Windows 10 får stor spelsatsing

Nytt operativsystemet lar deg streame Xbox One-spel, og spele på tvers av plattformer.

Microsoft Studios

Under ein direktesendt pressekonferanse i kveld har Microsoft avslørt kva vi har i vente når fullversjonen av Windows 10 blir lansert seinare i år. Over fleire år har spelfokuset på Windows-plattforma etter manges syn vore noko labert, men dette endrar seg i Microsofts komande operativsystem.

Med Windows 10 vil Microsoft integrere Xbox i Windows 10. Dette vil først merkast gjennom Xbox-appen som gjev deg full oversikt over alle spela på maskina di. Her vil du i tillegg få ei oversikt over alle venene dine, om dei så er på ein Windows 10-PC, mobil, eller Xbox One.

Vidare har Microsoft henta inspirasjon frå videofunksjonen på Xbox One, og vil la deg ta opp 30-sekundars video på same måte som på Xbox One, som du kan dele med vener enten via Xbox, eller på andre sosiale nettverk. Denne funksjonen er innebygd i Windows 10, og kan brukast i alle spel, som til dømes Steam-spel.

Strauming og speling på tvers av plattformer

Fable Legends vil lla Xbox One- og Windows 10-brukarar spele mot kvarandre.

Eit av dei verkeleg store høgdepunkta med Windows 10 for spelarar vil bli at du no vil kunne slå på Xbox One via PC-en, og straume spel direkte frå konsollen til andre Windows 10-maskiner, som til dømes eit nettbrett.

Windows 10 vil i tillegg la spelarar på Windows 10 og Xbox One spele saman. På pressekonferansen avslørte Microsoft at Fable Legends vil kome til Windows 10 i tillegg til Xbox One, og dette blir det første spelet som let folk spele saman på tvers av Xbox One og Windows 10. Fleire spel er i vente, men kva desse er sa ikkje Microsoft noko om.

Betre ytelse med Windows 10

I Windows 10 kan du straume spel frå Xbox One.

I tillegg til samansmeltinga av Windows 10 og Xbox One avslørte Microsoft detaljar om nye DirectX 12. Denne verjsonen av DirectX lovar Microsoft vil by på eit massivt løft i kva ein kan få til med maskinvara ein allereie har. Ein video laga av Futuremark blei demonstrert, der den same scena blei køyrt på identisk maskinvare. Den einaste forskjellen var at den eine videoen var laga med DirectX 11, og den andre med DirectX 12.

Der DirectX 11-versjonen raskt sleit med bileteoppdateringa, var ingen slike problem synlege i DirectX 12-versjonen. Microsoft lovar at ytelsen på spel kan bli forbetra med så mykje som 50% berre ved å oppgradere til Windows 10.

Dette vil samtidig få direkte konsekvensar for speling på batteridrivne plattformer der batterikonsumet skal ha blitt halvert i forhold til dagens nivå.

Siste fra forsiden