Sniktitt

Bionic Commando

Livsfarleg akrobatikk

Om du elskar ei utfordring, bør du ta ein alvorleg kikk på Bionic Commando.

Ein ting er sikkert, og det er at med mindre det skjer store forandringar med korleis Bionic Commando fungerer, vil mange gi det opp før dei har kome i gong. Dette er ikkje eit enkelt spel. Eg snakkar ikkje no om overveldande motstand blant fiendar. Nei, eg snakkar om heile fundamentet for korleis spelet er sett saman. Du er ein barsk helt med ein mekanisk arm, og med denne armen kan du skyte ut ein «krok» som festar seg til alle solide objekt. På denne måten kan du svinge deg gjennom lufta som ein ekte akrobat.

Se video fra Bionic Commando

Vis større

Video: Bionic Commando #5

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • bionic commando


No er det vel slik med akrobatar (vil eg tru), at sjølv om det ser lett ut, er det alt anna enn ein tur i parken. Det ligg årevis med hard trening bak dei elegante hoppa i lufta, og trening kjem du til å trenge i Bionic Commando òg.

Dette har tydelegvis Grin skjønt, for du blir kasta inn i ein grunnleggjande opplæringsmodus som prøvar å lære deg alt du treng å vite. Problematisk nok går den alt for fort fram, og når du endeleg er ferdig, er du litt usikker på om du eigentleg hugsar kva du nett har lært.

Enkel teori, livsfarleg praksis

Men nok om det, tilbake til akrobatikken. Kontrollsystemet i Bionic Commando er ei saftig utfordring i seg sjølv. Du vil alltid sjå når du kan gripe tak i noko, sidan ein sirkel markerer det næraste objektet du kan feste kroken i. Den er grå når du er for langt unna, og blir lys blå når du er nær nok til å ta tak. Dette er ei smal sak. Å feste seg til ein avsats gjer du utan problem. Det er først no det blir vanskeleg.

Når du endeleg er i lufta, vil eit symbol på skjermen vise når du bør sleppe taket. Slepp du taket utan at du ser dette symbolet, fell du mot bakken, noko som sjeldan er ein god idé. Slepp du på riktig tidspunkt, vil du kaste deg framover, slik at du kan bruke nokre få sekund på å finne og gripe tak i neste avsats.

Du har lita tid på å gjere dette. Du må ha full oversikt over kvar du skal svinge deg, og neste avsats er ikkje alltid like lett å få auge på. Som sagt, det er ikkje enkelt. Du vil garantert bruke mykje tid på å få dette systemet til å sitje godt, og i løpet av denne tida, vil du nok bli frustrert over at det ikkje kunne vore gjort på ein lettare måte. I staden for å gli gjennom lufta som ei antilope med venger, brukar du lang tid på kvart hopp, og det heile blir litt tafatt.

Eg må ærleg talt innrømme at gjennom dei timane eg no har brukt på spelet, har eg enno ikkje fått det til å sitje i noko form som gjer meg nøgd. Det er litt vanskeleg å bli imponert, og det blodfattige våpenutvalet gjer ikkje ting betre. Ei enkel hagle er alt eg har fått kose meg med, sjølv om kos blir eit litt sterkt ord. Den drep fiendar, og får jobben gjort, og det er eigentleg det. Den er likevel ganske kraftig, og kombinert med at kroken kan brukast i kamp òg, er det absolutt eit potensiale her for artig krigføring.

Lang veg å gå

Det må seiast at koden eg har spelt skrik med store bokstavar at den er uferdig. Heilt frå introduksjonssekvensen som viser animasjon som knapt nok er påbegynt, og kroppsdelar som glir gjennom kvarandre på til tider forstyrrande måtar, gjer det vanskeleg å vere for streng. Det er tydeleg at det gjenstår mykje arbeid.

Spelet lovar likevel bra. Når du først får sjå dei enorme og øydelagde landskapa du får boltre deg i, er det lett å få bakoversveis. Skyskraparar står på skakke, jorda er ramponert av det som enten er enorme eksplosjonar eller dramatiske jordskjelv, og det er eit slåande skode. Øydelegginga er monumental, men det er likevel veldig vakkert. Du kan praktisk talt kjenne det innvendig, korleis lysta etter å kaste seg mellom desse bygningane veks for kvart blikk du tek på elendet.

Les også
Anmeldelse: Bionic Commando

I dei periodane eg har fått alt til å fungere, har eg samtidig lagt merke til noko anna. Byen ser ikkje berre enorm ut, den er enorm. Du svinger deg mellom den eine skyskraparen etter den andre. Du kastar deg i lufta gjennom enorme område, og det heile ser ikkje ut til å ha nokon ende. Du kan sjå så langt auga rekk, og du innser kjapt at du på kort tid har tilbakelagt område du i eit kva som helst anna spel ville brukt mange gongar så lang tid på. At kvart område er så kjapt unnagjort, men samtidig så visuelt slåande, er ganske imponerande jobba av den svenske utviklaren Grin.

Konklusjon

Det er alt for tidleg å verkeleg seie noko sikkert om Bionic Commando. Det er veldig uferdig, og det er noko ein merkar på mange måtar. Grafikken er for det meste veldig imponerande, sjølv om det er ein og anna skavank her og der. Det verkelege spørsmålet er om spelarar vil godta kva Grin har gjort med Bionic Commando. Dette er ikkje eit spel for dei som berre vil plukke opp eit spel å kose seg med. Det krev beinhard innsats. Det er eit blikk tilbake til gamle dagar då spel kunne vere så beinharde at du kunne bruke timar på eit enkelt brett.

Det blir ikkje ille i Bionic Commando, men det er definitivt utfordrande. Det krev mykje av spelaren, og dette er noko mange «hardcore»-spelarar vil elske. Det spørs likevel om folk flest har tolmodet til å setje seg inn i dette utfordrande spelet. Eg har uansett trua på at med litt innsats, og ekstra polering frå Grin si side, kan Bionic Commando bli eit veldig spanande spel å sjå fram til.

Bionic Commando utgis for PC, Xbox 360 og Playstation 3 i løpet av andre kvartal 2009. Sniktitten er basert på konsollutgavene.

Siste fra forsiden