatt kunne brukast som tastatur. Det er då SK650 går litt på trynet. Spesielt til dataspel. Det er neppe lurt å bruke noko som eg veit at eg kjem til å trykke feil på.

Cooler Master SK650 har ein drøss med manglar, men det er eit særs godt utgangspunkt for å byggje vidare. Hiv på ei handleddsstøtte, gjer det litt større, gi tastehettene ein ujamn profil og fiks litt på slitedelane så er mykje gjort. Prisen treng heller ikkje vere like stiv som han er no. Å be om 1700 kroner for dette er heilt bak mål. Sjølv til 800 vil eg ikkje anbefale SK650 med mindre du veit at du klarar å venne deg til tastane.

Tastaturet fungerer nok heilt fint for dei få som gidd å venne seg til det, men elles bør ein berre styre unna.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut hardware-sidene våre »

Vurdering

"Flottare tastatur skal du leite lenge etter, men det er ikkje spesielt bra. "

Pluss

  • Liten og lett
  • Flott design
  • Skikkeleg diskolys med 19 ulike RGB-profilar
  • Treng ikkje programvare

Minus

  • Kort leidning
  • Gul list forsvinn frå dag ein
  • For kort avstand mellom tastane
  • Korte føter
  • Ingen handleddstøtte
  • Ingen Passthrough eller dedikerte makro/mediaknappar

Kommentarer (14)

Siste Tester

Se alle tester »

Forsiden akkurat nå

Til toppen