Amazon kjøper Killer Instinct-studioet

Microsoft vil finne nye utviklarar for å ta slåssespelet vidare.

Microsoft Games Studios

Amazon er best kjent for å vere ein massiv nettbutikk, samt produsenten av Kindle. Det kan derimot vere i ferd med å endre seg. Rykta har svirra i lengre tid om at selskapet utviklar sin eigen Android-baserte konsoll som skal konkurrere direkte med Microsoft, Sony og Nintendos maskinvare.

No har vi fått dei aller første konkrete teikna på at noko er i gjære hos Amazon. I går kveld blei det kjent via TechCrunch at Amazon har kjøpt Double Helix. Dette er studioet bak spel som Silent Hill: Homecoming, Front Mission Evolved, Killer Instinct, samt det komande actionspelet Strider.

Amazon har stadfesta oppkjøpet av selskapet blei starta i 2007 som ei samanslåing av The Collective og Shiny Entertainment. Kva dei skal jobbe med veit vi ikkje noko om.

Kva skjer med Killer Instinct?

Kven vil ta stafettpinnen vidare?

Den ferskaste produksjonen til Double Helix er Killer Instinct, som blei lansert saman med Xbox One i fjor haust. Killer Instinct er gratis å laste ned, og gjev deg tilgang på ein krigar. Kva krigar som til ei kvar tid er tilgjengeleg varierer, men du kan kjøpe fleire krigarar for å utvide opplevinga. Double Helix har kontinuerleg bydd på nytt innhald etter lanseringa, og fleire nye krigarar er planlagde for framtida.

Kva som vil skje vidare med dette spelet er noko usikkert, men Eurogamer fortel at Microsoft snart vil fortelje kven som vil ta over den vidare produksjonen av spelet. Til Eurogamer har Microsoft sagt følgjande:

«Vi vil at alle våre lojale fans skal vite at Killer Instinct-temaet hos Microsoft ikkje har endra seg, og at serien vil forbli hos Microsoft Studios. Vi er fast bestemte på å levere ei flott oppleving, og vil kunngjere vår nye utviklingspartnar snart.»

Nyleg fortalde Double Helix om korleis dei ville kjempe mot usportsleg oppførsel i Killer Instinct. Løysinga deira er å setje sinte spelarar i fengsel.

Siste fra forsiden