Trøbbel i gjære for Persona-studioet?

Eigarane til Atlus er er på randen av konkurs.

Atlus er det japanske studioet som har levert godsaker som Persona-serien, Catherine og Shin Megami Tensei. Kvaliteten på produkta deira har det sjeldan vore noko å utsetje på, men slikt er ikkje alltid nok for å halde hovudet over vatnet i ei stadig vanskelegare finansverd.

For nokre år sidan blei Atlus absorbert av selskapet Index, og eigarane har vore gjennom ein del trøbbel den siste tida. Tidlegare i år blei det starta ei etterforsking av Index etter skuldnigar om å fabrikkere forretningstransaksjonar.

No ser det ut til at det heile har gått eit solid steg lengre. Brukarar på spelforumet NeoGaf har kome fått nyss om at Index står nær ein konkurs. Dei er på jakt etter partnerar som enten kan hjelpe dei ut av situasjonen, eller eventuelt kjøpe opp viktige eigedomar som Atlus.

Kva dette betyr for skaparane av Person-serien er for tidleg å seie, men om alt går skeis for Index skal vi ikkje sjå bort frå at Atlus blir selt til høgstbydande. Eit anna alternativ er at vi får ein liknande situasjon som den vi hadde med THQ tidlegare i år; at Atlus sine spelseriar blir spreidde for alle vindar til nye eigarar.

Les også: Anmeldelse: Persona 4 Golden Les også: Anmeldelse: Zeno Class II

Siste fra forsiden