Test

HyperX Pulsefire FPS Pro

Feilfri sensor pakka inn i eit enkelt og stilig design

HyperX relanserer skytespelmus.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kingson sitt gamingmerke HyperX har blitt eit hushaldsnamn over dei siste åra, spesielt på grunn av den suksessfulle Cloud-serien av hovudtelefonar. Mus- og tastatursatsinga deira har ikkje sett heilt den same populariteten enno, men kvaliteten er definitivt på det same nivået. I vår gav me ein niar til gamingmusa Pulsefire Surge, og no er me tilbake med ein test av nyversjonen av fjorårets HyperX Pulsefire FPS – Pulsefire FPS Pro.

Dette er ein oppgradert versjon med betre sensor og skikkeleg RGB, i staden for berre raudt LED-lys. Kroppen er ein slags mellomting av formane til Razer DeathAdder og Razer Mamba, som gjer den passande til skytespel. Med ein prislapp på under 600 kroner er denne i praksis ein billigare versjon (i alle fall i forhold til nypris) av DeathAdder.

Sensor

HyperX har fått lov til å bruke Razer sin tilpassa versjon av PixArt PMW3360-sensoren; PMW3389. Denne finn me òg i Pulsefire Surge, som me testa tidlegare. Dette er altså ein feilfri sensor, eit klart steg fram frå fjorårets Pulsefire FPS, som brukte 3310.

Testar av pikselsporing viser at denne gjer jobben, utan teikn til akselerasjon. Det er vel eigentleg ikkje noko stor overrasking. Me veit at dette er ein av dei beste sensorane ein kan få tak i, og for dei aller fleste av oss vil me aldri merke noko forskjell til ein 3360, HERO eller 3366. Du kan stole på at teknologien fungerer som den skal i HyperX Pulsefire FPS Pro.

Som alle dei andre toppsensorane, støttar 3389 «PPT» (punkt per tomme) stegvis frå 100 til 16 000.

Design og komfort

Til tross for det noko forvirrande namnevalet, har forma til Pulsefire FPS Pro ingen likskapar med Pulsefire Surge. Den minner langt meir om produkt frå Razer, og plasserer seg mellom DeathAdder Elite og Mamba med den same grillen på fronten og museknappar som bøyer utover som vingar. Det gjer den òg veldig lik ASUS ROG Gladius II Origin som me testa i sumar, anna enn at den er litt høgare og har nokre millimeter djupare innhogg på museknappane. De kan sjå eit samanlikningsbilete av Mamba Firefly, Gladius Origin II og Pulsefire FPS Pro i margen her.

Razer Mamba Firefly til venstre, ASUS ROG Gladius II Origin i midten, HyperX Pulsefire FPS Pro til høgre (me hadde dessverre ikkje DeathAdder liggande).
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Vekta er òg omtrent den same som på DeathAdder, på 100 gram. Pulsefire FPS Pro er litt større, så den fyller opp ei mellomstor hand fullstendig. Spesielt handflategrep er særs behageleg med musa, men fingertupp- og klo-grep passar òg fint så lenge ein har store nok hender. For meg når eg akkurat langt nok fram med fingertupp-grep med mi hand på 18,5 centimeter, så viss ein har kortare hender enn meg, ville eg hoppa over denne.

Kvar av sidene er dekkja av eit gummigrep med industrimønster. Eg syns HyperX har lagt til litt for mange furer på overflata, då eg får mønster på huda mi etter å ha brukt den ei stund, og det kitlar på fingertuppane. Ikkje at det er noko stort minus, for ein kan vere sikker på at hendene ikkje glir viss ein først blir sveitt. Samstundes er det eit monaleg problem her. Sidene svinger innover på toppen, noko som gjer at musa glir, i staden for å falle ut av grepet mitt, viss eg løftar den opp. Dette var eit kjend problem med den førre musa òg, som burde vore fiksa. Ideelt sett bør det vere ein liten kant på toppen av sida for dei som har låg følsemd og flikker mykje med musa.

Knappar

HyperX Puslefire FPS Pro kjem med fem knappar og eit klikkbart rullehjul. Høgre- og venstre museknapp er utstyrt med Omron-brytarar som skal tole opp til 20 millionar klikk, og har ein romsleg tilbakemeldingslyd.

Dei to sideknappane sit akkurat litt for langt opp for at eg kan rulle tommelen opp til dei, men me snakkar ikkje om meir enn ein halv centimeter over den optimale plasseringa. Ein kjem i alle fall ikkje borti dei ved uhell, men dei burde vore ein smule lågare nede. Dette er akkurat det same problemet som eg hadde med ASUS ROG Gladius II Origin, men her er knappane endå mindre, slik at problemet på Pulsefire er meir markant.

HyperX Pulsefire FPS Pro skil seg ut frå resten av gjengen med brattare profil på museknappane, og ei slags renne for rullehjulet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

På toppen finn me ein PPT-knapp, som sjølvsagt kan programmerast til det ein vil. Dette er eigentleg den største forskjellen frå Razer DeathAdder anna enn den litt meir kantete forma, då DeathAdder har to små knappar på toppen, mens denne berre har ein.

Rullehjulet er eit av høgdepunkta ved Pulsefire FPS Pro, som har eit trinndelt gummihjul med tilfredsstillande tilbakemelding.

Programvare og RGB

HyperX sin NGenuity Software ser ganske lik ut som sist me prøvde den. Framleis middelmåtig, med eit antikvarisk design. Men den er i det minste oversikteleg, så det er ikkje noko stort minus. Ein finn enkelt fram til der ein skal, og kan justere på RGB, makroar, PPT og liknande. Det er mogleg å sette sette opp fem ulike trinn til PPT, som PPT-knappen rullerer mellom.

Måten ein endrar RGB på er litt tungvint. Det er aldri heilt klart kva eg skal trykke på for å få nye fargar i byrjinga, så forvent ein tilvenningsperiode. Når ein først kjem inn i rytmen, er det fire ulike modusar for RGB å velje mellom, ein for faste fargar, ein for puls, ein som skiftar farge på kvart klikk, og ein som går gjennom ulike fargar i ein syklus. Ganske standard, med andre ord.

RGB-elementa sit i HyperX-logoen på baksida som stort sett vil vere under handa di, men lyselementa på sidene av rullehjulet er godt synlege takka vere høg lysstyrke.

Konklusjon

Bøyen over toppen sikrar god kvile til handa.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

HyperX Pulsefire FPS Pro er ein litt billigare, men nesten jamgod Razer DeathAdder. Her er det difor mykje å like. God passform, topp sensor, ei respektabel vekt og flott utsjånad. Likevel er mangelen på kant på toppen av sidene og dei litt for høge sideknappane noko som heller anbefalinga mi mot andre mus med liknande utsjånad. Denne er god, men for dei med låg følsemd er det betre val på marknaden.

Gummigrepet kan bli ein smule irriterande for huda over lengre tid, noko ein òg slepp med Razer DeathAdder og Mamba. Samstundes er nyprisen på denne nokre hundrelappar under DeathAdder og Mamba. Det er umogleg å finne andre årsnye mus i denne storleiken til same nypris, så her er det mykje å hente for pengane. Spørsmålet her er vel om ein syns det er greitt å gå ned bittelitt i brukskvalitet for å spare nokre kroner. Eg ville nok ikkje gjort det sjølv, men konkurranse er alltid kjekt. HyperX har vore flittige med satsinga si i det siste, så me kan ikkje sjå vekk frå at dei fiksar problema med denne til neste runde, og då vil dette vere ein av marknadsleiarane.

Les også: HyperX er ikkje den einaste produsenten som nyleg oppgraderte eit av kjerneprodukta deira »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
7
/10
HyperX Pulsefire FPS Pro
HyperX gjer nokre forbetringar på årets versjon, men har framleis ikkje fiksa sidene.
Fletta kabel
Grei vekt
Fint design
Solid byggekvalitet
Pris
Rullehjul med tilfredsstillande tilbakemelding
Middels programvare
Høge sideknappar
Toppen av sidene bøyer feil veg

Siste fra forsiden