Anmeldelse

Uncharted: Golden Abyss

Nathan Drake er allereie tilbake, men i nytt format.

Her har vi altså den store manndomsprøva. Uncharted på PS Vita. Spelet som skal vise alle og einkvar kva dette portable vidunderet verkeleg kan. Så viktig var det for Sony å få eit Uncharted på PS Vita, at når Naughty Dog ikkje kunne eller ville, hyra dei inn Bend Studio som tidlegare har laga PSP-varianten av Resistance, samt nokre Syphon Filter-spel.

Slike situasjonar er artige. Det er når slikt skjer at ein verkeleg ser om eit utviklarteam har skapt noko heilt spesielt. Er Naughty Dog ein gjeng med gudar forkledde som nerdar, eller kan kven som helst lage gull så lenge Nathan Drake er involvert?

No er det vel ikkje ein stor hemmelegheit at eg ikkje er verdas største Uncharted-fan, sjølv om eg synest munnhoggeriet til Nathan Drake er blant det beste i klassen. Eg har fått nok Uncharted-relaterte drapstruslar til å vite at eg eigentleg hatar serien, så difor er det veldig lett for meg å seie at Bend Studio leverer varene omtrent like godt som Naughty Dog.

Nathan Drake med sine nye, livlause auge.

Gamle jaktmarker

I Golden Abyss gjer Nathan Drake akkurat det han gjer best. Han reiser til jungelen og held seg stort sett der. Som vanleg er det gamle skattar som skal finnast, og eg klarar ikkje gje eit referat sidan dei lange monologane om kva som er kva, og kvar det ligg er så tungt skrivne at eg fell av lasset kvar gong. Ikkje at historia er dårleg på nokon måte, men når Nathan snakkar om ein gammal organisasjon som gjorde eitt eller anna langt inne i langtvekkistan medan musikken byggjer seg opp som for å fortelje deg at dette er saker altså, då må eg innrømme at tankane byrja å svirre til den lite engasjerande monologen er over. Det er ikkje det at kjeldetemaet er uinteressant, langt derifrå, det blir berre ikkje fortalt på ein god måte.

Det blir derimot resten av historia som turar fram i typisk Uncharted-stil. Vi møter eit knippe nye personar der den nye berta Chase tek førsteplass. I tillegg har vi ein sleip liten slange ved namn Dante, og ein general som stort sett berre lagar kvalme. Det er fullstendig uoriginalt, men det fungerer takka vere den solide dialogen som har ein gjennomført rytme som er opparbeida og etablert gjennom tre vellukka spel.

Spelet manglar derimot litt av den snerten som serien er kjend for. Det er lett å få kjensla av at Golden Abyss prøvar å vere morosamare enn det eigentleg er, og det til tross for at alle skodespelarane gjer sitt beste for å levere dialog du ikkje gløymer med det første. Visse gullkorn dukkar derimot opp, som når Sullivan seier han aldri har brukt padleåre før, godt kontra av Nathan som meiner servitrisa sa noko anna.

Liten lekkerbisken

Som forventa frå eit Uncharted-spel er Golden Abyss uhyre lekkert. Det når aldri heilt opp til motstykka på PlayStation3, men av og til kan ein la seg lure. Uncharted: Golden Abyss er grisepent, sjølv om ironien eigentleg lyser lang veg frå eit slikt utsagn. Spelet slår naturlegvis knock out på alt vi har sett i slikt format så langt, men det er i tillegg vesentlig penare enn mykje ein finn på både PlayStation 3 og Xbox 360.

Ein mann i sitt rette element.

Utviklarane hos Bend har dytta ein svær og nydeleg jungel, mørke grotter og gamle ruinar inn i ei lita maskin som om dei aldri har gjort noko anna. Spesielt tette jungelområde med mange vridde tre og tjukt lauvverk overbeviser stort, medan dei herlege elvane som strøymer gjennom fleire område gjer elvane i dei fleste andre spel fullstendig til skamme.

Alt er derimot ikkje av like høg kvalitet. Bakgrunnsbilete som blir brukt i mange område, for å få det heile til å sjå større ut, er ofte av temmeleg dårleg kvalitet. Anten er dei uskarpe og står i sterk kontrast til resten av kulissane, eller så er fargespekteret heilt feil i forhold til resten. Av og til legg du ikkje merke til at desse er bileta, men stort sett ser du dei med ein gong, og det bryt illusjonen.

Stort sett er det på den grafiske fronten at vi tydeleg ser at Naughty Dog ikkje står bak dette spelet. For eit Uncharted-spel å vere er animasjonen skuffande ustabil. Der animasjonen elles er så gjennomførde at du knapt tenkjer over at det heile faktisk er animert, er det lett å leggje merke til mange ujamne overgangar i Golden Abyss. Vi finn kjenningar som stive ledd, små rykk i ujamne overgangar, og Nathan har ein rar tendens til å riste litt på hovudet når han eigentleg skal stå i ro.

Mest irriterande er derimot dei lysande og gjennomsiktige auga nesten alle i spelet har. Om det er Uncharted: Vampires in the Sun Bend var ute etter å lage har dei i alle fall lukkast delvis med det visuelle. Når det er sagt ligg likevel Uncharted: Golden Abyss langt framfor det meste anna du vil finne kva animasjon angår.

Nathan sin nye leikekamerat.

Meir av det same

Har du spelt eit Uncharted-spel før, har du strengt tatt spelt dette òg. Det byr på veldig lite nytt reint utover divere kontrollfunksjonar som ikkje er moglege på PlayStation 3. Spelet er ei god blanding av utforsking, klatring og skyting, og heldigvis har Bend valt å tone ned den infernalske skytinga som har forsøpla store delar av dei andre spela. Vi finn riktig nok fleire område der dei køyrer den eldgamle formelen med å sende fiendar mot deg i puljer inntil du har drepe alle, men det skjer ikkje like ofte.

Fleire gongar har du i tillegg sjangen til å unngå slikt ved å plukke ned fiendane utan at dei oppdagar deg. Dette gjer du enkelt og greitt ved å trykke på skjermen når du er nær fienden. Dette er ein kjapp og enkel måte å gjere det på, sidan du lettare når skjermen med tommelen, enn ein av knappane ute på sida av maskina.

«Enkelt» er eigentleg eit ord som passar for svært mange av dei små tillegga eller endringane som er gjorde for å få deg til å sjå verdien av at Uncharted no er på Vita. Der det sømmer seg kan du no bruke sveip og trykk på skjermen for å utføre enkle operasjonar som elles hadde krev bruk av ein eller fleire knappar. Skal du opne ei dør sveiper du kanskje til sida, skal du i eit basketak med ein to meter høg gorillamann trykkjer du litt på skjermen for du sveipar opp og ned for uppercut og det som verre er, og om du skal kome deg gjennom litt bambus for å finne ein skatt kan du sikkert gjette deg fram til det.

Det fungerer strengt tatt veldig bra. Det er ikkje slik at eg tenkjer «Å kjære! Kvar har du vore heile mitt liv?», men eg likar dette langt betre enn å måtte vifte med heile kroppen som ei skadeskoten ballerina framfor eitt eller anna apparat som ikkje fangar opp rørslene mine heilt perfekt. Mest aktiv blir du når du skal studere diverse objekt. Då må du rotere objektet ved å stryke fingrane dine over baksida av maskina medan du børstar støv, skit og lort av objektet med tommelen. Alternativ må du leggje saman puslespel eller bruke papir og kol for å kopiere eit bilete.

Min aller, aller best ven.

Ein annan funksjon som kan bli flittig brukt er gyroskopet. Som med Zelda på 3DS brukast gyroskopet slik at du kan få hakket meir nøyaktig presisjon. Du kan sjølv velje om du vil ha dette på alle våpen eller berre da du er snikskytter, noko som er svært positivt sidan det kan bli litt irriterande når du berre skal skyte med ein handpistiol. Når du skal snipe er det derimot ei gåve frå oven. Eg er svært glad i sniperrifla, og dette spelet har bydd på ei av dei beste snikskytternivå eg har vore ute for i lang tid.

For enkelt?

Sjølv om spelet har nok av hektiske møte med fienden er det klatring og innbilt utforsking av dei heller lineære områda som først og fremst tek opp tida di. Om det er for mykje forlangt å halde analogstikka oppover medan Nathan stig i gradene kan du no berre sveipe over klatrevegen, og Nathan gjer heile jobben sjølv, men du har nokre sekunda ledig til å klø deg bak øyret, pille nasa, eller kanskje ta ein bit av kva du ser på som kvalifisert Uncharted-digg.

Det finnest spel som blir skulda for å spele seg sjølv, og det finnest spel som faktisk spelar seg sjølv. I dette tilfelle gjeld sistnemnde. Ein kan lure på kva poenget med å berre sjå Nathan klatra eigentleg er. Klatringa i Uncharted inneheld ikkje store utfordringa, men ved å gjere det på denne måten forsvinn alle illusjonar som kanskje skulle ha vore der. Stort sett har eg valt å droppe heile greia, sidan eg likar å gjere litt sjølv, og har heller sveipa ein og annan gong over skjermen for nettopp dei grunnane eg allereie har nemnt.

Konklusjon

Uncharted: Golden Abyss er på alle måtar eit verdig ledd i Uncharted-serien. Spelet byr på akkurat det ein ventar seg, gjennom klatring, skyting og skattejakter gjennom tjukke junglar og mørke grotter. Spelet er på sitt beste når nivådesignet og historieforteljinga samarbeider om å underhalde. Humoren er like skarp som vanleg, og Nolan North gjer som alltid ei glitrande rolle. Om dei mange herlege kommentarane som kjem gjennom spelet er planlagde eller er improviserte vitast ikkje, men dei fell definitivt på solid grunn.

Skytinga på si sida ber preg av mange gode idear som aldri blir godt nok brukte. Å bruke gyroskopet til å sikte er eit veldig smart val, men det blir lett kasta bort på svær generiske og oppfinnsame møte med fiendane. Nesten kvar gong du møter fienden er det som ein miniversjon av tårnforsvar, og sjølv om det tidvis blir veldig artig, blir òg det litt for mykje av det same i lengda.

Uncharted: Golden Abyss kommer i salg 22. februar, samtidig med PlayStation Vita.

Siste fra forsiden