Test

Gigabyte RTX 3070 Ti Gaming OC

Går me glipp av noko her i Noreg?

Me samanliknar tredjepartskortet mot Nvidia sitt eige.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Test og konklusjon
2: Speltesting

Det byrjar å bli ein smule enklare å få tak i skjermkort her i Noreg. Prisane er framleis så høge at ein verkeleg ikkje bør kjøpe noko, men butikkane har nokre kort på lager her og der.

Samstundes må dei som ønskjer å handle skjermkort no fort ut med alt frå 20 til 150 prosent meir enn kva Nvidia eller AMD har anbefalt som lanseringsprisar for produkta sine.

Me har likevel vald å skrive testar av nye kort sjølv med låg tilgjengelegheit og høge prisar, og kjem heller tilbake med karakterar på heile seriane når prisane går ned eit stykke til.

No som me har testa alle skjermkorta til Nvidia, tenkte me å lage ein litt anna variant. I starten av juni testa me nemleg Nvidia sitt eige RTX 3070 Ti-skjermkort, og no har me henta inn eit tredjepartskort for å undersøkje kva me har gått glipp av.

Det har så vidt me veit aldri vore Founder’s Edition-kort på lager her i landet, så me tenkte at me skulle samanlikne litt. I det høvet har me fått låne eit Gigabyte RTX 3070 Ti Gaming OC-skjermkort.

Dette er eit tredjepartskort med ein oppgitt klokkehastigheit på opptil 1830 MHz, som er omtrent midt på treet blant dei ulike 3070 Ti-variantane på marknaden. Prisen har vore rundt 10 000 – 11 000 kroner i norske butikkar, som altså er heile 3500 kroner meir enn kva 3070 Ti skal koste i Noreg (i teorien). Kor stor forskjellen blir ved normale prisar vil ikkje Gigabyte seie noko om, men ein må fort betale ein tusenlapp eller to meir.

Design

Me har testa ein del skjermkort med denne kjølaren frå Gigabyte no, og det er veldig små forskjellar mellom dei ulike variantane. De kan lese meir detaljert om dette i testen vår av 6900 XT-kortet deira.

STILIG: Bakplata på Gaming OC-korta er kul, men Founder's Edition-kjølaren ser mykje betre ut.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Denne utgåva måler 33 centimeter i lengda og 13 centimeter i breidda, og krev mykje plass i datamaskinen din. Den største skilnaden mot Founder's Edition-kortet til Nvidia er likevel utsjånaden, for her er det langt meir plastestetikk og gamerpreg. Det har ikkje Nvidia sine kort.

Reint designmessig meiner eg Nvidia har laga den klart flottaste kjølaren av alle korta på marknaden i dag, men samstundes vil kjølekapasiteten vere meir viktig for dei aller fleste. Der vinn Gigabyte klart.

Yting

I juni fann eg ut at RTX 3070 Ti i praksis er veldig likt RTX 2080 Ti, flaggskipet frå den førre generasjonen til Nvidia. Eg var eigentleg ikkje så veldig imponert over skjermkortet i det heile. Det verka mest som ein måte å tyne meir pengar ut av folk.

No er spørsmålet om Gigabyte sin versjon gir høg nok klokkehastigheit til at ein faktisk merkar litt forskjell ned til RTX 3070 og RTX 2080 Ti.

Svaret er, vel, tja. Som vanleg er det store forskjellar frå spel til spel kor mykje ein får ut av høgare klokkehastigheit, men Founder’s Edition boosta opp til 1950 MHz på det meste ut av eska, medan Gigabyte sitt kort klarar 2010 MHz.

Den ekstra klokkehastigheita gjer at Gaming OC drar frå 2080 Ti og 3070 Ti FE i nokre av spela me testar, men ikkje alle.

I testane våre var skilnaden i Assassin’s Creed Valhalla, Metro Exodus, Middle-earth: Shadow of War og The Witcher 3: Wild Hunt i praksis så små at det kan gå begge vegar opp mot 3070 Ti FE. Shadow of the Tomb Raider, Tom Clancy’s Rainbow Six Siege, Horizon Zero Dawn og Far Cry 5 hadde, i visse oppløysingar, ei auke på mellom fem og tolv prosent.

Det kjem difor litt an på kva spel du driv med.

KRAFTIG: RTX 3070 Ti er eit skjermkort som taklar det meste i 1080p og 1440p, men er kanskje ikkje det første me ville anbefalt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Problemet er at ein viskar vekk denne forskjellen ved å overklokke Founder’s Edition-kortet. Det får langt meir effekt av å bli overklokka enn dette gjer, fordi skjermeiningane i teorien kan nå same klokkehastigheit viss dei har god nok kjøling. Founder’s Edition har berre ei lågare grense frå fabrikken av.

Det same gjeld RTX 2080 Ti. Der er det berre å skru litt i Afterburner, så er du med ein gong oppe på same nivå som dette. Med sine tre ekstra GB med videominne held eg nok ein knapp på RTX 2080 Ti for å vere meir framtidssikkert enn dette er, òg.

Men dette er ikkje unikt for tredjepartskort. Slik har det alltid vore med tredjepartskjølarar opp mot Nvidia sine eigne kort, og det er trass alt lågare støynivå og betre kjøling ein pungar ut for. Det er difor kjernen i denne testen.

Testane er gjort på ein PC med ein Intel Core i7-8700k-prosessor klokka til 4.9 GHz (som me oppgraderer neste generasjon), ein kjapp nVME-SSD og 16 GB med 4.4 GHz DDR4-minne. Resultata ser du på neste side.

Straumforbruk, temperatur og støynivå

Gigabyte RTX 3070 Ti Gaming OC har ei anbefaling om ein straumforsyning på 750 watt, og drog på det meste 310 watt ut av veggen min. 20 watt meir enn Founder’s Edition er ikkje all verda, men sikrar altså at skjermkortet oppnår ein klokkehastigheit som er 60 hertz høgare.

DOBBEL KONTAKT: Det er nok fleire som syns det er greitt at ein slepp tredobbel straumkontakt på skjermkortet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er temperaturnivået som verkeleg skil dei ulike kjølarane. Der Founder’s Edition hadde ein makstemperatur på 80 grader i snitt, og ein minnetemperatur heilt opp mot 88 grader, ligg makstemperaturen på Gaming OC-kortet berre på 66 grader. Minnet bikka 74 grader på det meste.

Det er ein stor forskjell.

Støynivået på Gaming OC-kjølaren er dessverre ganske likt som Founder’s Edition, så dette kortet lagar ein del meir lyd enn dei andre Gigabyte-korta me har testa. Det har, som dei andre, ein «Silent»-modus du kan skru på for å få litt lågare klokkehastigheit, der støynivået kryp under 35 desibel. Det kan godt vere verd det om du blir plaga av lyden, men då er det kanskje like greitt å kjøpe ein anna 3070 Ti-variant, i så fall. «Silent»-modusen fører nemleg til lågare klokkehastigheit.

I løpet av ei veke med testing spann viftene på det meste opp til 2013 omdreiingar i minuttet, som òg er omtrent identisk med Founder’s Edition.

Overklokking

Med litt justering i MSI Afterburner fekk eg auka klokkehastigheita med 60 MHz til, opp til 2070 MHz. Då kraup viftehastigheita opp til 2129 omdreiingar i minuttet på det meste, medan temperaturen gjekk opp med éin grad. Støynivået auka heller ikkje merkbart, som betyr at det er like greitt å overklokke kortet viss ein først kjøper det.

Det er ikkje spesielt overraskande at overklokkinga gir oss ein mindre vekst i biletefrekvensen enn på Founder’s Edition, då dette har ein høgare klokkehastigheit i utgangspunktet.

Her er resultatet med overklokkinga:

OppløysingShadow of WarFar Cry 5The Witcher 3Horizon Zero Dawn
1080p162 -> 162137 -> 137141 -> 142125 -> 126
1440p129 -> 131128 -> 128124 -> 127108 -> 110
2160p83 -> 8580 -> 8076 -> 7767 -> 70

Utvalet av spel me testar for overklokking viser at ein kan skvise eit par ekstra prosent ut av kortet med overklokkinga. I Middle-earth: Shadow of War er resultata identiske med Founder's Edition, men Gigabyte-modellen leiar med nokre prosent i dei tre andre spela.

Konklusjon

RTX 3070 Ti er generelt sett mindre attraktivt enn RTX 3070 og RTX 3080. No for tida handlar kjøp av skjermkort mest om å finne produkt til ein nokolunde forsvarleg pris, men dette fell likevel litt mellom to stolar.

Viss me nokon gong ser 2019-prisane kome tilbake, ville eg heller spart opp det vesle ekstra til eit RTX 3080-kort. I teorien vil det neppe vere stor prisforskjell mellom Gigabyte RTX 3070 Ti Gaming OC og dei billigaste RTX 3080-variantane ved meir normale prisar. Dessverre blir det mindre og mindre sannsynleg at prisnivået går tilbake til slik det var før 2020, men det er ei anna sak.

Eventuelt kan ein spare nokre kroner og gå for eit RTX 3070-kort.

Sjølve kjølaren frå Gigabyte gir langt lågare temperaturar enn Founder's Edition, men med omtrent det same støynivået, ein mindre attraktiv utsjånad og ein høgare pris, kjem det mest an på om du vil overklokke eller ikkje. I og med at me ikkje kan kjøpe Founder's Edition her i garden blir dette først og fremst eit tankeeksperiment, men utan å overklokke Founder's Edition er Gigabyte sitt kort merkbart kraftigare.

Temperaturen er så mykje høgare på Nvidia sitt kort at eg ville gått for eit tredjepartsprodukt uansett, så svaret på det innleiande spørsmålet vårt er nei. Tredjepartskort vil vere eit betre val for dei som ikkje bryr seg mest om estetikk, og det kjem nok billigare variantar nærmare Nvidia sin pris etter kvart.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Høg klokkehastigheit
Låg temperatur
Heilt stille på tomgang
Støtte for DLSS
Heftig 1080p- og 1440p-yting
Lagar meir støy enn dei andre Gigabyte-kjølarane me har testa
(Sannsynlegvis) kostbar
Like greitt å spare opp til RTX 3080
1: Test og konklusjon
2: Speltesting

Siste fra forsiden