Actionspelet Yaiba kjem til Steam

Ninja Gaiden-serien gjer sitt første inntog på PC.

Fram til no har Ninja Gaiden-serien til Tecmo Koei klart seg veldig fint utan å leggje eit stort fokus på zombier og andre vanskapningar. Dette vil få seg ei solid endring med det komande actionspelet Yaiba: Ninja Gaiden Z.

I Yaiba får vi ikkje ta på oss rolla som Ruy slik vanleg er for Ninja Gaiden-serien. For første gong får vi ein ny hovudperson i form av den aggressive villbassen Yaiba. Dette er derimot ikkje det einaste som er nytt med actionspelet. Yaiba: Nija Gaiden Z blir i tilleg det første Ninja Gaiden-spelet som får lansering på Windows via Steam. Dette skriv Tecmo Koei i ei pressemelding i dag.

Ikkje akkurat Ninja Gaiden slik du kjenner serien.

Produsert av stjernelag

Ideen til Yaiba har blitt kokt i hop av Team Ninja-sjef Yosuke Hayashi og Capcom-veteran Keiji Inafune. For dei som ikkje kjenner til Inafune er han mannen bak legendariske Mega Man, samt skaparen av den populære Dead Rising-serien. Nyleg hadde han stor suksess med ein Kickstarter-kampanje for det Mega Man-inspirerte spelet Mighty No. 9.

I Yaiba møter vi ninjaen Yaiba som etter eit ublidt møte med døden kjem tilbake med mekaniske kroppsdelar. Dette kjem til full nytte i eit karikert og blodig spel fullt av lovande action. Vi tok ein kikk på spelet under E3-messa i vår og var absolutt klare for meir.

«Om det er litt hektisk og lettare hysterisk action du er på jakt etter ser Yaiba: Ninja Gaiden Z ut til å bli eit solid alternativ. Dette er eit absurd spel der alt handlar om å vere ein villmann som høgg seg gjennom ei saftig mengde vandrande lik. Kampsystemet er enkelt og lettfatteleg, men byr likevel på solid underhaldning. Til stor grad kjem dette gjennom dei herlege animasjonane som får personlegheita til Yaiba fram på ein glimrande måte.»

Yaiba: Ninja Gaiden Z kjem i sal for Xbox 360, PlayStation 3 og Windows tidleg 2014.

Les også: Mighty No. 9 kjem til konsoll
Les også: Valve har kunngjort SteamOS

Siste fra forsiden