Sniktitt

Ninja Gaiden 2

Sjefsninjaen er tilbake

Armane flyg, beina flyg, hovuda forsvinn og blodet sprutar i Ryu Hayabusas neste eventyr.

Endeleg! Å spele Ninja Gaiden 2 er som å ha ei lang og kontinuerleg orgasme i like mange timar. Etter lange år med den eine versjonen etter den andre av Ninja Gaiden, er ventetida heldigvis over. Ryu er tilbake for fullt, og fy pokker så tilbake han er.

Lett match for Ryu

Vis større

Video: Ninja Gaiden 2 #3

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • ninja gaiden


Med Ninja Gaiden Sigma til PlayStation 3 ferskt i minne er det umiddelbart enkelt å konstatere at Ninja Gaiden i alle spelets versjonar på sitt beste er mangelfullt. For å ta ei drastisk samanlikning: Ninja Gaiden er eit måleri frå Leonardo da Vinci i ein alder av seks år, Ninja Gaiden 2 er Madonna. Det er så umiddelbart tilfredstillande at ein blir matt. Ein mistar nesten ordforrådet ei stund etter å ha teke del i den blodige valdsorgien Team Ninja presenterer i den etterlengta oppfølgjaren til eit av tidenes mest kompromisslause spel.

Blodet skal så til dei grader flyte

Det første, det aller første ein verkeleg legg merke til med Ninja Gaiden 2 er blodet. Ninja Gaiden til Xbox er så godt som blotta for blodige økter med sverdet samanlikna med kva Ninja Gaiden 2 byr på. Ryu hoggar både armar og bein av fiendane, og kappar hovuda av dei som om det heile skulle ha vore ein makaber leik. Noko det eigentleg er òg, om ein tenkjer seg om. Alt går i eit sinnssjukt tempo. Medan du dansar over skjermen med sverdet først, ensar du knapt soldatane som tappert kjempar med ein arm, eller dei stakkarslege fjolsa som hinkar rundt på ein fot.

Det er først når kameraet brått glir inn på Ryu i det han høgg sverdet inn i hovudet på ein soldat, og røskar til så blodet sprutar, at du brått sperrar opp auga. Kampen er over, og på bakken ligg det som ein gong var ei utfordring. No ligg det ein kropp her, ein arm der, og litt lengre borte ligg eit par bein og fotflørtar. Blodig, tenkjer du og ventar på at kroppane skal forsvinne, noko du blir positivt overraska over at dei ikkje gjer.

Det makelause med Ninja Gaiden 2 er kor ufatteleg glatt alt flyt. Det er ikkje berre snakk om tempoet ting skjer i, eller om bildeoppdateringa stutrar (noko eg så langt har til gode å erfare). Det er korleis du kastar deg frå den eine fienden til den andre med dei minste problem. Forgjengaren er nærast keitete i samanlikning.

Dette betyr sjølvsagt ikkje at spelet er lett. For all del, er det nokon som veit å gi spelarane grisebank, så er det Team Ninja. Nei, utfordringa er der så definitivt. Men dine evner til å hamle opp med utfordringa er på eit heilt anna nivå enn før. Du blokkerar angrep, kastar deg til sida, høgg til med eit kjapt og lett angrep før du hoppar i lufta og sender kaldt stål gjennom ei taggete ryggrad. Det er brutalt og nådelaust, og det er fantastisk.

Nye grep om gamle sverd

Det er noko nytt i Ninja Gaiden 2 som er svært viktig. Det er meir tilgjengeleg. Du kan velje mellom to vanskegrader frå byrjinga, og sjølv om begge vil banke inn i deg kor talentlaus du er, er dette eit godt tiltak. Felles for begge vanskegradene er ei livslinje som er litt mindre kritisk enn før. Den fyller seg sjølv opp når du er utanfor fare, med unntak av ein raud del du må bruke gjenstandar for å reparere. I tillegg vil du få full helse kvar gong du når eit lagringspunkt.

Det kan nok vere lett å tenkje at dette gjer spelet for lett, men det er ikkje tilfelle. Designaren bak serien, Tomonobu Itakagi er ein sadistisk jævel, og der vi ser eit lettare spel, ser han enorme moglegheiter for å sparke rumpa di. Med meir helse er du betre rusta for å møte enda fleire, og enda verre fiendar. Skjønar du?

Ninja Gaiden 2 er ikkje eit spel der du kan ta ein fiende etter tur. Gjer du det vil du kjapt få eit sverd i ryggen, før du blir sparka medan du ligg nede. Spelet stiller krav til deg. Det er snilt nok til å gi deg mange feite angrep og teknikkar, så no får du pina deg sjå til å bruke dei fornuftig. Ingen sann ninja slår hemningslaust ein veg. Ein god ninja flyr gjennom lufta, spring langs veggar, tar ein salto, kappar av ein arm, og er overalt samtidig. Med litt trening er det akkurat dette du endar opp med å gjere. Kjensla du får av å gradvis forstå spelet betre og betre, er kjensla av meistring.

Les også
Anmeldelse: Ninja Gaiden 2

Verdas vakraste former

Som forventa frå Team Ninja blir ein kjapt introdusert for ein stor puppefaktor. No skal eg ikkje seie noko om historia, sidan det blir litt pubertalt, men det er lov å seie at puppefysikken til Team Ninja kjem til nytte tidleg. Bortsett frå akkurat den biten er det ikkje mykje ved grafikken som direkte imponerar, men det er definitivt pent. Det er reine og fine fargar, og det er mange detaljar å sjå. Spesielt har Team Ninja gjort ein svært så nøyaktig jobb med å detaljere såra der ein kroppsdel har blitt kappa av. Blodet som sprutar fram og tilbake er i tillegg svært overbevisande. Men igjen, det er tempoet som imponerar. Animasjonane er utan tvil dei beste serien har sett, og dette vekkjer Ryu og dei stakkars offera hans til live på ein svært effektfull måte.

På same måte er det ikkje mykje som imponerar over skodespelet. Det balanserar ustøtt mellom tam levering og overspeling, men det held seg alltid så vidt innanfor dei aksepterte grensene. Ein forventar kanskje ikkje meir. Vi har ein ninja som kjempar mot demonar store som fjell, og ser stygt på damer som berre så vidt ikkje viser for mykje. Forventar vi eigentleg truverdig levering av replikkar frå eit sånt spel?

Lydeffektane går det mykje betre med. Dei smertefulle skrika frå fiendane dine er nettopp det, smertefulle. Å registrere alle lydar som kolliderar medan du lagar hakkebiff av fiendane dine er eigentleg litt vanskeleg, men lyden gjer jobben sin. Spesielt er lydsporet svært stemningsfullt. Det vekslar mellom tradisjonell japansk musikk med trommer og fløyter, og rockemusikk som piffar opp både ein og anna kampsituasjon.

Konklusjon

Nokre timar av ein uferdig versjon er sjølvsagt ikkje nok til å danne seg eit fullstendig bilete av Ninja Gaiden 2. Det er likevel ingen tvil om at den einaste tanken som sit igjen i hovudet mitt akkurat no er «meir, meir, meir!». Spelet er så velpolert og sanselaust engasjerande at eg blir djupt sjokkert om vi ikkje har ein ny klassikar i vente. Det einaste som vitnar om at spelet ikkje er ferdig akkurat no, er litt manglande tekst, fråværet av våpenoppgraderingar, og litt anna betydingslaust krims krams.

Det er vel eigentleg berre å finne fram silkeduken og polere katanaen. Ryu er i juni tilbake for å gi deg grisebank, og du kjem til å elske det. Du kjem til å døy, du kjem til å bli audmjuka, og du kjem til å krype gråtande til mamma for å få trøst. Men du kjem bittert til å plukke opp sverdet igjen, for du elskar det.

Siste fra forsiden