Test

Logitech G502 Lightspeed

Logitech kuttar kabelen på G502

Folkefavoritten er tilbake i toppform.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ikkje lenge sidan Logitech fornya G502 med HERO-sensoren, og knapt meir enn eit halvt år seinare er dei allereie på plass med ein trådlaus versjon. Logitech har sendt G502 på slankekur, samt gitt den støtte for den trådlause ladeteknologien PowerPlay.

Nyleg har òg G903, G703 og G403 fått den nye HERO-sensoren, som me skal publisere testar av fortløpande. Mange har spurd etter ein trådlaus G502 i ei stund no, og Logitech har endeleg levert. Det er heller ikkje lenge sidan me fekk ei fornying av MX518, så kanskje me kan vente ein ny versjon av G303 snart?

Uansett har Logitech imponert med G502 Lightspeed. Endringane er forholdsvis store, samstundes som produsenten har behaldt dei beste sidene av produktet.

Design og komfort

G502 har lenge vore særs populær, og fungerer like bra til både kontor- og gamingbruk. Som G903 gjer den både jobben i alt frå skytespel til MMO, samtidig som den kan vere eit nyttig verktøy for produktivitetsoppgåver takka vere dei mange knappane og rullehjulet med to modusar.

Utsjånaden er ganske lik, men innvendig har det skjedd ein del.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Designmessig er det lite som er nytt her. Tommelstøtta kjennest lik ut som før, og dimensjonane er stort sett dei same som på HERO-versjonen. Eg trur venstre museknapp er blitt nokre millimeter høgare – det ser i alle fall slik ut – men det er sannsynlegvis ein konsekvens av vektreduksjonen. Elles er romskipdesignet på plass som alltid, og den er framleis i aller høgaste grad behageleg i bruk.

G502 er ei stor mus, men på grensa til å bikke ned i mellomstor-kategorien. Dette gjer at dei fleste vil kunne bruke den utan noko særleg tilvenningsperiode. Eit anna pluss er at det er mindre skrangling i G502 når eg ristar på den enn i førre versjon, så det verkar som byggekvaliteten er blitt betre.

Ergonomien er som før, men Logitech har jobba med å gjere musa meir solid.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mens Logitech G 502 HERO frå i fjor viste litt over 120 gram på vekta, er denne nede på 114. Trådlause mus veg generelt meir enn kabla mus, så utan noko vektreduksjon ville nok denne vore godt over 130 gram. Dei som likar tyngre mus kan sette i lodd som følgjer med, men dei som driv med skytespel og slike ting vil nok sette pris på slankekuren til G502. I forkant av testen var eg bekymra for at Logitech berre hadde fyrt inn ein ny sensor og ikkje hadde gjort så mykje anna, men det er definitivt ikkje tilfellet her.

Den største endringa er sjølvsagt overgangen til trådlaus teknologi, der ein enten kan bruke den trådlause USB-sendaren eller Logitech sin trådlause lading, PowerPlay. Det betyr riktig nok ein tusenlapp ekstra, som kan bli i overkant for ei datamus. Eg syns det er heilt kanon å ikkje måtte tenkje på lading, men sjølv utan den trådlause ladinga held batteriet stand gjennom ei arbeidsveke viss ein slår av RGB-lyset.

Minuset med PowerPlay er at matta er i det minste laget. Eg brukte G Pro Trådlaus i nokre månadar som hovudmus i fjor, og då blei løysinga å ha PowerPlay liggande ved sia av ei vanleg musematte, slik at eg kan lade den når den ikkje blir brukt.

Knappar

Som før kjem G502 med ni knappar og eit klikkbart rullehjul, som kan dyttast til høgre eller venstre for å til dømes gå fram og tilbake mellom nettsider. Det er ingen endringar i knappeoppsettet, men rullehjulet har fått ein liten overhaling. Dette er blitt hola ut, og har meir motstand enn før. Den trinnlause modusen er framleis den same, men den med trinn glir ikkje like lett som tidlegare. At modusen med faste trinn var litt for slakk var ein av dei få kritikkane eg kom med av den kabla G502 HERO-utgåva, og det har Logitech tatt tak i.

Den største visuelle endringa er det nye rullehjulet, som er blitt langt betre enn i førre utgåve (HERO til venstre, nye Lightspeed til høgre).
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Elles er det få endringar å spore når det kjem til dei andre knappane. Viss ein ikkje har brukt G502 tidlegare er det ein liten tilvenningsperiode med å ha ekstraknappar oppå venstre museknapp, men det tar ikkje lang tid før ein er vand med det.

Sensor

Det er framleis skepsis rundt trådlaus teknologi og forseinking, men Logitech sin HERO-sensor har gjort at ein strengt tatt ikkje treng å tenkje på det lengre. Forskjellen i forseinking er forsvunne. Sensoren som sit i G502 Lightspeed er sjølvsagt den same som den kabla versjonen, og den einaste skilnaden er at denne støttar trådlaus kopling.

Kabelen er vekke, og Logitech sin Lightspeed-teknologi sikrar at dei to versjonane yter identisk.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Som før er dette ein feilfri sensor med null akselerasjon, og som eg ikkje får til å spinne ut uansett kor mykje eg prøver. Pikselsporing-testen min viser at ytinga er identisk til G502 HERO frå i fjor.

RGB og programvare

Som før har eg lite anna enn godord å kome med for Logitech Gaming Software, og det same gjeld nye Logitech G Hub, som samlar alle typar Logitech-produkt i ein pakke. Programvaren er intuitiv, der ein enkelt justerer PPT, omprogrammerer knappar, skiftar RGB-fargar og set opp makrosnarvegar. Logitech er framleis marknadens beste på programvare.

RGB-elementa sit på dei same plassane som G502 HERO, med ein logo på baksida (som ein ikkje ser under bruk), og nokre indikatorlys for rullering mellom ulike PPT-trinn. Her er det mindre vits i å ha på RGB i og med at det går utover batterilevetida. Viss ein ikkje har PowerPlay kan ein vente rundt femti timar levetid utan RGB, og 10 timar mindre med det på.

Konklusjon

Logitech har gjort langt meir med G502 Lightspeed-versjonen enn det dei gjorde med G502 HERO opp frå G502 Proteus Spectrum. Vekta har gått nedover, musa er blitt trådlaus, byggekvaliteten er styrka og rullehjulet er betre. Støtte for trådlaus lading er òg eit stort pluss for dei som taklar den nokolunde vesle ladematta. Utsjånaden er identisk, men G502 Lightspeed er no betre enn forgjengaren på alle moglege måtar.

Ekstraknappane på venstre museklikk er eit av særprega til G502, men krev litt tilvenning.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Problemet her er prisen. G502 HERO har vore nede under 500-lappen, mens G502 Lightspeed kostar heile 1500 kroner – like mykje som G Pro Trådlaus. Viss ein skal ha PowerPlay i same slengen, må ein fort hive på ein tusenlapp ekstra. Det blir ein del pengar.

Eg syns framleis Logitech har langt betre gamingprodukt i inventaret sitt, men vektreduksjonen har gjort G502 litt meir attraktiv for skytespel-gjengen. Det er eit glimrande produkt for dei som vil kombinere produktivitet og gaming, eller har behov for noko som fungerer like godt i Counter-Strike som i MMORPG-spel. Logitech styrkar posisjonen sin på marknaden, og det er vel eigentleg ingen andre produsentar som har like mange gode datamus som dei har ute no. Det einaste andre produktet som kan fylle same rolle som G502 Lightspeed er Logitech sin eigen G903, så her kan ein velje mellom eit ergonomisk eller symmetrisk design.

Prisen gjer at eg held på åttaren, men G502 Lightspeed kjem med så mange oppgraderingar at det er liten vits i å kjøpe den kabla versjonen med mindre lommeboka ikkje strekkjer til.

Les også: Me kårar marknadens beste gamingmus »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
8
/10
Logitech G502 Lightspeed
Den klart beste versjonen av G502, men den kostar skjorta.
Marknadens beste programvare
Trådlaus, med støtte for PowerPlay
Redusert vekt
Eit av dei beste datamus-rullehjula er blitt endå betre
Styrka byggekvalitet
Feilfri sensor med null forseinking
Svindyr
Framleis for tung til å kunne konkurrere med dei beste skytespelmusa

Siste fra forsiden