Broken Sword 5 blir delt i to

Første episode kjem i desember.

Vi er no i ferd med å sjå resultata av den massive kronerullinga folkefinansieringssida Kickstarter har fått i gong dei siste par åra. Eitt av prosjekta som lukkast med å samle inn pengar og støtte frå publikum var Broken Sword: The Serpent's Curse frå Revolution Studios.

I dette spelet droppar utviklarane 3D-grafikken som har prega dei to førre spela i serien, og har gått tilbake til handteikna bakgrunnar. Figurane vil likevel vere i 3D, sjølv om dei blir presenterte i ein teikneserieaktig stil.

Blir to spel

Peik og klikk i god, gammal stil.
Peik og klikk i god, gammal stil.

No har Revolution via Kickstarter-sida til spelet avslørt at spelet blir delt i to delar. I følgje Cecil blir kvar del som eit fullverdig spel i storleik. Du må derimot kjøpe kvar episode separat. Om du vel å kjøpe begge episodane til spelet, vil du derimot få eit solid avslag i pris. Første episode kjem i sal 4. desember, medan den andre episoden blir tilgjengeleg i januar.

Om du er blant dei som har støtta utviklinga av spelet allereie er ikkje dette noko du må tenkje på. Alle som har betalt 15 dollar eller meir vil få begge episodane ved lansering. Korleis du får tilgang på spelet vil Revolution kome tilbake til nærare lansering.

I første omgang er det berre Windows, Linux og Mac-versjonane av spelet som blir lanserte. Vita-versjonenane vil kome ut seinare kvar lanseringsmånad. Versjonane til Android og iOS vil bli lanserte noko seinare, men Revolution kan i følgje Kickstarter-oppdateringa ikkje seie noko meir om når.

Les også: Utviklingen går glatt for nye Broken Sword
Les også: Kickstarter-suksess gir håp for Beneath a Steel Sky 2

Kommentarer (22)

Forsiden akkurat nå

Til toppen