Anmeldelse

The Sims

2003 er det store året for The Sims. I år er det tre år sidan dette fenomenet tok over heimane til folk, og forvandla mange av oss til sosiale avvik. På desse tre åra har The Sims solgt over 20 millionar kopiar, og uttallige ekspansjons-pakkar, offisielle eller uoffisielle har blitt pumpa ut til massane. I år tar The Sims for første gang det store steget inn i nytt og uutforska territorium.

Side 1
Side 2
Side 3

Flerspelar-modus
Den andre store nye tingen er fleirspelar-modus. Det høyrest kanskje ikkje så interessant ut å spele mot kvarandre i eit spel som ikkje er kjent for å bevege seg raskt framover, men sannheita er at dette kanskje er det beste som har skjedd med The Sims. Trass i ei uheldig diagonal deling av skjermen, som kan gjere det litt vanskeleg å sjå kva som skjer, så er dette forrykande moro. I fleirspelar-modusen må du til dømes overtale så mange investorar som mogleg til å gi deg pengar. Du har eit begrensa antal minutt til disposisjon, og jakta er i gang. Kor mykje pengar du klarar å skrape saman avhengjer av kor god du er til å smiske, du må og ta hensyn til simmane sine behov. Det er ikkje så lett å overbevise folk når du luktar som eit flambert stinkdyr.

Om pengar ikkje er din store lidenskap kan du jo heller prøve deg på å forføre så mange du kan, her må du vere forsiktig så ikkje så ikkje den siste erobringa di ser at du flørtar med nokon andre. Dette skapar problem for deg i den forstand at begge likar deg mindre. Den som vinn får æra av å ta del i ellevill nakendans, medan taparen blir ståande igjen for seg sjølv. Det høyrest kanskje ut som om nakendansing er litt på kanten for sarte sjeler, men dei enorme sensurblokkene sørger for at du eigentleg ikkje får sjå noko anna enn mange armar og bein. Det heile høyrest kanskje latterleg ut, og det er latterleg, men det er moro. Fleirspelar-modusen er eit godt eksempel på at GAL-modusen er verdt å spele, sidan den er ein av mange ting som ikkje er tilgjengelege før du har nådd eit av måla dine. Fleire variantar av fleirspelar-modusen blir og tilgjengelege etter kvart som du kjem nærmare slutten på GAL.

Konklusjon
The Sims er meir eit fenomen enn eit spel. Kven hadde vel trudd for tre år sidan at eit konsept som dette skulle slå an i så stort omfang? Nokre få element har blitt fiksa på sidan PC-versjonen, og nokre nye er lagt til. Dei fleste vil nok like den nye oppdragsbaserte modusen i form av Get A Life, men det er ikkje sikkert alle vil like at du no må følgje ei viss løype for å få tak i dei mest eksklusive tinga å dekorere heimen din med. Varierte meiningar vil det nok og vere om fleirespelar-modusen. Det kan nok bli stressande for nokre at ting brått går i eit mykje høgre tempo, og den diagonale delinga av skjermen er ikkje heilt heldig, men dei fleste vil nok oversjå det og heller innsjå kva fantastisk underhaldning dette kan vere. Om ein ser vekk frå alt det som er nytt i PS2-versjonen er The Sims i korte trekk eit spel du enten elskar, eller hatar. Der andre ser på det som fornøyeleg når simmane fører samtaler i eit boblebad, vil andre fnyse av eit så tåpeleg opplegg. Er du ein The Sims-veteran, eller ein som aldri har tenkt tanken på å leike gud med ein liksom-familie, så er The Sims uansett å anbefale.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden