Capcoms ninjahelt er tilbake

13 år sidan førre gong blir det meir plattformaction med Strider.

Blant Capcom-fans finnest det eit par seriar som er årsak til sorg og angst. Til dømes har Capcom knust mangt eit hjarte kvar gong dei har kansellert eit Mega Man-spel. Ein annan serie som kanskje ikkje har knust like mange hjarte – men i staden kanskje har drepe alt håp om ei lys framtid – er Strider.

Det første spelet i denne serien dukka opp på japanske arkade-maskiner i 1989. Det var eit sideskrollande og actionfylt plattformspel der du i rolla som ninjaen Hiryu skulle banke opp skurkar i eit høgt tempo. Førre gong vi fekk moro oss med ninjaen var i 1999, sidan den tid har fansen masa og lengta fånyttes

Striders hangglider er sjølvsagt med.
Striders hangglider er sjølvsagt med.

Ein ninja vender tilbake

Under San Diego Comic-Con som går av stabelen akkurat no, har Capcom omsider kunngjort eit nytt spel i serien som enkelt og greitt har fått namnet Strider. I ei pressemelding vi har fått fortel dei at spelet blir eit tradisjonelt Strider-spel med fokus på fart og action. Hiryu vil kunne springe, hoppe, skli og slå seg gjennom kvart område, og kan til og med slå tilbake skot som kjem hans veg.

Capcom skryt av korleis du kan kome deg gjennom dei ulike områda på svært akrobatisk vis, og at spelet vil by på ei massiv og opa verd med mange vegar mot målet.

Som med mange andre gjenopplivingar av gamle spel frå Capcom, er det ikkje Capcoms japanske kontor som står bak grovarbeidet på spelet. I staden har Double Helix fått den jobben. Double Helix er best kjend for dei ikkje heilt overbevisande spela Silent Hill: Homecoming og Front Mission Evolved, samt det nyleg kunngjorde Killer Instinct til Xbox One.

Dei originale Strider-skaparane har likevel hovudansvaret for å designe spelet.

Strider kjem i sal for Xbox One, Xbox 360, PlayStatyion 4, PlayStation 3 og Windows neste år. Ein lengre trailer som viser kva spelet har å by på kan du sjå nedanfor.

Les også: Sniktitt: Yaiba: Ninja Gaiden Z
Les også: Naruto slår frå seg på PC

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen