Titanfall landar i mars

Gjer deg klar for spinnvill skyting i Call of Duty-veterananes komande storspel.

Eit av Microsofts største kupp i kampen om spelarane når den neste generasjonen med konsollar frå Microsoft og Sony er over oss, er utan tvil Titanfall. Dette spelet kjem frå Respawn Entertainment, eit utviklarstudio som blei stifta etter at Call of Duty-studioet Infinity Ward nesten smuldra opp i 2011.

Først fekk grunnleggjarane av Infinity Ward fyken av eigarane hos Activision, før fleire ansatte valde å slutte i protest, og dei alle slo seg saman for å danne Respawn.

Skyting med robotar

I Titanfall blir det kamp om maskineriet.
I Titanfall blir det kamp om maskineriet.

Under Microsofts pressekonferanse under E3-messa i juni viste Respawn for første gong fram kva dei har jobba med sidan den tid. Ikkje uventa blei det eit skytespel, men i Titanfall blir vi kasta inn i ei science fiction-verd der du kan hive deg inn i ein diger kamprobot for å hamle opp med motstandarane.

No har Respawn og utgjevaren EA sendt ut ei pressemelding der dei fortel at spelet vil dukke opp i butikkhyllene 13. mars neste år. Kva dette betyr for Noreg er uvisst, sidan Noreg er eitt av fleire europeiske land som har fått utsett lanseringa av Xbox One.

Spelet vil likevel dukke opp på både PC og Xbox 360, for dei som ikkje kan vente på om spelet eventuelt skulle bli lansert seinare enn 13. mars grunna den ukjende Xbox One-datoen..

Vi har sett nærare på spelet eit par gongar, og i vår ferskaste sniktitt hadde Jens Erik blant anna dette å seie:

«Av alle spilla eg har sett og testa på Gamescom er Titanfall det eg no gler meg mest til. West og Zampella viser at dei framleis har ei god forståing for kva som må til for å dytte skytespelsjangeren vidare, samtidig som dei opprettheld kjernekonsepta i sjangeren. For ein som meg som ikkje er verdas største skytespelfan lovar dette ekstra godt. Titanfall var enkelt å meistre, men likevel utfordrande nok til at det aldri blei for enkelt.»

Les også: Titanfall-skaper: Enspillerdel gir ikke mening
Les også: Microsoft tar sikte på å støtte Xbox One i over ti år

 

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen