Test

HyperX Pulsefire Core

Rimeleg toppmus frå HyperX

Presis, solid, og lett datamus til skytespel.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

HyperX var ute med heile tre mus i løpet av 2018, og no har me endeleg fått testa den siste i rekkja. HyperX Pulsefire Core er ei litt billigare mus enn namnebrørne sine, som visast i den marginalt svakare sensoren og mangelen på dei sinnsjuke RGB-fargane til Pulsefire Surge.

Her får du ei enkel, mellomstor mus til berre 400 kroner, som lett held følgje med langt dyrare produkt. Både utsjånaden og forma på denne må vel kunne karakteriserast som noko spesiell, men ytinga er det lite å seie på. Musa kjem med ein 3327-sensor, seks knappar pluss klikkbart rullehjul, og ein solid byggekvalitet med tanke på prisen.

Design

Utsjånaden og forma til HyperX Pulsefire Core er noko uortodoks. Produktet vil neppe vinne prisar for flott design, men det den tapar på utsjånad tar den igjen på komfort. Det at framdelen er såpass avlang flyttar balansepunktet for handa litt lengre bak, som gjer at fingrane har veldig mykje å kvile på. Dette vil difor vere eit passande val for alle typar grep.

Utsjånaden er noko merkeleg på grunn av bøyen på fronten.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Forma på sidene er kanskje det eg likar best. Men det er òg det som vil dele forbrukarane når det kjem til Pulsefire Core. Museknappane har det same «luftinntak»-designet som ein finn på HyperX Pulsefire FPS Pro, men her er bøyen utover meir merkbar. Bogen frå midten av sidene til tuppen av museknappane er langt meir markant enn ein vanlegvis finn på spelmus. Dette er det som gjer denne spesiell. Mine fingrar får særs stabil støtte på høgresida av musa på grunn av bøyen, men dette vil varierer veldig basert på kor langt bak ein har handleddet. Dei som legg handa lengre fram på musa vil antakeleg kjenne at bøyen på sidene kjem i vegen for komforten.

Samstundes er heile konstruksjonen i plast, der sidene har nokre striper for å motverke sveitte hender. Dei fungerer ikkje heilt som dei skal. Botnen av sidene manglar desse stripene, slik at eg merkar tommelen gli i ny og ne. Difor bør ein nok investere i litt gripsteip for å bruke denne viss ein slit med sveitte hender.

Storleiken er på grensa mellom liten og mellomstor, så dei med hender på opp til 19 centimeter vil kunne bruke denne. Vekta reflekterer slik sett storleiken, med rett under 90 gram. Får du med noko av den fletta kabelen vil den vise rundt 92 på vekta, som framleis er godt innanfor viss ein driv med skytespel. Ein del av vekta kjem av dei solide materiala som er brukt i musa, og det gjer meg sikker på at denne vil halde koken i lang tid.

Knappar

Sideknappane sit på den rette plassen, slik at tommelen kvilar rett under.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med seks knappar og klikkbart rullehjul er dette først og fremst ei mus for skytespel og liknande, som ikkje krev alt for mange makrosnarvegar og slike ting av musa.

På toppen finn du to PPT-knappar for å rullere gjennom opp til fem ulike PPT-trinn. Desse kan sjølvsagt gis andre eigenskapar gjennom programvaren, men dei sit litt vel langt bak for å kunne brukast i kampens hete.

Sideknappane sit relativt høgt oppe, men på grunn av bøyen på sidene kan ein ha tommelen rett under. Det er null problem å bruke dei til ting som «melee»-knapp i spel, og eg har ikkje opplevd å kome borti dei ved uhell.

Rullehjulet er ganske middelmåtig med korte trinn og ein litt svampete feedback. Det kunne vore betre. Derimot er høgre- og venstre museklikk behageleg å bruke, med ein skarp lyd og kort vandring takka vere Omron-brytarar som skal tole 20 millionar klikk.

Sensor

I og med at Pulsefire Core berre kostar 400 kroner, har HyperX kutta litt ned på sensorkvaliteten. Denne kjem med PixArt PAW3327. Det er relativt få andre mus som brukar denne her, men eg merka lite galt med ytinga i spel. Nokre rundar med Quake Champions her, og litt Call of Duty: Black Ops 4 der, viste at pikselsporinga var nøyaktig, og at den ikkje spinn ut.

Botnen av sidene er ein smule glatte.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det har vore tull med nøyaktigheit på PPT-nivå med denne sensoren tidlegare i ASUS Tuf M5-musa, men eg merka ikkje noko til dette i denne omgang. Sjølv om PAW3327 er svakare enn den meir standard PMW3360-sensoren, er det særs sjeldan ein vil merke noko forskjell – om du gjer det i det heile. For min del har eg hatt ei identisk oppleving som med ein 3360-sensor i spel.

Ei avgrensing her er at PPT berre går opp til 6200. Brukar du så høg PPT vil eg uansett råde deg til å skru ned PPT markant for speling.

RGB og programvare

Som dei andre produkta til produsenten, brukar musa HyperX NGenuity. Det er eit veldig enkelt program med få tilpassingsmoglegheiter, men det får jobben gjort til tross for eit design som ville passa betre i midten av førre tiår.

Her kan du binde om knappar, sette opp makro og skifte PPT. Elles er det sjølvsagt nokre ulike modusar for RGB. HyperX-logoen på baksida av musa kan lyse i alle moglege fargar, samt justerast med nokre effektar som fargepuls, fargesyklus og ein modus som skiftar fargane når du trykkar på knappar.

Konklusjon

HyperX Pulsefire Core er ikkje akkurat noko forseggjord produkt. Her har produsenten kutta ein del kostnadar på sensoren, som har pressa prisen ned til 400 kroner – utan at det har noko nemneverdig effekt på ytinga. Sideknappane er velplasserte, og forma ligg godt i handa. Det einaste klare minuset er at rillene på sida ikkje dekkjer heile venstresida av datamusa, som kan føre til problem for dei med sveitte hender. Forma vil heller ikkje passe alle.

Denne datamusa er billigare enn Pulsefire FPS Pro, og har ei betre form.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er flust av søppelprodukt blant billigklassen av datamus. Derimot er det nokre unntak her og der, og dette er definitivt eit av dei. HyperX Pulsefire Core osar av kvalitet på lang veg. Så lenge du ikkje får veldig sveitte fingrar mens du spelar og har ei hand under 19 centimeter, vil dette vere ei solid investering. Ein skal ikkje sjå bort frå at denne går endå lengre ned i pris utover våren, og då er det gjerne innan rekkjevidde som ei grei bursdagsgåve til ein gamerkompis?

Summert er det ingen tvil om at dette er eit godt produkt med tanke på prisen.

Sjå alle testane våre av mus og tastatur her »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
7
/10
HyperX Pulsefire Core
Rimeleg skytespelmus frå HyperX som tikkar dei fleste boksane.
Feilfri sensor (dog litt svakare enn toppsensorane på papiret)
Fletta kabel
Grei vekt
God passform
Passande plassering på sideknappar
Billig
Anti-skli-rillene dekkjer ikkje heile sida, som gjer den litt glatt
Passforma er litt for spesiell til at dette blir noko allmenn hit

Siste fra forsiden