Xbox One blir tilgjengeleg utan Kinect

Microsoft vil tilby ein billegare Xbox One-modell utan kamera.

Heilt sidan Xbox One blei kunngjort i fjor vår har mange ergra seg over at konsollen berre var å få tak i saman med Kinect-kamerasensoren. Alle er enkelt og greit ikkje like interesserte i å bruke rørsler når dei spelar, eller i å snakke til konsollen for å slå på maskina eller navigere gjennom menyane.

Tidlegare i år verserte fleire rykte om ein ny og billegare Xbox One-modell. Der blei det påstått at den nye modellen ville droppe Blu-ray, samt få større lagringskapasitet. Ingen av desse detaljane er stadfesta, men i dag har Microsoft i ei pressemelding kunngjort at ein billegare Xbox One-modell vil bli tilgjengeleg. Prisnedgangen blir mogleg sidan konsollen kjem utan den til dels kontroversielle Kinect-sensoren.

Kva den norske prisen blir veit vi ikkje i skrivande stund, men på Xbox Wire kan vi lese at konsollen i USA vil gå ned frå 499 dollar til 399 dollar. Dette vil leggje Xbox One utan Kinect på same prisnivå som PlayStation 4, og det er difor stort sannsyn for at du vil kunne få ein Xbox One til same pris som PlayStation 4 når konsollen lanserast her til lands i september. Det vil seie omlag 3500 kroner.

Netflix utan Xbox Live Gold

Kinect blir eit valfritt tilbehør når Xbox One lanserast i Noreg i september. (Foto: Microsoft).

Ved sidan av den nye modellen som blir tilgjengeleg rundt omkring i verda frå og med juni, har Microsoft fortalt at dei no vil slutte å gøyme mykje innhald bak betalingsmuren Xbox Live Gold. Appar som til dømes Netflix, Twitch og Machinima vil bli tilgjengelege for alle. Om du først og fremst brukar konsollen din til å sjå på film, og spele spel aleine, vil du ikkje lenger måtte sjå deg nøydd til å investere i eit abonnement for å få tilgang på innhaldet du er ute etter.

For å likevel gjere Xbox Live Gold til ei attraktiv teneste vil Microsoft vidareføre sitt Games With Gold-tilbod. Frå og med juni vil Xbox One-spelarar få laste ned to spel i månaden til odel og eige, på same vis som du allereie kan på Xbox 360. Xbox Live Gold skil seg på denne måten frå PlayStation Plus, sidan du med Sonys abbonement berre får bruke spela så lenge du har eit aktivt abbonement. Dei første Games With Gold-spela på Xbox One blir Max: The Curse of Brotherhood og Halo: Spartan Assault.

For å feire at Games With Gold snart er eit år gammalt, vil Xbox 360-eigarar kunne laste ned tre spel i juni. Desse blir publikumsfavoritten Dark Souls, Charlie Murder og Street Fighter IV: Arcade Edition.

I tillegg til dette vil Microsoft no byrje å gje månadlege rabattar på opp til 50-70% på utvalde Xbox One-spel frå og med juni.

Siste fra forsiden