Mighty no. 9 kjem til konsoll

Kickstarter-suksessen til Mega Man-skaparen held fram.

For eit par veker sidan lanserte Mega Man-skaparen Keiji Inafune ein Kickstarter-kampanje for sitt neste spel. Spelet har fått namnet Mighty no. 9, og hentar mykje inspirasjon frå Inafune sin mest kjende spelfigur.

I utgangspunktet var det ingen garanti for at spelet ville kome til noko anna enn PC. Det originale målet på 900 000 dollar for å finansiere spelet blei nådd kjapt, men for å lage ein versjon for konsollar ville utviklarane hos Comcept ha 2,2 millionar dollar. Det målet har dei no nådd, og som eit resultat vil spelet dukke opp på Xbox 360, PlayStation 3 og Wii U.

Får dei inn ein god million til vil dei lage spelet for Xbox One og PlayStation 4, men før det strekkmålet er nådd vil nye modusar som inneheld både høgre utfordringar, nye sjefskampar og samarbeid bli prioritert.

Møt Beck, vår nye plattformhelt.
Møt Beck, vår nye plattformhelt.

Sideskrollande action

Som med Mega Man vil Mighty no. 9 bli eit sideskrollande actionspel. I rolla som roboten Beck må du springe, hoppe, skyte og omforme deg til alskens rare gjenstandar på veg gjennom nivåa. Beck kan til dømes bli om til ein massiv hammar eller magnet for å kunne hanske diverse utfordringar. Desse eigenskapane plukkar han med seg etter kvart som han tek knekken på sjefsfiendane i spelet.

Keiji Inafune er ikkje den einaste Capcom-veteranen som jobbar med Mighty no. 9. Med seg på laget har han designerar som har jobba med alt frå nivå til figurar på dei klassiske Mega Man-spela. I tillegg har Inafune huka tak i Manami Matsuame som stod for både musikk og lydeffektar i det originale Mega Man.

Mighty no. 9 vil førebels kome i sal for PC, Xbox 360, PlayStation 3 og Wii U i april 2015.

Les også: Sniktitt: Yaiba: Ninja Gaiden Z
Les også: Podkast: Historien bak populære Mega Man

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen